Hopp til innhold

Skular og barnehagar stengt på grunn av straumbrot

Fleire skular og barnehagar er stengt på grunn av straumbrot. Skien kommune har oppretta kriseleiing grunna store mengder med snø og vatn.

Snøkaos i Skien tysdag morgon

Det var mykje snø i vegen på Landmannstorget i Skien tysdag morgon. På Gulsetringen har tre knekt over vegen ved Einaren.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

NVE melder at snøvêret det siste døgnet har ført til at nesten 20.000 kundar i Søraust-Norge har mista straumen. I enkelte område har det komme opptil ein meter våt snø som gjør rettearbeidet vanskeleg. Feilrettinga kan derfor ta tid, skriv NVE.

Mellom to og tre tusen husstandar var utan straum i Telemark. 1800 husstandar var straumlause i Skagerak Energi sitt forsyningsområde i Telemark.

Dei fleste av desse ligg i Skien, der var 1483 husstandar utan straum tysdag morgon.

Les meir på Skagerak Nett sine nettsider.

Tre som har falt over straumledningar

Det er fleire tre som har falt over straumleidningar og ført til straumbrot.

Foto: Skagerak

Skien har oppretta krisestab

På grunn av snøproblem og straumutfall set Skien kommune ned ei kriseleiing. Den har som formål å koordinere innsatsen rundt problema med vêret det siste døgnet. Alt disponibelt mannskap er ute for å ta hand om snømengdene.

Kommunen vil halde innbyggarane orientert gjennom nettsidene og Skien kommune sine sider på Facebook.

Ordførar Hedda Foss Five seier at om lag 200 mannskap har vore i aksjon, og at kommunen meiner dei har kontroll på situasjonen.

Det blir nå arbeid med å opne kummar og for å få vekk vatn frå vegane.

– Det kan kome nokre nye utfordringar når det nå blir kaldt. Så våre folk får ikkje fri, dei må ut for å strø og salte vegane, seier Foss Five.

Les også: Kaos i togtrafikken

Snøkaos i Skien. Opnar kummar

Mannskap frå Skien kommune forsøker nå å opne kummar for å få vatnet vekk frå vegen før det blir kaldt.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Skular og barnehagar stengt

På grunn av straumbrot er Venstøp barneskole, Tufte barnehage og Fossum barnehage stengt i dag

Siljan skole og Midtbygda skole i Siljan er også stengt i dag på grunn av straumbrotet på Holtesletta tysdag morgon.

– Elevar som er på skolen blir tatt hand om. Vi ber foreldre om å hente dei så raskt som mogleg sidan skolen er utan straum, skriv skolen.

Rektor Anton Lofstad seier at skulen manglar ljos og varme, og at skulen kan ikkje ha undervisning fordi alt er mørkt. Han har aldri tidlegare opplevd liknande.

– Foreldre som har henta ungane på skulen er veldig samarbeidsviljuge. Dei har samkøyrt og vore veldig effektive, seier Lofstad.

Les også: Over en meter snø flere steder

Midtbygda skole i Siljan

Midtbygda skole i Siljan blei stengt tysdag og elevane er sendt heim på grunn av straumbrot.

Foto: Anton Lofstad

Straumbrot stenger skular i Vest-Agder

I Vest-Agder er det minst 770 elevar som ikkje får undervisning i dag på grunn av straumbrot.

Det er minst fire skular som måtte stenge tysdag morgon. Det opplyser Engesland oppvekstsenter på sine heimesider. Ifølgje Fædrelandsvennen er heile Engesland i Birkenes utan straum, også Engesland barnehage må halde stengt.

Øvrebø vidaregåande skole må også halde stengt på grunn av straumbrot, det same gjer Vegårshei skole. Dei har 100 og 300 elevar.

I Vestfold må Hof skole halde stengt i dag på grunn av straumbrot i føremiddag. Men også bussane har problem på vegane i dag.

Måker snø på Venstøp i Skien

Det kom store mengder tung snø i Skien i natt. Her måker Mikael Kloc snø på Venstøp i Skien.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Fleire stengde vegar

Riksveg 36 mellom Moflata og Geiteryggen er open for fri ferdsel og rydda for snø etter at eit vogntog køyrde seg fast.

Mamma Siri og Hedda (2) var på veg til barnehagen då riksvegen blei stengd. Dei brukar normalt 15 minuttar på turen.

– Vi drog frå heimen vår for to og ein halv time sidan. Me er enno ikkje framme, seier Siri til NRK.

Ho fortel at 2-åringen held motet oppe, sjølv om bilturen til barnehagen blei ekstra lang i dag.

Siri og Hedda

Siri og Hedda måtte vente lenge før dei kom vidare då riksveg 36 var stengt ved Geiteryggen i Skien.

Foto: Privat

E18 før Telemarksporten er nå open igjen, men det vil ta tid før dei lange køane vil løyse seg opp, melder Statens vegvesen. E18 har vært stengt i begge retningar, fordi eit vogntog sperra vegen.

På E134 mellom Vinjesvingen og Haukeligrend står ein brøytebil som har mista eit hjul. Brøytebilen står farleg til i ein sving ved Mogane i Vinje.

Fylkesveg 37 er stengt ved Gransheradvegen i Notodden i kommune på grunn av ras.

Kø på E18 før Telemarksporten

Det blei lange køar på E18 før Telemarksporten etter at eit vogntog sperra vegen.

Foto: Inger-Lise Hansen / NRK

Fleire straumbrot i Telemark

I Drangedal er fleire husstandar i Kroken og på Henseid straumlause. Det har vore fleire andre straumbrot i Drangedal, men i fylgje nettsidene til e-verket er desse retta.

I Vest-Telemark er det framleis straumlaust på Spjotsodd mellom Kviteseid og Vrådal.

Les også: 13.000 uten strøm på Sørlandet

Tone Helene Angsund tok skiene fatt i Oslo sentrum tirsdag 16. januar, 2018
Foto: PRIVAT