Hopp til innhold

– I Telemark bør prisane galoppere litt

Eigedomsmeklar meiner det er for stor forskjell på bustadprisar i Oslo og Telemark. Men banksjef seier ungdom får det tøffare med nye krav frå regjeringa.

Huset til salgs

I Oslo er gjennomsnittsprisen 54.000 kroner per kvadratmeter. I Telemark var prisveksten på 3,3 prosent, og kvadratmeterprisen er på 18.300 kroner i gjennomsnitt.

Foto: Tariq Alisubh/NRK

Regjeringa la i dag fram ulike tiltak dei meiner skal hjelpe til med å hindre den veldige prisveksten i bustadmarknaden. Lovfeste kravet om 15 prosent eigenkapital ved kjøp av bustad, og å innføre gjeldsregister er nokon av tiltaka regjeringa har lansert.

Dagleg leiar ved DNB Eiendom i Porsgrunn, Olav Humlegård, synest det regjeringa kjem med er for det meste bra tiltak.

Olav Humlegård

Dagleg leiar ved DNB Eiendom i Porsgrunn, Olav Humlegård.

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Eg merka meg at dei ønskjer så god informasjon til kjøparane som mogleg. Og meir bruk av tilstandsrapportar. Det har vi i Telemark brukt i mange år, seier Humlegård.

Han meiner også det er bra at regjeringa ønskjer at kommunane skal få til ei raskare sakshandsaming i byggesaker for nybygg.

Forskjell på nytt og brukt

– Men vil hus og husvære bli billegare nå?

– Vi håpar jo å finne den beste prisen på vegner av våre klientar. Men eg trur ikkje det blir billegare i Telemark. For her er det verkeleg rimeleg. seier Humlegård.

Han meiner det er Oslo som driv bustadprisane i vêret. Her har det vore ein prisauke på 11 prosent i dei siste tolv månadene. Gjennomsnittsprisen er 54.000 kroner per kvadratmeter.

I Telemark var prisveksten på 3,3 prosent, og kvadratmeterprisen er på 18.300 kroner i gjennomsnitt.

Så i Telemark bør prisane galoppere litt i staden. Og det er stor skilnad på nye og brukte bustader, seier Humlegård.

Nye krav til bankane

Bankdirektør Per Halvorsen i Sparebank1 Telemark

Banksjef Per Halvorsen i Sparebank 1 Telemark.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Banksjef i Sparebank 1 Telemark, Per Halvorsen, seier at styresmaktene skjerpar krava til dei som skal få lån til ny bustad.

– Særleg det med 15 prosent eigenkapital kan vere tøft for mange.

I tillegg viser Halvorsen til fleire strengare krav som styresmaktene pålegg bankane når dei skal låne ut pengar. Særleg meiner han svake grupper kan få større utfordringar med å få lån, og det er gjerne dei som har dårleg råd frå før. Og som ikkje har foreldre eller andre som kan hjelpe.

– Særleg unge som skal inn på bustadmarknaden utan eigenkapital. Tidlegare kunne vi vere litt lempelege. Men nå seier styresmaktene at det blir eit krav.

Han trur likevel at desse nye tiltaka frå regjeringa kan verke positivt for samfunnet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark