NRK Meny
Normal

Ny metode reduserer skadane ved hjerneslag

SKIEN (NRK): Behandling av hjerneslag med ultralyd og bobler kan fjerne blodproppen raskare og pasienten kan bli fortare frisk.

Overlege Håkon Tobro, Sjukehuset Telemark.

ULTRALYD: Overlege Håkon Tobro ved Sjukehuset Telemark viser korleis det blir bruka ultralyd for å fjerne blodpropp i hjernen.

Foto: Jørn Ertsås

Marit Bjerkelund er ein av pasientane som er med i forskingsprosjektet som blir leia av Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Ho er inne til kontroll seks månader etter at ho merka hjerneslaget heime på Ulefoss.

– Eg merka at eg blei så søvnig, men skjønte ikkje heilt kva det var.

Men etter kvart kjente ho symptoma på at det kunne vere eit hjerneslag. Ho ringde 113 sentralen, og blei køyrt i ambulanse til Sjukehuset Telemark.

Brukar ultralyd og bobler

Overlege Håkon Tobro viser korleis Marit Bjerkelund blei behandla med ultralyd for blodproppen i hjernen.

Blei behandla med ultralyd

CT-bilete blei tatt etter tre minuttar og det blei konstatert blodpropp i hjernen. Dei første medisinane mot blodproppen blei gitt etter 17 minuttar.

Sonolyse viser blodstraum i hjernen

Ultralydbilete viser at blodet no strøymer fritt til hjernen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Marit Bjerkelund blei også med i gruppa som blir behandla med såkalla sonotrombolyse etter 45 minuttar.

– Vi kan sjå det med ultralyd at blodstraumen kjem tilbake, og nokon gonger ser vi at funksjonar i kroppen kjem tilbake og blir normale, seier overlege Håkon Tobro.

Han fortel at fleire små tidlegare studiar tyder på at tre gonger så mange får oppløyst blodproppen i hjernen med sonotrombolyse og at dobbelt så mange klarer seg sjølv tre månader etter slaget.

Hjerneslag er ofte blodpropp

Professor Lars Thomassen er leiar for Nevrovaskulær Forskningsgruppe ved Nevrologisk avdeling, Haukeland Universitetssykehus.

– Hjerneslag er som oftast ein blodpropp i ei blodåre i hjernen og den må bort.

I dag så finst det ein metode med kjemisk fjerning av blodproppar, såkalla trombolyse.

Lars Thomassen

Professor Lars Thomassen meiner ultralyd kan vere effektiv til å fjerne blodpropp i hjernen.

Foto: Haukeland Universitetssykehus

– Det kan vere effektiv, men er ikkje alltid effektiv nok. Dei store sjukehusa kan fiske ut store blodproppar. Men det finst ein del andre pasientar som også skal ha behandling.

Forskingsprosjektet går ut på å bruke ultralyd i behandlinga saman med ei intravenøs væske som boblar når den blir treft av ultralyden.

– Ultralyd blir sendt gjennom skallen og hamrar laus på blodproppen og hjelper til med å løyse den opp saman med den kjemiske væska. Klarar vi å løyse opp proppen, så strøymer blodet fritt og hjernen kan overleve.

Tida er viktig ved hjerneslag

For å gi forskinga større tyngde er sjukehus i Sverige, Tsjekkia og etter kvart også Tyskland, innlemma i studien. Går alt etter planen skal studien gi sikker kunnskap om den nye metoden.

Marit Bjerkelund, Ulefoss

Marit Bjerkelund meiner ho kan fungere normalt etter hjerneslaget.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Metoden kan gje ei stor gruppe slagpasientar ei behandling som dei ikkje får i dag.

Thomassen meiner ultralyd kan vere eit behandlingstilbod for dei som bur for langt unna eit Universitetssjukehus til at dei kan få noko effektiv fisking av blodproppen.

Marit Bjerkelund fortel at ho i dag kan fungere normalt igjen etter hjerneslaget.

– Eg gjer normale ting. Eg spør dei rundt meg om dei har merka forskjell. Men dei seier eg er akkurat som før.

Dette må du sjå etter

Overlege Håkon Tobro viser kva som kan vere teikn på at nokon kan ha fått eit hjerneslag.

  • Laster Twitter-innhold
  • 56 unge nominerte til stipend

    56 ungdommar frå Telemark er nominerte til Drømmestipendet, som deler ut 100 stipend på 15.000 kroner til unge kulturutøvarar. I heile landet er 458 ungdommar nominerte til stipend. I siste halvdel av mars skal juryen vurdere kandidatane.

  • Vil utbetre Tinnosbanen

    Bane Nor vil utbetre Tinnosbanen til normaltrafikk innan 2024, skriv Telen. Bane Nor eig og driftar strekninga, men det er Jernbanedirektoratet som bevilgar pengane.

  • Urolege for skuterkøyring

    Politiet er urolege for fyllekøyring på snøskuter. Erfaringane deira er at alvorlege ulykker på snøskuter og alkohol ofte går hand i hand. I tillegg fryktar politiet at folk ikkje melder ifrå ved ulykker, fordi dei er redd for å bli straffa.