Han var ein sterk og frisk mann midt i 40-åra då han for to år sidan byrja å føle seg dårleg.
– Det small oppe i hovudet mitt og eg kjente at det var eitt eller anna som skjedde i det høgre øyret mitt.
Alvorleg utmatting
Slik såg Nils Espen ut då han prøvde å smile etter at han hadde fått hjerneslag.
Foto: PrivatFengselsbetjenten Nils Espen og kona Birgit Thunem Knutsen sit heime i sofaen i Ålesund og blar tilbake til den dagen då livet blei sett på vent og alt vart usikkert. Birgit såg med éin gong at ektemannen var skeiv i ansiktet.
– Han fortalde meg at når han prata, så var det som å gå i ei myr, minnast Birgit.
Nils Espen hadde fått hjerneslag og blitt lam på høgresida. Han klarte ikkje å høyre med det eine øyret, balansen var dårleg og talen snøvlete. Det som har ramma han hardast er likevel at han slit med alvorleg utmatting og kort lunte.
– Naboane har høyrt enkelte gongar når... Ja, det kan bli litt høglytt, då, smiler Nils Espen.
Sjå Nils Espen Lilleheim i Lørdagsrevyen
12 000 ramma kvart år
12 000 menneske blir kvart år ramma av hjerneslag her i landet. 1 av 5 av desse er i yrkesaktiv alder. 5500 er uføre på grunn av hjerneslaget, viser tal frå Helsedirektoratet og Nav.
Nils Espen går i dag i 30 prosent stilling i Ålesund fengsel, men han vil ikkje stoppe der. Trening og atter trening måtte til for å unngå å hamne i køen av uføre .
– Når du er inne i eit slik sjukdomsforløp, så må du plutseleg byrje å tenkje som ein toppidrettsutøvar. Trene, ete, kvile er dei tre tinga som gjeld.
Nils Espen Lilleheim har fått mykje støtte frå kona Birgit Thunem Knutsen. Saman har dei etablert eit nettverk for unge som har hatt hjerneslag og reiser dei rundt for å halde foredrag.
Foto: Tore Linvollen / NRKNils Espen har også vore avhengig av kona Birgit, og ikkje minst at ho har hatt ein raus arbeidsgjevar som sa at ho kunne kome og gå som ho ville.
– Vi er ei bedrift som er avhengige av kompetanse og at folk stiller opp, og det skulle berre mangle at bedrifta stiller opp når våre tilsette treng det, seier administrerande direktør i tidlegare Farstad Shipping, Karl-Johan Bakken.
– Må tore å mislykkast
Birgit sin arbeidsgjevar, Karl-Johan Bakken, synest det var viktig å gi henne ei handsutrekking.
Foto: Tore Linvollen / NRKMange møter ikkje den same innstillinga. Talet på nye uføre som ein følgje av hjerneslag har vore på rundt 600 kvart år, medan behandlinga av desse pasientane har blitt mykje betre. Det burde bety færre uføretrygda, meiner LHL Hjerneslag.
– Vi har ei stor utfordring. Den må alle som har ansvar ta på alvor, seier generalsekretær Tommy Skar.
Nils Espen Lilleheim sitt råd er å tore å prøve å ta tilbake det livet du ein gong hadde.
– For å finne ut kva som fungerer, så må det prøvast, og du må tore å mislykkast også.
Les også: