Hopp til innhold

Kan bryte lokalradioens sendinger

I januar startar sløkkinga av FM-nettet og NRK-kanalane vert berre tilgjengeleg på DAB. Beredskapssjef trur det kan by på utfordringar når befolkninga skal varslast om kriser og ulykker.

DAB-radio

VARSLAR BEFOLKNINGA: Radioen vil framleis vere ein viktig del av beredskapen når den no vert heildigital.

Ein lastebil har krasja inn i eit røyr som er fullt av ammoniakk. Røyret har slått sprekkar, og giftig gass sig no inn mot Porsgrunn sentrum i Telemark.

Dette scenarioet var utgangspunktet for ei gigantisk beredskapsøving på Herøya i Porsgrunn i går. Ein stor del av øvinga var å teste at varslingssystemet fungerer som det skal.

- Signalet viktig melding - lytt på radio vart så spelt over anlegget til sivilforsvaret. Denne gongen dreiar det seg berre om ei øving, sa nyheitsopplesar i NRK, Sondre Tallaksrud, da alle i Grenland kunne høyre alarmen ule fleire stader i området tysdag formiddag.

Sivilforsvaret seier til NRK at øvinga på Herøya var vellukka, og at varslinga gjennom radioen fungerte godt.

Les også:

Kan måtte ty til lokalradio

2017 er året der NRK og dei andre store radiokanalane skiftar ut det analoge FM-nettet med den digitale løysinga DAB. Beredskapssjef i Telemark, Jan Ruud, håpar ting er på plass når FM-kontakten vert kutta.

- Det er jo ein teknisk bit som må på plass. På DAB er det jo veldig mange fleire forskjellige radiokanalar, og me må finne ut korleis me skal bryte inn i alle dei forskjellige kanalane for å gje viktige beskjedar, seier Ruud.

I overgangsperioden frå FM til DAB trur også Ruud at lokalradioane kan bli viktige.

- Lokalradioane kjem jo til å framleis bruke FM-nettet ein periode framover, og NRK har ei avtale som seier at dei kan bryte inn i lokale radiosendingar skulle det verte nødvendig. Så på den måten vil me kunne komme oss inn på FM-nettet, seier Ruud.

Direktoratet for samfunnstryggleik melder på sine nettsider at dei no byggjer ut varslingssystemet med eit nytt naudnett. I tillegg jobbar dei med å få på plass eit mobilbasert varslingssystem som skal sende varselmeldingar rett ut til mobiltelefonen din.

Sju av ti har DAB

Avdelingsdirektør for medieutspilling og beredskap i NRK, Øyvind Vassåsen, trur ikkje at overgangen til DAB vil svekkje beredskapen. Han peiker på at sju av ti radiolyttarar i Noreg i dag, allereie har tilgang til DAB-sendar.

- Det vil kanskje vere ein kort periode der nokre få radiolyttarar ikkje har tilgang til DAB, men det vil nok jamne seg ut etter kort tid, seier Vassåsen.