Hopp til innhold

Jon (75) er for gamal til å få TT-kort

RAULAND (NRK): 75 år gamle Jon Hommo vart sjuk åtte år «for seint». Kommunen vil nemleg berre gje TT-kort til personar under 67 år.

Jon Hommo

BLIR MEST HEIME: Det blir dyrt for Gudrund og Jon Hommo å betale alle drosjeturar sjølve. Nå tek dei kaffien heime i staden for å reise på kafé og møte andre.

– Eg vart både skuffa og overraska da eg fekk avslag på søknaden, seier Jon Hommo.

Han og kona Gudrund klarar seg fint sjølve. Men næraste butikk er fem kilometer unna og apoteket er enda lenger vekk. Sidan Jon ikkje har fått fornya førarkortet, er dei avhengige av drosje for å koma seg ut. Men da Jon søkte om å få TT-kort, sa kommunen nei.

– Eg er redd vi må flytte nærare sentrum. Men vi har jo ikkje lyst til det, seier Gudrund Hommo.

Ekteparet likar å reise på kaféturar og å vera sosiale, men minstepensjonen strekk ikkje alltid til.

– Vi likar å kose oss, men det blir vanskeleg nå. Når det kostar 400 kroner med drosje for å reise til kafeen, så blir det ein dyr kaffikopp. Ofte blir vi berre heime i staden for, seier Jon Hommo.

Jon og Gudrund Hommo

VIL IKKJE FLYTTE: Jon og Gudrund Hommo vil bu heime på garden sin så lenge som mogleg. Men det er vanskeleg så lenge dei ikkje får hjelp til å koma seg til butikk og apotek.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Aldersdiskriminering

Kristin Ruud i Pensjonistforbundet seier det er stor skilnad på TT-ordninga ulike stader i landet.

Kristin Ruud

FYLKA BESTEMMER SJØLVE: – Sjølv om fylka sjølve kan setja grensa på 67 år for å få TT-kort, så betyr ikkje det at det er ei riktig grense, seier Kristin Ruud i Pensjonistforbundet.

Foto: Curt Hjerstedt

– Ordninga varierer frå fylke til fylke. Det er ikkje nasjonale retningsliner, dermed blir det opp til kvart fylke å bestemme villkåra for kven som har rett på tilbodet.

I Oslo får innbyggjarar over 67 år 70 turar årleg dersom dei ikkje kan nytte det vanlege kollektivtilbodet. I Telemark får den same gruppa null turar.

– Vi meiner det er aldersdiskriminerande, og vi ser ikkje bort ifrå at dette er brot på diskrimineringslova, seier Ruud.

Ikkje kommunale reglar

Jon Rikard Kleven, ordfører Vinje

VIL JOBBE FOR BETRE KOLLEKTIVTILBOD: – Kollektivtilbodet i øvre del av Telemark er ikkje all verda, og det gjer at det er vanskelegare å koma seg rundt for dei som ikkje har bil, seier ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, seier kommunen ikkje kan vera illojal mot reglane som kjem frå fylkeskommunen.

– Eg oppfattar at regelen frå fylkeskommunen gjeld dei som er innanfor yrkesaktiv alder. Men eg kjenner ikkje til grunngjevinga for regelverket.

– Ein har vel behov for å reise og vera aktiv også etter ein er ferdig med yrkeslivet?

– Heilt klart. Eg går ut ifrå at det er eit kostnadsspørsmål når ein ikkje har TT-ordninga for pensjonistar.

Har andre ordningar

Sven Tore Løkslid. AP

DET FINST ANDRE ORDNINGAR: – Eg forstår godt at det kjennest urettferdig når du får avslag på TT-ordninga. Men da må ein vera klar over at det finst andre løysingar og andre ordningar, seier fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid seier at når du blir 67 år så kjem du inn under andre ordningar enn TT-ordninga.

– Pensjonistar kjem inn under ei ordning med honnørbillett på kollektivtrafikk. I tillegg har vi ei ordning som heiter flexiruter.

Flexiruter er ein del av kollektivtilbodet, der du kan bestille transport til og frå heimen på faste dagar. Problemet er at mange ikkje kjenner denne ordninga, og Løkslid seier at dei jobbar for å synleggjere dette tilbodet.

Men ekteparet Hommo har ikkje fått noko informasjon om andre ordningar korkje frå dei som handsama saka i kommunen eller frå helsepersonell.

– Eg synest det er heilt hol i hovudet, seier Gudrund.

TT-kort frå Telemark fylkeskommune

KORT VEG TIL LYKKE: Eit slik TT-kort ville gjort kvardagen lettare for ekteparet Hommo.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK