Hopp til innhold

Vil stenge populær turløype på Hardangervidda

DNT-medlemmer vil stenge ei populær turløype på Hardangervidda for å gje villreinen betre plass om sommaren.

Jan Øvregård og Harald Kvaalen - turløype Hellevassbu

DNT-medlemmene Jan Øvregård frå Røldal og Harald Kvaalen frå Haukeli vil prøvestenge den populære turløypa frå Haukeliseter til Hellevassbu for å sjå om villreinen tar i bruk området igjen om sommaren.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Turstien frå Haukeliseter til Hellevassbu ein av dei mest populære innfartsportane til Hardangervidda sommarstid. Men det er også eit viktig sommarbeite for villreinen.

– Vi må flytte tilrettelagte turløyper, slik at villreinen kan få tilbake ein del av det beste beiteområdet sitt, seier Jan Øvregård frå Røldal – DNT-medlem og villreinforkjempar.

Villreinen blir skremt av ei turistløype på Hardangervidda

Villreinen blir skremt av ei turistløype på Hardangervidda. Jan Øvregård har filma desse reinsdyra ved Hellevassbu.

I ei høyringsuttale til ny regional forvaltingsplan for Hardangervidda foreslår 13 aktørar eit prøveprosjekt med å stenge Den Norske Turistforening (DNT) si turløype til Hellevassbu.

Det er grunneigarar, jegerar og brukarar av allmenningane i Odda, Ullensvang og Vinje som har kome med forslaget.

– Det er for å sjå om villreinen tar i bruk dette området igjen. Og for å bruke erfaringane til å legge om ein større del av hytte- og løypenettet på Hardangervidda, slik at villreinen får betre plass, seier Harald Kvaalen frå Haukeli.

I 2012 var han og Øvregård med på eit liknande forslag.

Villrein tar området i bruk

Dagleg leiar Marianne Singsaas i Norsk Villreinsenter Sør seier omlegging av ferdsel og stenging av turisthytter fører til at villreinen kjem tilbake.

– Erfaringane frå Rondane viser at villreinen kjapt tar i bruk området igjen.

Marianne Singsaas, dagleg leiar Villreinsenter Sør

Dagleg leiar på Villreinsenter Sør, Marianne Singsaas, seier villreinen er rask til å ta i bruk område igjen når ferdselen blir borte.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Miljødirektoratet arbeider med ein kvalitetsnorm for villrein. Singsaas seier villreinen på Hardangervidda ligg dårleg an der:

– Det vi veit nå er at villreinen ligg an til å skåre raudt, altså ikkje godkjent. Blant anna på grunn av kalvevekt og bruk av arealet.

Det er også påvist at villreinen er veldig plaga av snyltarar som hjernemark og brems. Og i sommar har det vore ei kraftig oppblomstring av fotråte på villreinen.

GPS-merking viser at villreinen brukar veldig lite av det nasjonale villreinområdet om sommaren.

– Hardangervidda er ti mil lang og ti mil brei. Om sommaren brukar villreinen berre 20 prosent av dette arealet.

NINA vil seinare i haust legge fram ein rapport om ferdsel og villrein på Hardangervidda.

Les: Dei mest populære turstiane på Hardangervidda

DNT vil ha alternative turløyper

Det er DNT Oslo som eig Hellevassbu. Hytta er ein av vestviddas mest brukte på ruta Haukeliseter – Hellevassbu – Litlos.

Jan Erik Reiten i DNT Oslo, seier dei kan vere viljuge til å drøfte ei omlegging av løypenettet og stenge Hellevassbu.

– Men vi prøvar å få med i planen at det skal vere mogleg å gå på tur på Hardangervidda. Vi er ikkje låst til å gå der vi alltid har gått, om ein finn gode alternative ruter.

Han seier at turistforeininga har vist vilje til å ta omsyn til villreinen og flytte turisthytter.

– Den 2. november opnar vi ei ny hytte i Rondane som erstatning for ei hytte vi legg ned i villreinområdet der, seier Reiten.

Jan Erik Reiten

Jan Erik Reiten i DNT Oslo seier at turistforeininga har flytta turløyper av omsyn til villreinen i Rondane.

Foto: Marius Nergård Pettersen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark