Hopp til innhold

Utviklingshemma får ikkje det tilbodet dei skal

PORSGRUNN (NRK): I eit landsomfattande tilsyn av helsetilbodet til personar med utviklingshemming, er det til no avdekka 58 lovbrot. Foreldra til Harald såg seg lei av at tilbodet til sonen ikkje var godt nok, og tek seg no av han privat.

Harald og foreldra

FYLKESMANNENS TILSYN: Harald Jensen og foreldra Bjørg og Øyvind bur i Kragerø, som er ein av kommunane som er kontrollert i Telemark, og som kjem dårleg ut.

Foto: Roald Marker / NRK

Utanfor distriktskontoret til NRK i Porsgrunn står bilen til Harald Jensen parkert. Han og foreldra Bjørg og Øyvind har vore innom for å gjere eit intervju, men no ber det ut i bilen for rekke det avtalte legebesøket.

Harald er veldig stolt over at han har eigen bil, fordi det er ikkje sjølvsagt. Han er nemleg utviklingshemma og er avhengig av ekstra hjelp og omsorg for å kome gjennom dagen.

For Harald og andre utviklingshemma er det vanleg å ta i bruk dei ulike tenestene innan helse og omsorg som kommunane tilbyr. Foreldra til Harald har derimot skaffa sonen ein eigen bustad og organiserer omsorga for han privat.

Dei var nemleg ikkje nøgd med det kommunale tilbodet.

– Det er jo skremmande å sjå kor dårlege desse tilboda kan vere, og for Harald så kunne det jo fått konsekvensar i lengda, seier far Øyvind Jensen.

Kragerø kommune refses i rapport: – Hendelsene har tidvis vært svært alvorlige

Avdekka fleire lovbrot

I desse dagar er fylkesmennene rundt om i landet i gang med tilsyn av denne typen helsetilbod. Kvart fylke må gjennomføre tilsyn hos minst tre kommunar.

Steinar Aase

Fylkeslege Steinar Aase i Telemark seier følgene av lovbrota kan få alvorlege konsekvensar for brukarane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Til no er 32 kommunar evaluert og det er til saman oppdaga 58 lovbrot i helsetilbodet til personar med utviklingshemming. Tala er rekna saman ut ifrå tilsynsrapportar som ligg på nettsidene til Statens helsetilsyn.

– I verste fall så kan det jo få livstrugande konsekvensar for brukarane, seier fylkeslege i Telemark, Steinar Aase. Han har ansvaret for å gjennomføre tilsyn i sitt fylke.

Aase seier dårleg kompetanse blant dei tilsette og manglande tid er ein gjengangar i lovbrota. I tillegg kjem manglande journalføring inn i bilete der nødvendig informasjon om brukarane vert utelate.

– Dette er ei gruppe i samfunnet som ikkje alltid har ressursar til å tale si eiga sak, og det er difor lett å gløyme dei når ein skal leggje til rette dei ulike tilboda i kommunen, seier Aase.

Glad for tilsyn

I Telemark er Seljord den siste kommunen som fekk tilsyn. I den førebels rapporten frå fylkesmannen er det sett opp seks punkt der kommunen bryt med lova.

– Det er inga god kjensle at me gjer det så dårleg, men samtidig er eg glad for at tilsynet vart gjennomført og gjev oss ein konkret peikepinn på kva me må forbetre, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Seljord, Rolf Henning Jensen.

Etter at den endelege rapporten vert lagt fram frå fylkesmannen får kommunane ein tidsfrist til å rette opp eventuelle lovbrot.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark