Hopp til innhold

Gardermoen fyller 25 år: Støy, snikande pilotar og ein sjaman

Med kufte og trommer skulle han redda flyplassen. No er Oslo lufthamn Europas punktlegaste.

Tida etter opninga den 8. oktober 1998 blei tøff for nye Oslo lufthamn. Ein strevde med å få flya til å gå i rute, og bagasjeanlegget trøbla.

Det var noko turbulens på Gardermoen, biletleg talt.

GARDERMOEN LUFTHAVN

Slik var dei siste førebuingane på Gardermoen ein månad før flyplassen opna, den 8. oktober 1998. Kvelden før stengde flyplassen på Fornebu.

Eit halvår seinare entra så den samiske sjamanen Eirik Myrhaug Partapuoli den nye flyplassen. Målet var å få Oslo lufthamn på rett kjøl.

«Flya er i rute, og tryggleiken er god»

Med kufta på, og tromma i hand gjekk han rundt i terminalen med ei klar formaning til universet:

«Flya er i rute, og tryggleiken er god».

En sjaman ville få flyene i rutene på Gardermoen.

«FLYA ER I RUTE, OG TRYGGLEIKEN ER GOD»: Denne reportasjen frå 1999 viser sjaman Eirik Myrhaug Partapuoli i full gang med å mane fram ein betre Oslo lufthamn.

Fleire av passasjerane rista på hovudet over aksjonen. Han fekk klar beskjed om at det han heldt på med var noko sprøyt.

Men særleg dei nordfrå blei med på å mana fram betre tider, fortel Partapuoli.

– Det blei ganske artig, hugsar han.

Sjamanen fekk kallet

Sjamanen hadde fått med seg dei mykje omtalte veksesmertene til den nye hovudflyplassen i landet.

– Eg fekk ein tanke i hovudet om at her kunne det gjerast noko, seier Partapuoli.

Eirik Myrhaug Partapuoli har virket som sjaman de siste tretti årene, blant annet på en lavtflyvende Oslo lufthavn i 1999.

SJAMANEN: Eirik Myrhaug Partapuoli har verka som sjaman sidan 1993. Kunne han gjera noko for den då lågtflygande, nye flyplassen?

Foto: Per Heimly

Han var faktisk inne på tanken heile tre gonger.

– Eg undertrykte han kvar gong og tenkte: «Eirik, dette er ei kjempe ego-greie».

Men ein kald vinterdag i 1999 fekk han igjen innfallet – eit innfall som kan ha bidratt til at vinden snudde på den flunkande nye lufthamna på Øvre Romerike.

Då kom nemleg ein av bilane til kringkastinga køyrande forbi kontoret hans på Jar.

Kort etter tok han kontakt med NRK. Han og ein journalist gjorde ein avtale om å dokumentera hans forsøk på å få Gardermoen i rute.

Presis 25-åring

Sjamanen var kanskje inne på noko. I løpet av kort tid blei nemleg flyplassen ein av Europas mest punktlege.

Nic Nilsen

PUNKTLEG: Nic Nilsen var den første lufthamndirektøren på Gardermoen. Etter ein start i motvind, snudde vinden for Nilsen og flyplassen.

Foto: Einar Yohsuke Kosaka / NRK

Og flya er framleis rute meir enn 20 år seinare. Gardermoen var i fjor den punktlegaste av Europas storflyplassar.

Sjamanen tek likevel ikkje på seg æra for den vellykka snuoperasjonen.

– Kreftene til universet er skrudde saman sånn at det faktisk er mogleg å påverka ting.

Oslo Lufthavn Gardermoen, 4. juli

RARITET: Flya flyr som regel når dei skal frå Oslo lufthamn. Med mindre det er streik, vel å merka.

Foto: Mathias Moene Rød

Kraftig vekst

Gjennom åra har fleire og fleire tatt turen frå, til eller via Oslo lufthamn. Året etter opninga hadde flyplassen 14 millionar reisande.

Til samanlikning var talet 22 millionar i 2022, viser tal frå Avinor.

Etter fleire utvidingar er no den årlege kapasiteten dobla, til om lag 34 millionar passasjerar.

Folkemengde på Gardermoen

FOLKEMASSAR: Gardermoen har vakse til å bli den største flyplassen i Norden.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Men veksten har kosta, både i pengar og ro. Mange av naboane har opp gjennom åra vore plaga av støy. Mange har også fått erstatning.

Østlandssendingen 03.10.03: Naboene til hovedflyplassen kan juble over full seier i støy-erstatningssaken mot Oslo Lufthavn. Alle de 22 Gardermo-naboene får hver mellom 100.000 og 300.000 kroner i erstatning.

2003: Naboane til hovudflyplassen kan jubla over full siger i ei støy-erstatningssak mot Oslo lufthamn. 22 Gardermo-naboar fekk mellom 100.000 og 300.000 kroner kvar i erstatning.

Kapteinen som sneik seg først opp

Tord Tangvik blei den første til å ta av frå den bråkete nybyggjaren på Gardermoen. Han var nemleg kaptein på Color Air sitt fly til Ålesund kl. 06.58 den 8. oktober 1998.

Eigentleg skulle eit SAS-fly først av garde, men Tangvik klarte på listig vis å snika seg fram til å bli førstemann:

Første fly tar av fra Gardermoen, men det gikk ikke som planlagt.

Første avgang frå Gardermoen gjekk ikkje som planlagt.

25 år seinare har 475 millionar passasjerar reist gjennom Oslo lufthamn.

13000 tilsette fordelte på over 150 selskap sørger for at tryggleiken framleis skal vere god, og at flya er i rute.

– Me er så stolte over denne flyplassen, seier noverande direktør på Oslo lufthamn Stine Westby om den jubilerande 25-åringen.

Det har dei all grunn til å vere, meiner sjamanen.

Kva synest du om at Gardermoen held tidene så mange år seinare?

– Det synest eg er heilt fantastisk. Arbeidet dei legg ned og tenkinga der har vist seg å vera ein suksess, seier han før han legg til:

– Så har jo det å snakka med universet også hatt ein god verknad då.

Siste fly fra Fornebu

Hei!

Takk for at du las saka! Har du tankar om denne saka som du vil dela med meg, eller tips til andre saker eg bør skriva om? Send meg gjerne ein e-post!