Hopp til innhold

200 Oslo-elevar til skal få delta på Guttas Campus: – Det har endra livet mitt

Gutter som slit med motivasjonen og fell frå får nå et nytt tilbod. Guttas Campus har gitt mange nytt håp for framtida, og no kan 200 elevar til få delta på læringscampen.

Guttas Campus

Mons Krane og Muhammed Hammani har delteke på læringscampen Guttas Campus. Det gav dei ny motivasjon, og håp for framtida.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

– Guttas Campus endra livet mitt. Eg fekk trua på meg sjølv att. Dei sa «legg inn innsatsen, så skal du sjå kva som skjer». Det gjorde eg, og no går det bra!

For han var ikkje akkurat skuleflink før, fortel Muhammed Hammani (16) om seg sjølv.

I heile ni fag på ungdomsskulen fekk han «ikkje vurdert».

Guttas Campus

Muhammed Hammani (16) seier Guttas Campus har lært han mykje han kan bruke både på skulen og fritida. Eit eksempel er regelen «tel til ti viss du er sur».

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

No går han fyste året på vidaregåande, og har nesten berre toppkarakterar. Neste år skal han gå administrasjon. Studere vidare etter det igjen. Han er motivert, og har draumar for framtida.

Og no vil enda fleire få den same moglegheita.

Ny sjanse til å lykkes

Byrådet i Oslo har sett av ti millionar kroner til samarbeidet med Guttas Campus.

Det gjer at 200 gutar til kan få delta på læringscampen dei neste fire åra.

– Dette er elevar som står i fare for å falle ut av skolen. No får dei ein ny sjanse til å lykkes med utdanninga si, seier utdanningsbyråd Julie Remen Midtgarden (H).

Guttas Campus

Skolebyråd Julie Remen Midtgarden (H) lovar at dei skal sjå på korleis dei kan gjere undervisninga meir praktisk, særleg på ungdomsskulen. Dei vil blant anna motivere fleire til å velje yrkesfag.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

I mange år har det vore diskusjon og debatt om at gutane går tapande ut i det norske skolesystemet.

Dei scorar dårlegare enn jentene både fagleg og sosialt, noko som og visast i ei rekke statistikkar seinare i livet.

Tidlegare skolebyråd Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) seier det er bra det nye byrådet vidarefører samarbeidet med Guttas Campus.

Sunniva Holmås Eidsvoll

Tidlegare skolebyråd Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) seier ho opplev at byrådet er svært opptatt av karakterar, testar og prøvar. Ho trur det kan fører til at elevar kjenner på nederlag i skulen.

Foto: Terje Haugnes

Alternative opplæringsarenaer som Guttas Campus er viktige å ha. Likevel meiner ho at det ikkje monnar med eit tilbod for 50 elevar i året når ein ser på det store biletet.

– Det kan ikkje vere ei unnskyldning for å ha ein stillesittande og teoritung skule for dei som er att.

Eirik Lae Solberg intervjuet i forbindelse med Guttas Campus

– Gutar og jenter er like flinke, men mange av dei lærar på ulike måtar, seier byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H).

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H) seier det ikkje er tvil om at skulen bør tilpassast meir til gutane, og at Guttas Campus er eit bidrag til ei meir praktisk retta undervisning.

– Men bør ein ikkje då og sjå på det grunnleggande i skulen, framfor å bruke læringscampen som ei livline?

– Vi må få til begge deler. Samtidig må vi sikre at elevane har grunnleggande ferdigheiter. At dei kan lese, skrive og rekne. Det får dei bruk for uansett kva dei skal framover.

Betrar både karakterar og karakterstyrker

For Muhammed og Mats er det ikkje berre karakterane på skulen som har endra seg.

Dei har fått meir tru på seg sjølv. Meir sjølvkontroll. Meir engasjement og motivasjon, også i kvardagen.

– Vi ser utviklinga frå dei kjem med capsen på og hetta ned i panna. I løpet av nokre dagar rettar dei ryggen, fortel Omar Mekki, dagleg leiar og rektor på Guttas Campus.

Guttas Campus

Omar Mekki, dagleg leder i Guttas Campus, trur det er lurt å la elevane lufte og strekke seg i blant, jobbe med overkommelege mål, og ha meir konsentrert undervisning i kortare periodar.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Hovudnøkkelen er å ta gutane heilt ut av den vanlege situasjonen, sette dei saman med andre som er like dei, og ha eit opplegg som treff, meiner Mekki.

– Då kan det skje magiske ting på kort tid!

– Statistikken seier at ein ungdom som ikkje fullfører vidaregåande og kjem seg i arbeid kostar samfunnet 17 til 18 millionar kroner. Så samfunnsøkonomisk er det veldig kostbart. Ikkje minst har det store kostnadar for den enkelte guten, seier Mekki.

Bør ha «powerbreaks i skulen»

Mats Krane (15) fortel at han alltid har vore litt bob-bob på skulen.

Han brydde seg ikkje så mykje om framtida. Tenkte han berre fekk «vengje» det, som han seier.

Guttas Campus

Mons Krane (15) seier Guttas Campus har hjelpt han med å søke jobbar og korleis han skal snakke på intervju, i tillegg til skulen.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Mats fortel at dei har 90 minutt med rekning, lesing og skriving kvar dag på campen. Så har dei ein fem-minutts powerbreak med ein aktivitet.

– Då fekk du friska opp hjernen, og var klar til å lære meir. Så for min del hadde det hjelpt mykje med powerbreaks i skulen også.

Og korleis ser han og Muhammed på framtida no?

– Den er ljosare. Eg veit kva eg faktisk skal gjere med livet, svarar Mats.

Han skal bli elektrikar. Få ein sikker jobb, løn og ein stad å bu.

Muhammed skal bli lærling, og gå Y-vegen vidare. Draumen er administrasjon og leiing.

– Vil du anbefale andre å bli med på Guttas Campus?

– 100 prosent. Det er det beste som har skjedd meg. Det har hjelpt meg med alt!

Vil du vere med på innsida av Guttas Campus? Sjå «Gutter på Randen» her:

Gutter er faglig dårligere enn jenter, dropper ut av skolen og taper alle statistikker. Bli med på innsiden av lærings-campen som vil snu trenden.

Gutter er fagleg dårlegare enn jenter, droppar ut av skolen og taper alle statistikkar. Bli med på innsida av lærings-campen som vil snu trenden.