Lotta Klonteig
Foto: Helene Mariussen / NRK
Foto: Helene Mariussen / NRK

Jenteproblemet

Lotta Klonteig har blitt trakassert dagleg i åtte år, men det er først no ho har forstått at hetsen verkeleg har sett sine spor.

Lotta Klonteig (24) er ein av dei mest kjende kvinnelege gamerane som Noreg har.

Kanskje du har bite merke i ho gjennom NRKs nye serie «Enter e-sport», eller kjenner ho att på brukarnamnet «dum bitch».

Det er nemleg det ho har kalla seg dei siste to åra. For å kome hatarane i forkjøpet.

– Det er mykje snakk om at jenter i dataspel er dumme, forklarar Klonteig til NRK.

Ho sit i sofaen, kledd i ein grå singlet. Sminka ligg på stovebordet, og ho strekk seg mot børsten før ho pudrar seg i ansiktet.

Tek ut hårstrikken, og let dei lange blonde lokkane falle ned til skuldrene.

Ingenting ved ho er det vi tenkjer er ein stereotypisk gamer.

Lotta Klonteig
Foto: Helene Mariussen / NRK

– Då eg starta var det overhovudet ikkje akseptert å vere jente i miljøet. Det var mykje hat, fortel Klonteig.

Ho smiler og er vennleg til sinns, men det er ei viss vandring i blikket.

Tankane klarar ikkje å lausrive seg.

– Eg har slite veldig lenge med å bli tatt seriøst og bli sett for det arbeidet eg faktisk gjorde. Og ikkje berre for korleis eg såg ut.

Klonteig fann ein måte å bli respektert på, men det innebar å ta eit strengt val overfor seg sjølv.

Ho kjenner seg mislykka.

Korleis kunne det ende på denne måten?

– Eg er veldig stolt og fornøgd med utviklinga eg har hatt, men det er jo eg som har gått gjennom helvete for å kome dit.

Men var det verdt prisen?

Utskotet

I fjor skulle jentene endeleg krevje sin plass i e-sport, for det er eigentleg ingen grunn til at verdas beste gamer ikkje skal vere ei jente. Det fortel sportsoptikar Olav Torgersen til NRK.

Han har testa synet til mange e-sportsutøvarar, og kan fortelje at dei tre viktigaste eigenskapane i dataspel er reaksjonsevne, strategisk evne og presisjon. Ikkje kor fort ein spring eller kor høgt ein hoppar.

Likevel har det alltid vore så få av dei. Lotta Klonteig var ein sjeldan svale då ho skrudde på datamaskina og dykka inn i verda for sju år sidan.

Lotta Klonteig
Foto: Sigrid Winther / NRK

Det blei aldri heilt slik som ho ein gong håpa det skulle bli. Allereie på barneskulen fekk ho eit frampeik på det som skulle forfølgje ho resten av livet.

Fordommane.

Ho blei raskt stempla som eit problembarn i klassen, på grunn av diagnosen ADHD. Ho var utagerande i timen, men Klonteig visste at ho ikkje var dårleg.

Utfordringa var å takle at ho blei så tidleg ferdig. Ho byrja å kjede seg.

Dessutan likte ho merksemda. Ho treivst med å vere klassens klovn, men det skulle kome med ein pris.

Den unge jenta blei ei skotskive. Og etter kvart takla ho det ikkje meir.

Uroa i kroppen tok over. Ho grua seg til å møte menneske i sosiale settingar. Stoppa å ta heisen, og tok beina fatt i staden for å hoppe på bussen. Skulefråværet auka betrakteleg, og ho droppa til slutt ut av vidaregåande.

– Eg var veldig langt nede, følte meg dårleg og isolerte meg, fortel Klonteig.

Ho fann ein veg ut. Ein veg inn i spelverda.

Der fekk ho lov til å bygge si eiga vesle verd, utan at nokon av hennar næraste kunne dømme ho for det.

– Det gav meg ei god sjølvkjensle og ei ny utfordring.

Det blei ei flukt frå dei sosiale problema.

Lotta spiller
Foto: Sigrid Winther

Pupper eller hettegenser

Hennar dåverande kjærast var allereie teken av universet, og ho ville dele den interessa med han. Men for å få lov til å vere med å spele, måtte ho først bli god nok til det.

Ho lagde seg ein brukar på spelplattforma Twitch, og byrja å filme seg sjølv medan ho spelte Counter-Strike.

Enter E-sport E03 Dum bitch

Kanalen vaks seg stor, og ho hamna i eit nytt dilemma.

Korleis måtte ho stå fram for at følgjarane tok ho seriøst? At følgjarane kom for den sportslege grunnen?

Mange små detaljar blei brått viktige i det store biletet.

– Når eg starta streamen min, gjekk kommentarane for det meste på «åh, du er så pen». Alle følgjarane mine kom av at eg var så pen. Og når du høyrer det kvar einaste dag, og ingen andre kvalitetar blir trekt fram ... Det blei viktig å dyrke dei, seier Klonteig.

Biletestørrelsen måtte vere lite og fokuset på spelet stort. Om ansiktet hennar tok for mykje plass på skjermen, blei sjåarane meir opphengd i utsjånaden, enn sjølve spelinga.

Orda måtte vektleggast. Ho var nøye på kva ho sa i pausane mellom spela.

Dessutan var det enda viktigare kva ho hadde på seg. Kor stor utringinga på genseren var.

– Heile vegen har eg vore veldig bevisst. Eg har aldri tatt på meg noko der nokon kan dømme meg fordi eg viser puppene mine.

Likevel kom kritikken kvar gong ein ny sjåar melde sitt inntog på kanalen.

Lotta Klonteig
Foto: Sigrid Winther / NRK

– Det er veldig lett når du ser ei pen jente som spelar, å tenke «herregud, du må vere dårleg». Kva skal eg gjere med det?

Ønsket var at sjåarane kom på grunn av spelinga hennar, men realiteten var at dei fleste kom fordi ho var ei pen kvinne.

– Du må alltid motbevise nokon. Det er aldri slik at nokon forventar at du gjer det bra.

Jenter i badekar

Enda verre var det at ho blei sett i ein bås.

– Jentestreaming går veldig ut på at dei utnyttar gutar som er kåte. Faktisk er det ikkje gutane som er verst, det er jentene som set oss i eit dårleg lys, seier Klonteig.

Ho stoppar opp.

– Eg seier ikkje at alle jenter er slik. Dei som gjer det, har eigentleg ingen tilknyting til dataspel. Men det har blitt eit problem som vi har slite mykje med. Det skadar deg, for då gidd ikkje publikum å sjå på spelinga, for dei tenkjer at det sikkert berre er tull.

Klonteig sleit med å bli samanlikna med andre jenter på videoplattforma.

– Kulturen døyr litt ut. Det kjem inn jenter som aldri har spelt eit einaste spel, som kjøper seg eit badekar og sit der i bikini.

Slik ville ikkje Klonteig vere. Sjølv hadde ho ynskjer om å bygge ein karriere, og drøymde om å ein gong leve som fulltidsutøvarar.

Ho måtte ta eit val.

Lotta Klonteig.
Foto: Helene Mariussen / NRK

Sexy eller ikkje sexy?

Forskar Kristine Ask frå NTNU, studerer forholdet mellom samfunn og teknologi. Ho kan fortelje at kvinner i spelverda må posisjonere seg på ein eller annan måte.

– Når ein er ei dame som spelar online, blir ein i utgangspunktet behandla som noko rart, unikt eller uvanleg.

Ho seier at kvinner ofte ikkje finn ein naturleg plass i miljøet, og endar opp med å posisjonere seg.

– Enten ved å spele på sex, akseptere seksualiseringa som skjer og bruke det til sin fordel, eller ta avstand og tone ned den framstillinga, seier Ask.

Klonteig tok valet om å avseksualisere seg.

– Eg var redd for å kle meg på ein måte som gjorde at folk trudde at det var det eg prøvde på. Eg ville ikkje ha den type merksemd. Eg prøvde jo å spele, fortel Klonteig.

Klonteig ville ikkje vere ein del av den stereotypien, men følte at ho aldri kom seg ut av det, uansett kva ho gjorde.

– Du må jobbe verkeleg hardt for å komme deg ut av det. Du må bli den aller beste jentestreameren. Då er det greitt. Då er du «good».

Det fungerte til ein viss grad. Sjølv om ho tona ned seksualiteten, var ho framleis ein minoritet i miljøet.

Kommentarar som «you stupid whore», «you fat ugly bitch», «girl, go to the kitchen», var vanleg, men ho klarte å distansere seg.

Frå ho var 16 til 19 år fekk ho ein stor oppgang i talet følgjarar på videoplattforma si.

– Eg fekk ein form for kontroll og autoritet, men det kom av at eg har brukt utruleg mykje tid på å krangle med folk i chatten, som sikkert berre har vore Frode på fjorten år som sit på discord med gutane og tullar.

Likevel har det ikkje vore like enkelt å vere ei usikker jente i eit samfunn ho definerer som «giftig».

– Det at gutar slengjer mykje skit seg i mellom, er det heller ingen som tek tak i, seier Klonteig.

Då ho valte å donere alt håret sitt til kreftforeininga, fekk kritikarane som meinte at ho berre var populær fordi ho var pen, rett.

Abonnementa forsvann.

Lotta Klonteig
Foto: NRK

– Ingen syntest eg var noko pen å sjå på. Men enda verre var det at eg sjølv ikkje tykte eg var noko pen. Og då var det gjort. Ein kan ikkje sitte og spele i åtte timar når hovudet ikkje er på plass. Slikt merkast, fortel Klonteig.

Ho tok ein pause då ho var 19 år. Eteforstyrringar hadde tatt overhand, men verkelegheita henta ho inn att.

Då ho såg seg i spegelen ein dag, blei ho alvorleg bekymra over seg sjølv.

– Eg var på det lågaste nokosinne. Ein dag tenkte eg at «oi, eg kjem til å døy». Det er surrealistisk å tenkje på at det var ei veke før eg fekk min største moglegheit.

Lotta Klonteig
Foto: Helene Mariussen / NRK

Antiklimaks

Artisten Kjartan Lauritzen tok kontakt med Klonteig. Han hadde lagt merke til ho på Twitch, og tykte ho var skikkeleg god i spelet. Derfor ville han ha ho med i hans nystarta e-sportsklubb 777Esports.

– Å få ein slik moglegheit, det pusta liv i meg, og fekk meg verkeleg til å sjå verdien i meg sjølv igjen, fortel Klonteig.

I utgangspunktet blei ho henta inn for å jobbe vidare med videostrøyming for klubben, og lage underhaldande innhald for publikum, men så fekk klubben ideen.

Kva om dei startar eit kvinnelag?

Først var Klonteig skeptisk, men ho valde å legge vekk magekjensla. På den andre sida var jo dette på ein måte hennar største draum. Å kunne bli e-sportsutøvar på heiltid.

Prosessen blei sett i gong og Klonteig blei lagkaptein.

Lotta Klonteig
Foto: Mats Muri / NRK

Laget valte å stille i 2. divisjon i Noregs største e-sportsliga, men det valet blei møtt med mykje motstand.

Trudde kvinnene at dei verkeleg skulle hevde seg der?

– Det handla ikkje om å stille der vi trudde vi hadde best sjanse, men kvar vi trudde vi fekk mest merksemd. Det handla om å fremje jentene i e-sport.

Ho stoppar opp. Det er anger i stemma.

– Dei fekk rett. Vi vann ikkje eit einaste kart. Då eg sat der etterpå, tenkte eg «faen ta det her».

Kanskje om dei hadde gjort det annleis, ville ho kanskje ikkje hatt dei vonde kjenslene ho kjenner på i dag.

Kjende seg verdilaus

Noregs første e-sport-kvinnelag tapte alle kampane sine i serien, og rykka ned til 3. divisjon. Ho trakk seg etter kvart frå laget.

– Det var ein skikkeleg narrekultur. Kurven min i laget blei berre ei negativ kurve. Eg presterte dårlegare og bekrefta at eg var dårleg, fortel Klonteig.

Ho er nesten på gråten. Det er tungt å rippe opp i kjenslene ho kjende på for eit snautt halvt år sidan.

– Eg blei treft med alt det som gjorde meg usikker, som eg hadde dytta vekk. Eg kunne gøyme meg bak laget, men då det forsvann blei det slik at eg sat der heilt aleine og måtte basere alt innhaldet på meg sjølv.

Ho tek ein pause.

– Kven er eg? Det blei ei identitetskrise, samstundes som alt kom øsande ut. Eg stod der og følte meg verdilaus. Det slit eg enno med. Det er ein dagleg kamp.

Såpass gjekk det tunge året inn på Klonteig, at ho no stiller store spørsmål om det er verdt det lengre.

Lotta Klonteig
Foto: Sigrid Winther / NRK

Brann krutet

Klonteig orkar ikkje meir. Ho er sliten.

Ho har kjempa for kvinnenes plass i e-sport-verda, men sjølv om ho har blitt ein føregangsfigur, kosta det meir for ho sjølv enn for framtida til kvinner.

– Då laget gjekk ad undas, møtte eg meg skikkeleg i døra. Det var ein så stor del av livet mitt så lenge. Og då det ikkje gjekk, tenkjer eg at eg ikkje har lyst å gjere det igjen. Det tok så mykje av meg mentalt å gå gjennom dei prosessane, at det overlever eg ikkje.

Ho har valt å ta eit steg vekk frå kvinnesatsinga.

– Det er mest fordi eg ikkje har det så bra etter alt som har skjedd. Eg har fått varige mein. Ein blir ikkje så gira på å hoppe inn i den kjøtkverna igjen, fortel ho.

No skal Klonteig fokusere på å bygge opp sin eigen karriere som innhaldsskapar, men den tanken skremmer ho.

– Alle desse kommentarane og stereotypien frå utanforståande om at jenter berre får moglegheiter fordi dei er jenter, har blitt ein tankegang eg adapterer, seier Klonteig.

Datamaskina er ikkje rørt på fleire veker.

Dei stygge kommentarane, hetsen og trakasseringa har overkøyrd ein tanke ho burde tenkt for mange år sidan.

– Eg har ein verdi. Det er ein grunn til at eg blei valt ut til det eg blei valt ut til.