Netherlands Soccer Netherlands France
Foto: Peter Dejong / Ap

Heile Frankrike ventar på Pogba

Paul Pogba (23) skulle vere både Michel Platini og Zinedine Zidane samtidig i EM. No må han vinne over presset frå ein heil nasjon.

Mannen som skulle vere EMs største stjerne har ikkje levert varene. Presset er større enn nokon gong.

– Er Pogba verdas mest overvurderte spelar?

Det spør Gary Lineker retorisk på Twitter.

Men løysinga på Pogbas landslagsproblem er kanskje nærmare enn ein trur.

I fotstpora til Platini

Ungguten frå forstads-Paris har inga lett bør å bære. Sjølv med sine 1,91 meter og 84 kilo er det tungt å ha ein nasjon av forventingsfulle fotballsupporterar på ryggen.

l'equipe Pogba

Skriv om historien. Enkel oppfordring frå sportsavisa L'Equipe i forkant av EM.

I dette EM skulle Paul Pogba bli den store helten. Mannen som revolusjonerte fotballen på same måte som folkeheltane Michel Platini og Zinedine Zidane, skulle føre «Les Bleus» mot nye trofé.

Slik har det ikkje gått.

TOPSHOT-FBL-EURO-2016-MATCH26-SUI-FRA

På hovudet - omtrent slik har det gått for Pogba i dette EM.

Foto: DENIS CHARLET / Afp

Det er ikkje det at Pogba har vore heilt elendig denne meisterskapen. Han har hatt ein pasningskvalitet på 88%, og har tidvis gode offensive periodar.

Det er berre det at alle forventa so mykje meir.

Og difor er det nettopp arven frå Platini han fører vidare i akkurat denne meisterskapen.

Blekkspruten Paul

Me skrur klokka eit lite år attende.

Då Carlos Tevez forlét Juventus i 2015, etterlot han seg eit draktnummer som alle store midtbanespelarar siklar etter å få, nemleg talet 10. Det var berre ein reell kanidat til å ta det over.

Il Polpo Paul - Blekkspruten Paul - Paul Pogba.

Paul Pogba

Blekkspruten Paul - kallenamnet han har frå fansen i Italia.

Mannen med dei lange beina. Du veit, dei beina som ser ut som tentaklar i det han spring frå boks til boks.

Og det er nettopp når Paul kan springe opp og ned på bana at han trivst best. I eit intervju med ESPN rett før EM blei han spurt om kva han likte best å gjere på bana.

– Alt. Forsvare, angripe, skåre, assistere, takle, vinne attende ballen. Vere ein leiar på bana.

– Ein boks til boks-midtbanespelar med litt Zidane i seg?

– Ronaldo, Ronaldinho, Messi. Alle.

– Er du seriøs no?

– Ja, eg er seriøs. Eg har alle roller i ein. Frå defensiv midtbanespelar til angripande. Eg vil ha kvalitetar frå alle. Vieira, Deschamps, Zidane. Eg skårar mål, sentrar viktige pasningar, og vinn attende ballen.

Det er med andre ord ikkje berre franskmennene som har skulda i det presset Pogba har på seg. Det legg han i stor grad på seg sjølv.

Vinnarskallen

Men det er også det presset han legg på eigne skuldrar, og den viljen han har til å overvinne presset, som gjer han so god.

– Det er styrken min, eg vil jobbe, for å bli best, for å vinne alt.

Og jobbing, det gjer Pogba mykje av. Både på trening og i kamp. Det har ført til at han får gjere akkurat det han vil i Juventus.

Nemleg bruke dei lange blekksprutbeina til å springe frå boks til boks. Dra med seg heile laget opp og ned på bana. Bruke fangarmane sine til å stjele ballen frå motstandarane. Servere medspelarane, og skåre sjølv.

Det er det som gjer franskmannen til ein av verdas beste.

SOCCER-EURO-FRA-IRE/

EM på heimebane har ikkje blitt heilt slik Paul Pogba forestilte seg - endå.

Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters

Blekkspruten uten armar

Men i dette EM har han imidlertid ikkje briljert, slik han har til vane for å gjere i Juventus. Draktnummer 10 er bytta med draktnummer 15, men kanskje viktigare, rolla på bana er endra. Der han i Juventus glimrar med sine offensive involveringar, har han under VM avgrensa seg til det defensive.

Frankrike-sjef Didier Deschamps har sagt at det å gje Pogba nummer 10 i Juventus var, og er, eit stort rot.

– Eg veit at han ikkje er ein nummer 10. Han er ikkje noko angripar. Han skal alltid få fridomen til å gå framover, men han treng å jobbe defensivt. Det er kanskje ikkje det han likar best, men det er det han må gjere for laget sitt beste, sa Deschamps i vinter.

Se noen av Paul Pogbas sjanser i kampen mot Sveits her.

Pogba har vore farleg dei få gongane han har vore frampå i EM.

Men Pogba er farleg framover, og det kan sjå ut som at hans offensive begrensing ikkje er til Frankrikes beste.

Det blir litt som ein blekksprut utan armar.

Ungguten

WORLD CUP-1982-WEST GERMANY-FRANCE

Det ikoniske draktnummer 10. Her på ryggen til Michel Platini i EM 1982.

Foto: Scanpix / AFP

Men la oss ikkje gløyme ein ting. Paul Pogba er berre 23 år gammal. Han er inne i sin tredje år på landslaget, og fjerde år i Juventus. Med Juventus har han 4 ligagull, 2 cupgull, og ein andreplass i Champions League. Denne sesongen er han med på både UEFAs og FIFAs årets lag. På landslaget har han 35 kampar og 5 mål.

Det er ikkje so aller verst, til å vere 23.

Til samanlikning blei Michel Platini bua ut av VM i 1978 då Frankrike rauk ut. Ikkje fordi han var elendig, men fordi han, til liks med Pogba, skulle bere nasjonen til nye bragder.

Platini hadde heller ikkje ikkje komen lenger enn til klubben Nancy. Der hadde han storspelt i fleire sesongar, men fekk berre med seg eit stort trofé, den franske cupen i 1977. Det var først etter overgangen til Juventus at medaljane rann inn for Platini, både individuelt og med klubb.

Heller ikkje Zidane var komen lengre enn Bordeaux ved fylte 23. Han var med å vinne Intertoto-cupen det året.

Og for å ta ein av dei største franske heltane denne meisterskapen, Dimitri Payet. Då han var 23, var han fortsatt i Saint-Étienne, og hadde ikkje spelt ein einaste landskamp.

For tidleg

Difor er det kanskje umenneskleg at Pogba skal bere Frankrike til EM-gull. Difor er det kanskje ikkje før neste meisterskap, eller meisterskapen etter det, at me får sjå Pogba på sitt beste for landslaget.

Men kanskje Pogba kan blomstre viss han får friare tøylar, slik som i førsteomgangen mot Sveits i gruppespelet. Der kunne ein sjå ein Pogba meir lik seg sjølv. Der han var meir involvert i det offensive.

Ikkje avskriv franskmannen endå.

Det er trass alt Paul Pogba - Blekkspruten Paul - Il Polpo Paul.

Laster innhold, vennligst vent..