Sweden Nordic Skiing Worlds Rune Velta
Foto: Matthias Schrader / Ap

– Han var håplaus

Rune Velta er bilete på kontrastane i toppidretten. Frå eit umogleg utgangspunkt blei han best i verda. Men då han stod på toppen av pallen, byrja svevet nedover.

Rune Velta la måndag opp som skihoppar etter ein sesong der han var langt unna å kopiere dei fantastiske resultata frå jubelsesongen i 2015.

Tidlegare verdsrekordhaldar Johan Remen Evensen skjønnar ikkje heilt korleis Velta kunne bli so god.

– Han var ganske håplaus som yngre. So jobba han knallhardt for å bli verdas beste skihoppar. Det har vore utruleg morosamt å følge Rune heile vegen.

Men han nådde verdstoppen. Før det gjekk nedover igjen.

– Eg har tydelegvis blitt mett etter Falun, seier hovudpersonen sjølv.

Kanskje blei krona på verket også spikaren i kista?

Den lange vegen til toppen

velta

Ein spent Rune Velta etter å ha fått sitt internasjonale gjennombrot på Lillehammer i 2010.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Det tek alltid lengre tid å gå opp enn å fly ned. Det fekk Rune Velta erfare på fleire måtar. Frå han som junior leverte beskjedne resultat, jobba han seg opp til å bli verdas beste skihoppar.

Bak dei resultata ligg det mykje. Mykje meir enn ein skulle tru.

– Rune hadde ikkje dei største koordinative eigenskapane. Han måtte kjempe hardt for å få til ting. Då var det veldig gledeleg dei gongene han verkeleg fekk det til. Han kunne gjere dei store tinga, seier Magns Brevig

Brevig er assistenttrenar på landslaget i hopp, og ein av dei som har vore nærast Velta i åra som skihoppar. Han har følgt skihopparen frå Lommedalen frå beskjedne resultat som junior, til han svevde seg til sølv i skiflygings-VM, og gull i liten bakke i VM i Falun.

– Magnus har betydd veldig mykje. Han kom inn på eit tidspunkt av karrieren der eg hadde behov for profesjonalisering av alt. Han var vore ein fantastisk god mentor, og vore med meg på sidelinja heilt sidan det.

Og Brevig har hatt ein treningsvillig elev, som alltid jaga å bli best.

– Rune var ekstremt svolten på veg opp, og var heilhjarta. Men då han var på toppen, merka ein at han byrja å falle, fortel Brevig.

Fallet

For då toppen var nådd, byrja vegen ned igjen. Tidlegare skihoppar Johan Remen Evensen veit kva det vil seie å oppleve dalande resultat. Han forklarar kor komplekst reknestykket for å bli best er.

– Det skil so lite, og då må alle dei små detaljane vere på plass. Alt frå korleis du lev livet ditt, korleis du har det heime, kor mykje du søv, kva du et, og så vidare.

Og det var det blikket for detaljar Velta ikkje lenger hadde, etter å ha oppnådd alt han ville med karrieren.

– Eg kjenner at eg ikkje har den svolten etter å jakte nye mål. Det krev mykje tid, og mykje innsats. Eg er ikkje i stand til å yte det lenger.

Resultata til Velta har alltid vore ustabile. Forskjellen var at han før Falun alltid hadde lysta til å nå toppen.

Rune Velta

Rune Velta blir følgt med falkeblikk frå dommartårnet

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

– Då han fekk dei gode resultata vart det vanskelegare å takle dei djupe bølgedalane Rune var nede i. Før klarte han alltid å reise seg frå dei, fordi han hadde noko å bevise. No blei det borte. Då er ikkje talentet godt nok til å surfe vidare.

Brevig har følgt Velta opp og ned i desse bølgedalane, og veit kva som måtte til for at guten frå Lommedalen skulle bli best i verda.

No er eventyret slutt, og Velta kan sjå attende på ein innhaldsrik karriere.

På toppen

Og det er liten tvil om kva som er høgdepunktet:

Rune Velta landar på 95,5 meter. Det er akkurat det same som i første omgang. Det er verdsmeisterskap i normal bakke i Falun. Severin Freund har sett press på nordmannen, men Velta får ikkje skjelven.

Rune Velta vant gull i ski-VM i Falun. Komm.: Christian Nilssen og Johan Remen Evensen.

Ikkje før etter poenga er talt opp. Velta har blitt verdsmeister i normal bakke. Beina skjelv, og han kan sleppe jubelen laus.

– Det var ei ekstrem stor glede. Det å få oppleve den store barndomsdraumen er ganske spesielt.

Også Remen Evensen får gåsehud når han tenkjer attende på den store bragda i Falun.

– Det er litt av ein følelse å sjå resultatet komme opp på tavla, og beina sviktar under han. Det var heilt spesielt å sitte i boksen og kommentere det. Den augneblinken kjem eg alltid til å hugse.

Og det har vore litt av ein veg dit. Brevig meiner det nesten er utruleg at han kom seg heilt til toppen.

– Det er fantastisk det Rune har fått til med det utgangspunktet. Vegen frå juniorhoppar til suksessen i Falun har vore utruleg.

Velta tek også gull i laghopp, sølv i mikslag, og bronse i stor bakke. Men etter meisterskapen er over, byrjar vegen mot det som i dag kulminerte i karriereslutt. Det kjem både trist og brått på fleire.

Nedslaget

Men hovudpersonen sjølv har tenkt på dette i lengre tid.

– Det har vore ein jamn læring. Der eg heile tida har fått erfare at eg ikkje har den motivasjonen som trengst. Til slutt måtte eg berre innsjå at eg ikkje var rusta til å prestere på.

Remen Evensen støttar Velta i avgjersla, sjølv om det kom brått på.

– Det kom overraskande. Samstundes har ein sett resultat og form som har dala. Kanskje blei han metta etter Falun. Han hadde nok ikkje viljen til å legge ned den innsatsen som trengst, og då har ein ingenting i det gamet å gjere.

NORDIC-SKIING/ Velta of Norway lands his jump in the men's large hill team ski jumping final at the Nordic World Ski Championships in Falun

I 2012 var Rune Velta eit nedslag frå gull i skiflygings-VM. Her sikrar han gull til Norge i lagkonkurransen i VM i Falun.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

Heller ikkje trenar Brevig hadde sett det komme, sjølv om teikna var der. Han trur Velta har gjort det rette valet, ut ifrå dei føresetnadene han no har.

– Det er trist at ein hoppar som kan prestere so godt gir seg, men det er samstundes gledeleg at han tek det valet og vil vidare i livet.

For landslagstrenar Stöckl er det også vanskeleg å sjå ein hoppar med so stort potensial slutte. Han trur og håpar at landslagsapparatet har gjort sitt beste for å bevare talentet til Velta.

– Me kjem alltid til å stille oss det spørsmålet. Kunne me gjort noko betre? Me vil sjølvsagt unngå fleire slike situasjonar i framtida, men til sjuande og sist er det utøvaren som bestemmer.

Han kjenner litt på frykta av å ikkje ha strekt til, men seier at dei har gjort sitt yttarste for at Velta skal prestere, også etter Falun.

– Det får me aldri finne ut. Me har prøvd å gjere det beste. Me har lagt til rette so godt me kan.

Mysteriet Velta

Men det er vanskeleg for dei som har følgt Velta tett å svare på korleis ein hoppar kan gå frå å vere so god, til å ikkje få det til. Sjølv Brevig, som har vore nærast, ler litt i det han får spørsmålet om kva som har gått gale.

Reportasje sendt den 25.04.2016. Reporter: Ole Rolfsrud, foto: Jorunn Hatling og redigering: Ole Rolfsrud.

– Viss du har eit godt svar på det, må du nesten ringe meg igjen. Det er umogleg å svare på. Rune hadde enormt store svingingar i prestasjonane gjennom heile karrieren.

Heller ikkje Remen Evensen har eit godt svar.

– Hadde eg hatt svaret på det, hadde eg vore trenar, og berga mange karrierar. Det er ikkje berre den fysiske biten, det er også ein mental bit som gjer at du må vere heilt til stades. Du må vere på plass både i hovudet og i kroppen.

Men ein ting er sikkert. Rune Velta har gitt oss mange ugløymelege idrettsaugneblinkar.