Gregor Schlierenzauer
Foto: Jure Makovec / Afp

Hoppfenomenet ingen kan forklare

Skihopparar som dominerer ein sesong, for å så bli listefyll året etter. Vi har sett det før, men no skjer det med sjølvaste Gregor Schlierenzauer.

3. januar 2016, Innsbruck: Det er første omgang i det tredje renn av den tysk-austerrikske hoppveka. Gregor Schlierenzauer har vunne fleire sigrar enn nokon andre i verdscupen med sine 53. Bakken i Innsbruck kjenner han betre enn nokon. Han vart født i byen for snart 26 år sidan.

Alle hopparar slit litt innimellom og eg har halde på i verdstoppen i 10 år.

Gregor Schlierenzauer etter 33.-plassen i Innsbruck

Men det går ikkje som planlagt. Austerrikaren landar på 117 meter. På sletta rister han på hovudet, lagar misfornøgde grimasar og må sjå seg slått av veteranen Noriaki Kasai.

– Alle slit innimellom

Schlierenzauer har slitt heile sesongen, og ligg no på 31.-plass i verdscupen samanlaget.

Etter å ha mislukkast i å kvalifisera seg til finaleomgangen i to av tre renn i hoppveka, har Schlierenzauer berre rennet i Bischofshofen igjen til å vise gammal storheit.

– Alle hopparar slit litt innimellom og eg har halde på i verdstoppen i 10 år. Dette er første gong eg har hatt ein tøff periode og det skal eg kjempa meg gjennom, sa Schlierenzauer til NRK 4. januar, dagen etter rennet i Innsbruck.

Gregor Schlierenzauer sliter i hoppbakken. Komm.: Christian Nilssen og Johan Remen Evensen.

SKUFFA: Schlierenzauer landar på 117 meter under det tredje rennet i hoppveke. Det heldt berre til 33.-plass og ein ser tydeleg på kroppsspråket at austerrikaren er langt frå nøgd.

Seinare same dag kjem beskjeden om at Schlierenzauer er vraka frå det austerrikske laget til avslutningsrennet i Bischofshofen. Hoppveka vert avslutta utan mannen som har tatt flest verdscupsigrar av alle i med sine 53 og som vann hoppveka i 2012 og 2013.

– Det er nok unikt for hoppsporten at det varierer på denne måten.

Anders Jacobsen

2014 er året Schlierenzauer tok sin hittil siste individuelle verdscupsiger, etter å ha vunne i storbakken på Lillehammer, 6. desember, 2014.

Men kva er det med hoppsporten, som gjer at utøvarar plutseleg «gløymer »korleis ein hopper langt på ski over nokre få sommarmånadar?

Unikt for hoppsporten

At ein hoppar har motgang er som nemnd ikkje noko nytt. Historia er full av hopparar som har levert ein eller to supersesongar, for å så forsvinne heilt frå toppsjiktet.

Eit norsk døme er Rune Velta, som for elleve månadar sidan tok to gull, eitt sølv og ein bronse i VM. Det har ført til tre nominasjoner til helgas idrettsgalla, der han er nominert til prisen for årets mannlege idrettsutøvar, årets namn og årets teamprestasjon. I år har han delteke i eitt verdscuprenn som enda det med ein 37.-plass og han vraking frå det norske laget til hoppveka.

NRKs hoppekspert og tidlegare storhoppar, Anders Jacobsen, veit kva kjensler Schlierenzauer og Velta sitter med. Han opplevde stor suksess tidleg i karrieren, før han hadde motgang og sviktande resultat i fleire sesongar. Jacobsen prøver å forklara korleis ein hoppar kan variera så mykje i prestasjonen frå sesong til sesong.

– Det er nok unikt for hoppsporten at det varierer på denne måten. Det kan vera mange grunnar til at ein hoppar plutseleg sluttar å prestera, seier Jacobsen, som vann hoppveka i 2006/2007.

I går sprakk nyheiten om at Schlierenzauer har brutt med kjærasten han vore saman med sidan 2010. Det kan vera ei forklaring på kvifor verdsmeisteren frå Oslo har slitt tungt den siste sesongen.

– For å lukkast i hopp må alt stemme. Det må vera harmoni både på heime- og bortebane. Det er individuelt korleis slikt påverkar utøvarar, men for meg var det viktig at ting stemte på heimebane. Når ein har 200 reisedøgn i året er det viktig at ting er bra dei døgna ein er heime, seier Jacobsen.

Innovatøren som forsvann

Det er ikkje eit nytt fenomen at hopparar dett nedover på resultatlistene etter gode resultat over ein kort periode. Nokon har framleis levert brukbare resultat i ettertid, medan andre har blitt heilt vekke.

Svensken Jan Boklöv revolusjonerte i sin tid hoppsporten då han innførte V-stilen. Han tok fem verdscupsigrar på slutten av 1980-talet og vann verdscupen samanlagt i 1988/1989 sesongen. Etter at fleire adopterte V-stilen var tida på toppen over for Boklöv.

På den tida var det fleire hopparar som ikkje hang med i utviklinga og datt igjennom etter innføringa av V-stilen.

Eit av dei mest ekstreme døma er finnen Toni Nieminen. Han vart tidenes yngste olympiameister i Albertville i 1992 då han tok to gull. Same året vann han også verdscupen og hoppveka. Sesongen etter enda han på 50.-plass i verdscupen samanlaget, og resten av karriera klarte han aldri å leva opp til debutsesongen med unntak av at han vart førstemann i verda som sto etter eit hopp på over 200 meter i 1994.

Når idrettsutøvarar prøver for hardt å overstyre rørsler i kroppen som vanlegvis går på autopilot i hjernen, kan resultatet bli dårlegare og dårlegare jo hardare ein prøver.

Sian Beilock, idrettspsykolog og forfattar av boka «Choke».

I åra etter var Espen Bredesen uslåeleg og sikra seg gull både i VM i 1993 og OL på Lillehammer 1994 – siger i hoppveka og verdscupen. Forskjellen på Bredesen og dei andre er at skadar spelte ein stor rolle i den sportslege nedgangen.

I nyare tid har vi sett Jakub Janda herje med konkurrentane frå 2004–2006. Janda er framleis aktiv, men har ikkje klart å oppnå stor suksess etter 2006.

– For Janda har nok hoppinga blitt meir eit yrke enn ein lidenskap, og derfor har han ikkje klart å følge opp, seier tidlegare hoppkommentator i NRK, Arne Scheie.

Prøver for hardt

Skihopp vert skildra som ein sport med små marginar som skill mellom suksess og «fiasko». Jacobsen prøver å forklara kva som grunnen til at det har gått tungt for Schlierenzauer dei siste åra.

– Han har vore dominerande i fleire år og det kan gjera at ein føler seg for trygg på seg sjølv. Då kan det svikte i rutinane under sommaren, seier Jacobsen.

– Du hadde nokre tøffe sesongar med motgang i din karriere. Kva skjer i hovudet til utøvarar når det skjer?

– Ein vert veldig søkande og leiter etter det som er feil. Om ein vert desperat etter å finna feilen og prøver for hardt, kan det gjera det verre. Gregor har aldri møtt motgang før, og då kan det vera ekstra tøft å takla det, svarar Jacobsen, som sjølv hadde skadeproblem i dei sesongane det butta imot.

NORDIC-SKIING/ Gold medallist Velta of Norway during the medal ceremony the men's HS 100 (Normal Hill) Ski Jumping event at the Nordic World Ski Championships in Falun

TUNGE DAGAR: Etter ein sterk vinter i fjor har det gått tungt for Rune Velta denne sesongen. Gullgliset frå VM i Falun er bytta ut med svake plasseringar i kontinentalcupen.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Medan dei andre norske hopparane markerer seg sterkt i hoppveka, er førre sesongs store gjennombrot, Rune Velta, heime og trenar. Han beskriv tida han går gjennom slik.

– Eg har inga good feeling no. Eg har trøbla med det tekniske i ein lengre periode og nokre feil er vanskelege å finne. Når ting ikkje går så bra er det lett å gløyme det som faktisk fungerer og då kan ein prøve for hardt å rette opp i det, seier Velta.

Mysterium

Alle desse argumenta om kvifor hopparar vaierar i prestasjonar har ein høyrd før, og det verkar å vera sanninga at det faktisk er så små detaljar så skill mellom ein siger og ein plass langt nedpå lista.

Men kva seier vitskapen?

Det har blitt gjort undersøkingar og skrive bøker om fenomenet som gjer at idrettsutøvarar på toppnivå ikkje klarar å gjenta topprestasjonar om att og om att. Og kvifor fleire sviktar når det gjeldt som mest.

I boka «Choke» snakkar psykolog Sian Beilock om denne problemstillinga.

– Når idrettsutøvarar prøver for hardt å overstyre rørsler i kroppen som vanlegvis går på autopilot i hjernen, kan resultatet bli dårlegare og dårlegare jo hardare ein prøver, sa Beilock i eit intervju om boka, til den amerikanske TV-kanalen TVO.

Med andre ord, mykje av det same som Rune Velta poengterte at han har hatt problem med denne sesongen.

Mysteriet som ingen ser ut til å ha ei løysing på er; om alle veit kor problemet ligg, kvifor finn ein då ikkje løysing på det?

Det finn ein ikkje noko godt svar på. Det er berre slik menneskekroppen er skrudd saman.

Anders Jacobsen

SLIK VI ER VANDT MED: Det er slik ein har blitt vant til å sjå Gregor Schlierenzauer. Her blir han gratulert av Anders Jacobsen etter å ha gått til topps i hoppveka i 2013.

Foto: SAMUEL KUBANI / Afp

– Kjem tilbake sterkare enn nokon gong

No har Schlierenzauer nokre dagar på seg til å prøve å finne att til gammal klasse før verdscupen fortsetter i Willingen til helga.

Anders Jacobsen på si side er sikker på at Schlierenzauer vil komme tilbake på toppnivå, og då vert austerrikaren ei tøff nøtt å slå.

– Han har måtte lære seg å takle motgang, for det har han aldri opplevd før. Når han finn tilbake til toppformen vert han livsfarleg, seier Jacobsen.

Så du er ikkje i tvil om at han vil komme tilbake på toppnivå?

– Nei, det tviler eg ikkje på i det heile tatt. Han har ein vanvitig vinnarskalle og vil komme tilbake heilt på toppen av resultatlistene, svarar Jacobsen.

Historisk sett er det mange døme på hopparar som aldri klarte å finna vegen tilbake til toppen, men Anders Jacobsen klarte det få andre har klart. Han kom tilbake i verdstoppen og vann fleire verdscupsigrar.

Så vil framtida vise om Schlierenzauer klarar å klatra tilbake på toppen på sigerspallen igjen, eller om han å vert endå eit døme på skihopparar som ikkje klarte å kjempa i toppen igjen etter å ha møtt motgang.