– Det er ingenting som er så kjedeleg som å hoppe dårleg på ski. Og da blir det eit legitimt spørsmål: Skal ein drive med det her når det eigentleg berre er forferdeleg?
Det spørsmålet stilte Johann André Forfang til seg sjølv for to år sidan. Han hadde akkurat enda på 24. plass i verdscupsamandraget, og vurderte sterkt å legge opp.
– Eg nådde botnen før fjorårssesongen. Det var veldig reelt at eg vurderte å finne på noko anna, seier Forfang til NRK.
På det tidspunktet hadde ikkje Forfang vore på pallen på over tre år. Men i løpet av sommaren 2022 tok han eit val: Han skulle bli ein av dei beste skihopparane i verda igjen.
– Eg hadde ikkje alltid trua på at eg skulle lykkast igjen på den her måten. Det er eigentleg heilt uverkeleg, seier han.
– Hovudet spelte ikkje på lag
To år seinare gliser Forfang med ein pokal i handa. I rennet fredag blei han nummer tre i skiflygingsbakken i Planica.
– Det er veldig herleg. Eg har lengta etter å kjempe om pallplasseringar, så det er herleg å gjere det her i Planica, seier han etter tredjeplassen.
Forfang har sin beste sesong på fem år. Han enda på sjuandeplass i verdscupen samanlagt, og kan vise til siger både i Willingen og Holmenkollen.
– Det kjentest vel hårete å skulle begynne sesongen i år med tankar om at eg skulle vinne hopprenn i vinter. Eg sa det til meg sjølv, men eg trudde ikkje på det alltid, seier han.
Forfang fortel at han dei siste to åra har jobba systematisk med det mentale. Det har vore eit problem for han når det har stanga imot.
– Først handla det om å komme seg på eit nivå der eg faktisk kan kjempe. Det klarte eg, men hovudet spelte ikkje heilt på lag. Det var ein prosess eg eigentleg ikkje lykkast med før godt utpå nyåret i år, seier han.
– Han er i sitt livs form
28-åringen fortel at han har jobba tett både med lagkameratar og støtteapparatet for å komme tilbake igjen på det nivået han tidlegare hadde inne.
– Han er sterk i hovudet. Han har stått på sjølv om ting ikkje har gått vegen og det får han betalt for i år, seier Marius Lindvik til NRK.
Robert Johansson deler Lindvik sine meiningar, og skryter lagkompisen opp i skyene.
– Vi merka før sesongen at han verkeleg hadde bestemt seg. Eg har aldri sett han hoppe som han gjer nå. Han er i sitt livs form, seier Johansson til NRK.
Det neste året ventar det store målet for Forfang. 28-åringen, som flytta til Trondheim allereie i 2011 for å satse på skihopping, ser på VM i Trondheim som den viktigaste konkurransen i heile karrieren hans.
– Nå har eg vunne to renn i vinter og tatt éin lagsiger, så det gir så klart mykje motivasjon. Eg er ordentleg gira på det som kjem, og eg har trua på meg sjølv inn i ein VM-sesong på heimebane, seier Forfang.