Det var på måndag sportsnettstaden The Athletic melde at det statseigde turistselskapet Visit Saudi kom til bli ein av dei offisielle sponsorane for fotball-VM for kvinner i Australia og New Zealand til sommaren, som Noreg skal delta i. Avtalen mellom Saudi-Arabia og Fifa har ikkje vorte offentleggjort, men arrangørlanda har fått med seg rapportane.
Og dei liker det ikkje.
– Vi er svært skuffa over at Det australske fotballforbundet ikkje vart konsultert før ei avgjerd vart teken, seier ein talsperson for fotballforbundet til The Athletic.
Det australske fotballforbundet har, saman med forbundet i New Zealand, kontakta Fifa og kravd ei uvilkårleg forklaring på Visit Saudi-rapportane.
Visit Saudi var elles også sponsor for VM i Qatar i fjor.
AVBILDA SAMAN: Fifa-president Gianni Infantino og Kronprins Mohammed bin Salman. Dei har vorte avbilda saman ved fleire høve.
Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters– Hyklersk
Direktør for kvinnefotballen i Australia, Bonita Mersiades, langar ut mot den påstått avtalen:
– At Visit Saudi skal sponse VM for kvinner er berre endå eit døme på at Fifa og fotballen er hyklersk når det gjeld verdiane dei seier dei har og kvar pengane faktisk kjem frå, seier ho til The Athletic.
Ho er langt frå den einaste som reagerer, og NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt bruker same skildring.
– Det kjem ikkje som noka overrasking. Og det er veldig mykje hyklersk ved det, seier Saltvedt.
– Det er grunn til å spørje seg sjølv om dette engasjementet for kvinners deltaking i idretten stikk djupt eller om det berre er ein del av omdømmevaskinga, seier Frank Conde Tangberg, politisk rådgivar i Amnesty, til NRK.
KRITISK: Politisk rådgivar i Amnesty, Frank Conde Tangberg.
Foto: Tom Balgaard / NRK– Det er urovekkjande at idretten, som alltid er oppteken av å hevde autonomien sin, i stadig større grad lèt seg bruke av autoritære regime som ønskjer å styrkje omdømmet sitt ved mellom anna å avleie merksemda vekk frå eigne menneskerettsbrot, seier han vidare.
No bevegar dei seg for alvor inn i kvinnefotballen òg.
NRK har kontakta styresmaktene i Saudi-Arabia og stilt fleire spørsmål, men har førebels ikkje fått svar. Heller ikkje Fifa har førebels svart på NRKs førespurnader.
Ferske i fotballen
Det saudiarabiske fotballforbundet vart både stifta og innlemma som Fifa-medlem i 1956, men det var først i 2018 kvinner byrja å bli involvert i det som er landets desidert mest populære sport.
I 2018 fekk kvinner for første gong lov til å sjå fotballkampar frå tribunen. Før det var det forbod mot kvinner på stadion.
Same år fekk dei elles også lov til å gå på kino og køyre bil.
PÅ KAMP: Det er berre nokre få år sidan saudiarabiske kvinner fekk sjå fotballkampar på stadion. Her feirar dei Saudi-Arabias siger over Argentina i VM i fjor.
Foto: Luca Bruno / API 2020 vart ein eigen liga for kvinner lansert, og i fjor spelte det kvinnelege landslaget sin aller første kamp: Ein privatlandskamp mot Seychellane. Nyleg arrangerte dei også ei turnering som sikra dei ein plass på Fifa-rangeringa.
Onsdag melde også NTB at Saudi-Arabia sikra landet seg ein representant i Fifas styre.
Slik jobba også Qatar før dei fekk VM. Same år som dei søkte og fekk tildelt VM i 2022, spelte kvinnelandslaget sin første offisielle kamp. Då NRK drog for å finne landslaget i fjor haust, var dei nesten umogleg å oppdrive.
Men samtidig som ting er i endring: Saudiarabiske kvinner er framleis underlagde eit verjesystem som avgrensar fridommen deira.
Verjesystemet gjer at dei treng løyve frå ein mannleg familiemedlem til fleire ting, til dømes å inngå ekteskap eller oppsøkje enkelte helsetenester.
Menn kan enkelt opprette saker mot kvinner og grunngi det med «ulydnad», noko som ifølgje Human Rights Watch har resultert i arrestasjonar og at kvinner, mot sin vilje, må returnere til verja.
– HYKLERSK: Det meiner NRKs sportskommentator, Jan Petter Saltvedt.
Foto: ALEM ZEBIC / NRK– Det er sjølvsagt ekstremt provoserande når dei skal inn og vere ein del av dette når kvinnene i Saudi-Arabia er i den posisjonen det er, seier Saltvedt.
– At dei i tillegg kjem inn i eit VM som blir spelt i to av verdas mest likestilte land er både absurd og provoserande, legg han til.
På fleire frontar
Saudi-Arabia, som i fjor avretta 81 menneske på éin dag, har vorte skulda for å drive med sportsvasking for å dekkje over menneskerettsbrot i lang tid.
Det saudiarabiske investeringsfondet står bak den kontroversielle golfturneringa LIV Tour. Dei har kjøpt opp Premier League-klubben Newcastle United. Ifølgje Bloomberg ville dei kjøpe Formel 1.
Fleire fotballturneringar og kampar, blant dei den spanske og italienske supercupen, blir spelt i landet.
KASTA GLANS: Cristiano Ronaldo (i lyseblå) og Lionel Messi møttest nyleg til ein vennskapskamp mellom eit samansett saudiarabisk stjernelag og PSG.
Foto: Hussein Malla / APDei har Lionel Messi som offisiell ambassadør. Cristiano Ronaldo er den store stjerna på eit saudiarabisk lag.
Og dei posisjonerer seg for å få arrangere fotball-VM i 2030.
– Dei viser makt, nærvær og posisjon. Dei viser overfor heile verda at dei har planar om å skulle vere med på absolutt alle dei største arenaene framover. Dei skal skape eit bilete av ein moderne fotballnasjon, og ikkje minst ein verdig, framtidig VM-arrangør, seier Saltvedt, og legg til:
– Dei har bestemt seg for å gå «all in» på dette prosjektet. Og dei viser at dei tek alle element på alvor. For dei gjer alle tinga som står på hugselista for kommande søkjarar.
Ønskjer seg VM
Fleire medium har, over lengre tid, rapportert at Saudi-Arabia ønskjer å arrangere fotball-VM-et til herrane i 2030 saman med Egypt og Saudi-Arabia. Det er likevel berre éin klar kandidat til no: Spania, Portugal og Ukraina har søkt om å arrangere saman.
MED PÅ LAGET: Den argentinske superstjerna har lagt ut fleire bilete frå Saudi-Arabia på sin Instagram. Han er ambassadør for landet.
Foto: Leomessi / InstagramSaudi-Arabia har ein overordna, politisk strategi, kalla «visjon 2030». Charlotte Lysa ved Universitetet i Oslo har tidlegare sagt til NRK at alt Saudi-Arabia gjer no og framover blir gjort med tanke på dei politiske måla deira retta mot år 2030.
Å posisjonere seg innanfor kvinnefotballen føyer seg inn i same rekkje.
– Saudi-Arabia har ambisjonar om å tiltrekkje seg idrettsturneringar i ulike storleikar, og ekskludering av kvinner kan gjere det ekstra vanskeleg for Saudi-Arabia å få ein del meisterskap, seier Tangberg i Amnesty.
SENSASJON: Saudi-Arabia både sjokkerte og imponerte då dei slo Argentina 2–1 i opningskampen av VM i Qatar.
Foto: MANAN VATSYAYANA / AFPNo blir Saudi-Arabia, ifølgje rapportane, sponsor av fotball-VM-et til kvinnene saman med store, kjende merkevarer som Adidas, Coca-cola og Visa.
NRK har vore i kontakt med Norges Fotballforbund rundt Saudi-Arabia som VM-sponsor. Dei undersøkjer saka nærare og har derfor ikkje hatt høvet til å kommentere.