Hopp til innhold

Messi i VM-skvis – kan bidra til at Argentina blir vraka

Kampen om å arrangere VM i 2030 dreg seg til. Lionel Messi kan bli ei avgjerande brikke for kven som arrangerer dei mest populære idrettsarrangementa i verda.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Final - Argentina v France

I SPAGATEN: Lionel Messi får kritikk for Saudi-Arabia-reklame.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters

– Eg kan ikkje begripe det. Eg synest det er heilt utruleg at han kan gå med på ein avtale med Saudi-Arabia når han veit Argentina også er ein VM-kandidat. Det stadfestar korleis fotballen er gjennomròten for kommersielle inntekter, seier Sør-Amerika-ekspert Vegard Bye til NRK.

Ein skulle tru at det er openbert kva for kandidatur den ferske VM-vinnaren Lionel Messi støttar, men det er det kanskje ikkje likevel.

Det siste halvåret har Messi promotert for det statseigde turistselskapet Visit Saudi, der han altså kastar glans over Saudi-Arabia som land.

Det er verd å nemne at han førebels ikkje har hinta om eit VM i landet, men han har vorte brukt til å vise fram turistattraksjonar.

Nettstaden The Athletic har vore i kontakt med Messis representantar, som ikkje kunne gå inn i detaljar om lengd og sum knytt til avtalen med Saudi-Arabia.

Detaljar om vilkår i avtala er førebels ikkje kjend.

Messi speler truleg ikkje fotball-VM i 2030, men han kan altså i høgaste grad bli involvert i meisterskapet likevel.

Det er førebels er éin kandidat stadfesta. Det er eit samarbeid mellom Spania, Portugal og Ukraina.

Det er venta to andre kandidatar som sannsynlegvis vil bli stadfesta om ikkje så altfor lenge. Det er snakk om eit samarbeid mellom fire søramerikanske land i Uruguay, Chile, Paraguay og Argentina.

Då planane til dei søramerikanske landa vart kjende, var uruguayanske Luis Suárez og Messi blant frontfigurane. Dei dåverande lagkameratane stilte opp saman på eit bilde med nummer 20 på drakta til Suárez og nummer 30 på drakta til Messi, for å symbolisere VM-året 2030.

Soccer Football - 2018 World Cup Qualifiers - Uruguay v Argentina

VM PÅ HEIMEBANE? Luis Suárez og Lionel Messi poserte med draktnummer 20 og 30 i 2017.

Foto: STRINGER / Reuters

– Utruleg spagat

Bye meiner mellom anna desse to spelarane er viktige i kampen om å sikre seg VM. Men han sår tvil om Messi faktisk føretrekker heimlandet sitt.

– Han har sikkert sagt han støttar Argentina, men kor truverdig er det? Saudi-Arabia har gjort 2030 til eit nøkkelår, og VM vil vere krona på verket. Eg trur dette kjem til å bli eit problem på heimebane for Messi. Han må vere i ein utruleg spagat no, seier Bye.

Vegard Bye

KRITISK: Vegard Bye er skuffa over at Messi promoterer saudiarabisk turisme.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Det er også forventa at Saudi-Arabia, Egypt og Hellas kjem til å søke om å halde dei mest ettertrakta idrettsarrangementa i verda.

The Athletic skriv at Messis apparat ikkje ville kommentere kva dette gjer med hans involvering i Argentinas VM-søknad. Dei ville heller ikkje kommentere kor mange gonger han skal besøke landet i Midtausten.

I eit innlegg frå 20. juni skreiv argentinaren:

– Mange har spurt meg om min tur til Saudi. Eg besøkte landet i Jeddah-sesong, og la meg fortelje deg, det var utruleg. God mat, live underhaldning, kunst, kultur og vassport. Det er fleire festivalar på gang! Eg klarer ikkje vente på min neste tur slik eg kan fortelje dykk meir.

Lionel Messi Saudi
Foto: Leomessi / Instagram
Messi Saudi
Foto: Leomessi / Instagram
Messi Saudi-Arabia
Foto: Leomessi / Instagram

– Profilane har latt seg kjøpe

Charlotte Lysa ved Universitetet i Oslo, som har spesialisert seg innan samfunn i Saudi-Arabia, påpeikar at ho ikkje kjenner detaljane i Messis avtale med landet. Men ho påpeikar at han har kasta glans over landet frå Midtausten i fleire år for Argentina og Barcelona, først og fremst.

– Det er ei forlenging i at dei vil tiltrekke seg dei største fotballaga, og særleg dei største profilane, seier Lysa til NRK.

Det blir hevda at avtalen han har med Visit Saudi går ut i 2030. Det er ikkje sikkert det er tilfeldig.

– Den overordna politiske strategien til Saudi blir kalla visjon 2030. Viss du ser på kva dei gjer, så skjer alt mot 2030 og alle politiske mål er retta mot det året. 2030 er eit viktig år for dei, uavhengig av fotball-VM, fortel Lysa.

Mohammed Bin Salman og Gianni Infantino

MEKTIG: Mohammed Bin Salman har truleg planar om å få VM til Saudi-Arabia.

Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP

Ho seier vidare at vi har sett ein aukande bruk av profilar i samband med Saudi-Arabia på generell basis. Det kan vere eit steg for å sikre seg fotball-VM i landet.

– Fotballprofilane har latt seg kjøpe, kan ein seie. Då Messi var på besøk i Saudi-Arabia med Argentina var det ikkje måte på kor mange bilde det vart teken av han då han gjorde ting, seier ho og held fram:

– Dei har eit rykte på seg som ein stad du ikkje vil besøke. Dei har unekteleg dårleg rykte samanlikna med nabolandet Dubai, og dei bruker Messi til å snu det inntrykket med å vise eit heilt anna bilete av landet.

Les også Denne gesten vekker sterke reaksjoner – kan være brudd på Fifas egne regler

Messi Sheikh Tamim bin Hamad Al Thani

Promoterte VM i Argentina

Det er uansett ingen tvil om at Saudi-Arabia involverer seg meir og meir i fotballen. Dei planlegg allereie å byggje fleire arenaer, og deira største stadion i King Fahd International Stadium skal fornyast og få auka tilskodarkapasitet.

Det er eit land der all underhaldning bortsett frå fotball og sport var forboden, og berre menn kunne drive med sport. Det seier noko om potensialet, både nasjonalt og internasjonalt, for dette er pengar som har gått ut av landet i staden for internt i landet, seier Lysa.

TOPSHOTS

FLEIRE BESØK: Lionel Messi har ved fleire høve vore i Saudi-Arabia med Barcelona og Argentina.

Foto: MOHAMMED MASHOUR / AFP

– Messi står no i ein mogleg skvis, med både Saudi-Arabia og Argentina som moglege VM-kandidatar i 2030. Kva kan Saudi-Arabia freiste med?

– Det handlar nok i hovudsak om pengar. Ein kan også seie at fotball er veldig populært i Saudi-Arabia, så du får ein heltestatus om du besøker landet. Det er klart at anerkjenning får nok Messi andre stader òg, så det er pengane som skil seg ut.

Det skal seiast at laga frå Sør-Amerika også kan ha ein fordel med at det er 100-årsjubileum for VM, og nettopp Uruguay vann den første utgåva. Derfor kan ein tenke at det har, om ikkje anna, ein symbolsk effekt.

Messis tidlegare lagkamerat på landslaget Maxi Rodriguez innrømmer at det ser litt rart ut å promotere for Saudi-Arabia no.

– Ja, ærleg talt. Men samtidig veit du ikkje kva som kan skje til slutt. Ein vil at VM skal vere på heimebane. Men det er mykje som må gjerast først, og det er ikkje lett å arrangere eit VM. Vi får sjå når vertsnasjonen blir vald. Som argentinar vil eg oppleve dette igjen, seier Rodriguez til The Athletic.

Valet av vertsnasjon skal bestemmast i 2024.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Nok et tap for Lilleberg og Lightning

    Emil Lilleberg og hans Tampa Bay Lightning tapte 3–2 borte for Florida Panthers, og ligger dermed under 2–0 i kamper av Stanley Cup-sluttspillets første runde.

    Lilleberg fikk 17 minutter på isen og bidro med blant annet ett skudd på mål.

    Washington Capitals v Tampa Bay Lightning
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP
  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal