- Dersom vi treng ei endring av meldepliktsystemet, ønskjer vi ein slik debatt velkommen, seier Anders Solheim i Antidoping Norge.
Sandvolleyballspelaren Vegard Høidalen blei i går frifunne av appellutvalget i Norges Idrettsforbund. Han blei i haust dømt til fire månaders utestenging fordi han tre gongar ikkje var tilgjengeleg for dopingjegarane.
Les:
Les:
- Tar dommen til etterretning
- Dommen tar vi til etterretning, men vi er nøydde til å ha eit meldepliktssystem for å drive eit effektivt arbeid mot doping, seier Solheim, som likevel ser at systemet har svakheiter.
- Eg trur det er mange punkt det er mogleg å sjå på, utan at eg vil vere konkret. Ei revidering av regelverket er ein debatt vi gjerne tek, seier Solheim.
Reglane er vedteke av WADA og idrettsstyret i Norges Idrettsforbund. Og blei så seint som i haust justert og endra.
Vil ikkje trekkje seg
Skal reglane forandrast, må saka opp i idrettsstyret på nytt.
Etter at dommen kom frå appellutvalet i går, var frikjente Høidalen raskt frampå med å kreve Anders Solheim sin avgang.
- Eg ser ingen grunn til å trekkje meg. Det er opp til styret i Antidoping Norge å vurdere om jeg gjør en god jobb eller ikkje, sier Solheim.