Hopp til innhold

Ofra eige EM-løp då lagkompis kollapsa: – Må ta vare på kvarandre

Vebjørn Hovdejord (19) hadde fått ein perfekt start på EM-løpet sitt, så fall lagkameraten om.

Vebjørn Hovdejord hjelper Abdullahi Dahir Rabi.

STOPPET: Her hjelper Vebjørn Hovdejord lagkompisen Abdullahi Dahir Rabi under EM-løpet.

Foto: Atleticamente Foto

Eg kjende meg pigg i starten av løpet, men nokre gonger er ikkje resultatet viktig nok for at ein venn skal liggje igjen på bakken midt i løypa, seier Vebjørn Hovdejord til NRK.

19-åringen låg akkurat der han ville plasseringsmessig etter ein runde under EM i terrengløp i Torino.

Men, plutseleg fall lagkamerat Abdullahi Dahir Rabi saman like framfor han. Då stoppa 19-åringen sin eige løp for å hjelpe.

Då eg sprang forbi, såg eg at han låg der. Første gong trudde eg han berre hadde falle, så eg byrja å springe forbi. Men eg såg at han låg så rart, så då snudde eg igjen, fortel Hovdejord.

Les også: Hyllet storebrors 23. plass etter gulløpet: – Helt sykt

Henrik og Jakob Ingebrigtsen
Henrik og Jakob Ingebrigtsen

Kollapsa

Rabi var ein av dei store favorittane til å vinne juniorklassen i årets meisterskap. Etter rundt seks og eit halvt minutt sa det stopp. Opp ei lita bakke la han seg ned, medan konkurrentane sprang forbi.

– Der kneler Rabi totalt. Han er heilt utanfor og legg seg ned, sa ekspertkommentator Vebjørn Rodal.

Då løparane passerte same stad nokre minutt seinare, kunne ein sjå fire personar frå Røde Kors stod over Rabi. Like etter vart han frakta ut av løypa, og boren inn i ein ambulanse.

TV-sjåarane fekk ikkje sjå at lagkameratane Hovdejord og Esten Hansen Møllerud Hauen stoppa sine eige løp for å sjekke tilstanden hans.

– Det var ikkje noko kontakt å få med øya. Rabi var heilt fjern i fjeset, så eg prøvde å få kontakt med han og få han opp på beina, men beina bar han ikkje. Så då var det berre å dra han ut av løypa, så han kunne få hjelp, forklarer Hovdejord.

Stivna til

Hovdejord og Hauen heldt løpet fram sitt etter pausen, men då merka Hovdejord det på kroppen.

Eg måtte ned på kne og løfte på han. Då eg skulle byrje å springe igjen, vart eg stiv med eingong, så eg brukte halvannan runde på å bli kvitt syra, og då var det eigentleg for seint, seier det unge løpstalentet.

Han hamna til slutt på ein 30.-plass, medan Hauen vart beste nordmann på ein sjuandeplass.

I fjor haust vart Hovdejord nummer 14 under EM i terrengløp, den gong i Irland. I 2021 tok han sjuandeplass på 5000 meter under U-20 EM.

NM friidrett 2021

MÅL: EM i terrengløp var det store målet i sesongen for Hovdejord.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Det var eit veldig viktig løp for deg – var du nokon gong i tvil om å stoppe?

Ja, eg sprang jo forbi, men det gjekk veldig mange tankar gjennom hovudet. Det var først og fremst om eg skulle springe vidare, og om kor ille det var, svarer Hovdejord.

Løpetalentet seier at han ikkje angrar på at han hadde stoppa då han løp vidare etter å ha hjelpt Rabi. Likevel innrømmer Hovdejord at han i etterkant sit igjen med litt blanda kjensler.

– Viss eg tenkjer på mitt eige resultat, så gjekk det jo utover det. Men eg er glad for at eg snudde. Vi var jo på eit lag, og då må ein ta vare på kvarandre, avsluttar 19-åringen.

Abdullahi Dahir Rabi på sykehus i Torino

INNLAGT: Abdullahi Dahir Rabi har vore fleire dagar i sjukehussenga i Italia, no har han vorte skrive ut.

Foto: Privat

Ute av sjukehuset

Rabi hugsar ikkje at han svima av, men har fått med seg at lagkameratane hjelpte han ut av løypa.

– Det er veldig bra gjort av dei. Det betyr mykje å sjå at dei prioriterte meg i staden for løpet. Og ikkje berre det, men dei kom også på femteplass på lagkonkurransen. Eg er veldig stolt av dei, seier Rabi til NRK.

Etter å ha lege nokre dagar til observasjon på sjukehuset i Torino, vart han onsdag skrive ut.

– Eg kjenner meg veldig bra, avsluttar han.

Siste nytt

  • Brann har signert australsk landslagsspiss

    Brann har forsterket troppen med Larissa Crummer (27) fra det australske laget Brisbane Roar, bekrefter klubben på egen nettside.

    - Jeg er utrolig glad for å være her. Jeg har bare hørt positivt om klubben, og gleder meg til å spille i Norge og til å bli kjent med laget, sier hun.

    Som spiller beskriver hun seg slik:

    - Jeg er en høy, sterk og veldig fysisk spiller. Som spiller ser jeg alltid etter bakrom og er god i kombinasjonsspill. Jeg har alltid lyst til å vinne, og gir alt for laget. I Brann ønsker jeg å vinne trofeer og utvikle meg videre som spiller.

    Denne sesongen har hun spilt 15 kamper og scoret fire mål for Brisbane Roar. 27-åringen står med 33 kamper for Australia. (NRK/NTB)

    NM-finale fotball 2022: Brann – Stabæk (3-1)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Sveriges smøresjef ferdig på landslaget

    Petter Myhlback gir seg i rollen som smøresjef for det svenske langrennslandslaget etter tre år i jobben.

    – Jeg følte i starten av sesongen at det begynte å bli utfordrende å være en god smøresjef samtidig som jeg har to barn som satser på å bli gode skiløpere. Familien min, og framfor alt barna mine, trenger meg mer hjemme, og samtidig ønsker jeg å være til stede i deres utvikling, sier Myhlback i en pressemelding.

    Myhlback har vært en suksessrik, men kontroversiell smøresjef. Under ski-VM i Planica havnet han i munnhoggeri med stjerneløperen Frida Karlsson.

    – Jeg tror ikke jeg hadde så bra ski, sa den svenske løperen til Viaplay etter stafettmissen.

    Det ville ikke Myhlback høre snakk om.

    – Jeg synes det så ut som om hun hadde slitne bein, sa han til Aftonbladet.

    Kvinnetrener Ingrid Vikman slutter også på det svenske landslaget. (NTB)

     Ski-VM 2023: 4x5 km stafett for kvinner
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Tyskland utelukker OL-boikott selv hvis Russland får delta

    Det tyske olympiske idrettsforbundet (DOSB) vil ikke boikotte OL i Paris, selv hvis russiske og belarusiske idrettsutøvere får delta.

    – Et tysk lag vil konkurrere, vi utelukker en boikott på grunn av generelle bekymringer, sa DOSB-president Thomas Weikert i et intervju med den tyske mediegruppen Funke.

    Den internasjonale olympiske komité (IOC) skal fra tirsdag holde et tredagers styremøte for å diskutere retningslinjer for hvordan de skal håndtere russiske og belarusiske idrettsutøvere i fremtiden.

    De har blitt utestengt fra de fleste store idrettsarrangementer siden starten av den russiske invasjonen av Ukraina for over 13 måneder siden.

    IOC ser nå på muligheten for at de kan komme tilbake under nøytralt flagg under neste års OL i Paris. IOC-president Thomas Bach har sagt at ingen skal diskrimineres på grunn av pass eller fødeland.

    Mer enn 30 land, inkludert Norge, ba nylig IOC om å opprettholde forbudet.

    DOSB kunne foreløpig ikke forestille seg at russiske og belarusiske idrettsutøvere skal få delta igjen, sa Weikert. (NTB)

    IOC Russia Olympics
    Foto: Denis Balibouse / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste