– Dei har openbert ikkje lese regelverket, for det er klart og tydeleg. Reglane ligg tilgjengeleg på nett, seier renndirektør i para-snøbrett, Ted Martin, til NRK.
Det norske landslaget trudde at 16 av dei 24 parautøvarane som stod til start på parallellslalåm i snøbrett torsdag gjekk vidare til finalen, men eit lite døgn før kvalifiseringsstart kom kontrabeskjeden.
– Det er ein gammal regel dei steller seg etter, og som dei fleste land er einige om at bør endrast. Det er synd, ein blei ganske skuffa, seier Kleivdal til NRK.
Misnøye
Under VM i snøsport på Lillehammer blei for første gong parallellslalåm i snøbrett arrangert, kalla «dual banked slalom». Det er ein disiplin der to om gongen køyrer mot kvarandre. Den som køyrer raskast går vidare.
Først er det ein kvalifiseringsrunde, før finalane går dagen etter.
På møtet dagen før, fekk trenarar beskjed om at sidan det berre var 24 som stod til start, kunne berre åtte utøvarar gå vidare til finale.
Hadde det vore éin utøvar til, ville 16 utøvarar gått vidare til finale.
– Det er rimeleg store kutt. Alle prøvde å forstå kvifor dette dukka opp akkurat no, seier Kleivdal.
– Er ikkje dette noko landslagstrenarane burde vite?
– Alle kan lese seg opp på reglane før, sjølvsagt, men vi fekk vite det der og då, og då er det litt seint å gjere nokre endringar. I utgangspunktet burde vi alle vore einige om at vi kunne tatt 16 vidare, seier Kleivdal.
Det har vore ein del misnøye i landslagsleiren.
– Sjølvsagt vil flest mogleg at utøvarane sine skal gå vidare, og då det er åtte av 24 som går vidare, er det er ganske harde kutt, seier han vidare.
Klar og tydeleg
Renndirektør Ted Martin tykkjer det er idiotisk å diskutere ein regel som er så enkel å halde seg til.
Han avskriv at det er ein «gammal regel». Det er slik regelboka er, seier han.
– Men viss nasjonane ikkje likar regelen, så er dei i sin fulle rett å sende inn eit forslag til vårmøtet, for å få den endra. Men den regelen er i regelboka akkurat no, for denne sesongen, og det er den regelen vi bruker, seier han.
Han meiner at ein ikkje kan få det klarare. Er det 25 utøvarar til start, går 16 vidare. Er det færre, er det berre åtte som går vidare.
– Det er ikkje ein regel som er oppe for tolking. Det er deira ansvar å vite om denne regelen. Dei kan ikkje seie at dei ikkje visste om regelen, for reglane er der. Dei er tilgjengelege for alle, seier han vidare.
Han meiner at dette viser at dei openbert ikkje hadde lese reglane.
– Eg tykkjer det er idiotisk å diskutere dette så mange gonger. Hadde dei lese reglane, hadde vi nok ikkje snakka så mykje om dette, avsluttar han.
Må utvikle sporten
Kleivdal står likevel på sitt.
Han meiner det er alt for få som fekk gå vidare til finale, og at det ikkje gjer sporten noko godt.
I verdscupen lev dei etter tankesettet at flest mogleg går vidare for å få fleire til å stille i disiplinen og utvikle seg sjølv som utøvar.
– Det er synd, med tanke på at det er VM og i alle fall for oss her i Noreg. Fleire hadde fått moglegheita til å køyre, og så tenkjer eg også på alle dei som har betalt mykje for å komme hit, og så ryk dei først ut, avsluttar Kleivdal.