Hopp til innhold

Utøvarane reagerer på dette synet: – Nitrist

Planica er kjent for skiflyging, men under VM er det så vidt folk å spore på hopparrangementa.

Publikum, Planica

TOMT: Slik såg tribunene ut under kvalikrennet torsdag kveld.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

– Det er nitrist, seier Johann-André Forfang til NRK om dei glisne tribunane under kvaliken før storbakkekonkurransen fredag.

Han reagerer kraftig, og meiner at høge billettprisar er årsaka til så få frammøtte.

– Det er rett og slett for dyrt. Det er vel snakk om 700 kroner per dag, så det er heilt latterleg. Eg skjønnar godt at folk blir heime, seier han vidare.

Ski-VM 2023: Hopp, stor bakke kvalifisering for menn

REAGERER: Johann-André Forfang.

Foto: Heiko Junge / NTB

Prisane i VM varierer frå dag til dag. Torsdag 2. mars låg dei billigaste dagsbillettane på 54 euro, nesten 600 kroner, ifølgje arrangøren.

Om du ville stå på tribunen ved hopprenn og stafett, måtte du ut med 730 kroner. Om du ville sitje på tribunen, låg prisen på nesten 900 kroner.

Forfang tykkjer det rett og slett er kjedeleg.

– Dette er vi jo ikkje å vant til, å reise rundt i verdscupen framfor tomme tribunar. Spesielt i Slovenia. Det er ganske trist, seier han.

– Korleis påverkar det deg under konkurransen?

– Det gjer ikkje noko forskjell, men kjenslene blir kanskje meir utpå når det er meir folk til stades. Gleda blir større, og sorga blir større, seier Forfang.

Nordlendingen får støtte av fleire utøvarar.

– Veldig synd

Halvor Granerud meiner kontrasten ikkje kunne vore større.

– Det har jo vore kjedeleg, på ein måte. Eg er vant til at det er 40.000 klokka ti om morgonen her. Det er rart dei ikkje klarer å fylle på med fleire folk, seier Granerud til NRK.

Ski-VM 2023: pressetreff hopp kvinner

LITE FOLKEFEST: Granerud etterlyser meir folk under konkurransane i Planica.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Kva trur du er årsaka?

– Så vidt eg har skjønt frå dei lokale er det prisnivå på billettar og hotell som har vore for høgt i forhold til kor lyst folk har til å reise på arrangementet. Det er veldig synd.

Marius Lindvik håpar det kjem meir folk inn mot helga. Då er derimot billettane enda dyrare.

– Eg har sett fleire folk her før, så vi får håpe at det kjem litt fleire folk i morgon, seier Lindvik til NRK.

Les også Norsk raseri mot «parodi-renn» – juryen slår tilbake

Kristoffer Eriksen Sundal

– Lite interesse

Dei slovenske hopparane påpeikar at skiflygingskonkurransen om få veker er det store høgdepunktet i Slovenia. Det kan nesten samanliknast med ein nasjonaldag, og at det er årsaka til at få vel å reise hit no.

– Eg trur dei fleste slovenarar vil vente til slutten av mars og sjå på skiflyging i staden for dette. Eg forventa ikkje at mange skulle kome, seier Domen Prevc til NRK.

Han tykkjer det er ein liten nedtur med få folk, men meiner likevel at ein ikkje bør ha forventningar til eit VM i Slovenia.

– Det er ganske vanleg. Dei kjem ikkje her tidleg i mars når det er kaldare. På ein måte er det trist, men vi må vere realistiske, seier han vidare.

RawAir Vikersund. Verdenscup.

HEILT NORMALT: Slovenske Domen Prevc forventa ikkje folk under hopp-VM.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Det same peiker Timi Zajc på.

– Publikum tenkjer at skiflyging er betre. Kanskje vi ikkje er vant til å ha konkurransar i små bakkar, seier Zajc til NRK.

Anze Lanisek håpar fleire tek turen når det nærmar seg helg.

– I morgon er det fredag og eg trur dei vil kome etter jobb, seier Lanisek til NRK.

Forfang tykkjer det er forferdeleg at eit hopp-VM må konkurrere mot skiflygingskonkurransen seinare i år.

– Dei konkurrerer på ein måte mot sitt eige arrangement. Det er openbert for dyrt når folk ikkje orkar å møte opp, seier Forfang.

Svarer på kritikken

Pressesjef i arrangørkomiteen, Tim Trbovic, forstår frustrasjonen.

– Vi er ikkje fornøgde med publikumstalet. Det er ikkje mange, men vi håpar det blir fleire i morgon og på fredag, for då er det storbakke, seier Trbovic til NRK.

– Kva er årsaka til så få tilskodarar?

– Dette er første gang Slovenia arrangerer VM. Vi forventa mange nordmenn, men dei avlyste i løpet av vinteren. Truleg på grunn av høge kostnadar for reise, straum og gass og alt anna. Vi vil analysere etter VM kva som er årsaka til at ikkje så mange kom, seier Trbovic.

Trbovic forklarar at dei etter kvart endra på billettypane, for å gi publikum større valfridom etter kva arrangement dei ynskja å gå på.

Ein kan no kjøpe større pakkar for fleire dagar, dagsbillettar og ettermiddagsbillettar. Etter den endringa, såg arrangørane ein liten oppgang i sal, men Trbovic meiner framleis ikkje at billettprisane er årsaka til få tilskodarar.

– Vi forventar fleire i skiflygingsbakken. Forskjellen her er at dette er i to veker, og det er nok grunnen til at ikkje så mange vel å kome i store grupper i midten av veka. I tillegg har nok folk valt mellom eitt av arrangementa, enten VM eller skiflyging, seier han.

Les også Skrekkfall vekker reaksjoner – FIS vurderer nytt påbud

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal