– Eg har som trenar aldri opplevd at det har skjedd før, sa Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo til Eurosport i pausen.
Då hadde han sett Odd Fredrik Semb gå ut alt etter fire minutt, Torgeir Børven etter 30 minutt og Fredrik Nordkvelle etter 42 minutt – alle med skade.
– No må vi vere litt forsiktige, og ta oss litt ekstra god tid ved dødball, sa Fagermo. Han visste at han ikkje hadde fleire innbytarar å setje inn.
Det heile slutta 1–1.
– Det var heilt surrealistisk det som skjedde då den eine etter den andre måte gå ut. Men dei som kom innpå gjorde ein flott jobb, seier Odds Jone Samuelsen til Eurosport. Han var godt nøgd med det eine poenget mot Rosenborg.
Rart sjølvmål
Spelemessig var Odd på høgde med Rosenborg før pause, medan RBK var best etterpå.
Det var gjestene som tok leiinga. Pål André Helland skaut overraskande, keeper Sondre Rossbach blei teken på senga og rakk ikkje å reagere.
Men to minutt etterpå var det balanse igjen, og det etter eit litt rart sjølvmål. Birger Meling skulle klarere, men ballen gjekk i Jacob Rasmussen og i mål.
Men trass Rosenborg-press mot slutten enda det 1–1. Dermed er Rosenborg nummer 12 på tabellen etter sine tre kampar, fem plassar bak veslebror i byen, Ranheim, som berre har spela ein kamp.
– I dag var vi for upresise og hadde for lite tempo. Vi skaper sjansar nok til å vinne, men vi må skjerpe oss, seier RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen.
Skuffa RBK-trenar
– Vi har jobba ei heil veke med å vere meir offensive. Så kjem vi hit og gjer det ikkje likevel, seier ein litt skuffa Ingebrigtsen.
Han var ikkje nøgd med dommarane, og har spesielt merka seg to situasjonar der han meiner det kunne blitt blåse straffe for RBK.
– Dei einaste som var dårlegare enn vi i dag, var dommarane, seier han.
– Dersom dommarane hadde dømt straffe, hadde det vore typisk Rosenborg-straffe, kontrar Fagermo.
– Men vi skal ikkje tenkje for mykje på dommarane. Vi har meir enn nok å jobbe med hos oss sjølve, seier Ingebrigtsen.
Neste søndag får RBK serieleiar Molde på besøk på Lerkendal. Erkerivalen er sju poeng framfor Rosenborg før den kampen.