Hopp til innhold

Toppserien 2021

Alle målene, LSK - Sandviken
Tuva Hansen

I tårer etter triumfen – sendte gamleklubben ned

Siste nytt

  • Norge fekk nei frå Elitloppet

    Den norske trenarchampionen Frode Hamre reagerer kraftig på at det ikkje er nokon norsktrena hest med i årets Elitloppet i trav.

    – Både Cicero TG og Stoletheshow er gode nok til å vere med når ein ser på dei 16 som fekk plass. Eg synest det er skuffande at ein ikkje fann plass til ein norsk hest, ja rett og slett flaut for Solvalla, men, men det er dei som bestemmer, seier Hamre til Trav- og Galopp-nytt.

    Elitloppet blir køyrt søndag. Vinnaren av finalen får 5 millionar svenske kroner. det er venta cirka 40.000 tilskodarar på løpa i Stockholm laurdag og søndag.

    Den norskfødde hesten Cokstile (eigd og trena i Italia) er blant vinnarkandidatane.

    Nordmannen Dagfin Henriksen har base i Canada som travtrenar og kusk. Han har fått plass i løpet med hesten sin Perfetto. – Ein draum går i oppfylling, seier Henriksen til TGN om å delta i Elitloppet.

    Elitloppet
    Foto: MARCUS ERICSSON / TT / NTB
  • Golden State til NBA-finale

    Golden State Warriors er klar for sin sjette NBA-finale på åtte år.

    Det blei klart etter 120-110 over Dallas Mavericks i den femte semifinalekmapen i natt. Warriors vann dermed 4-1 i best av sju-serien.

    Klay Thompson scora 32 poeng i kampen i natt.

    Warriors blei meister i 2015, 2017 og 2018. Årets finalemotsandar blir enten Boston Celtics eller Miami Heat. Boston leier 3-2 før neste møte fredag kveld.

    Første finalekamp skal gå 2. juni i San Fransisco.

    Klay Thompson
    Foto: EZRA SHAW / AFP
  • Hovland under par i Texas

    Det norske golfesset Viktor Hovland ligg på ein delt 26.-plass etter den første runden av PGA-turneringa i Texas.

    Han ligg eitt slag under par, og det er tre slag opp til dei åtte som deler førsteplassen med fire slag under par. Seks av dei er amerikanarar.

    Det blei ein god start for Hovland som rulla inn for birdie allereie på det første holet, før det blei tre par på rad.

    På hol nummer fem gjekk han på ein bogey, men nordmannen slo tilbake på det åttande holet og sikra seg ein godkjent start på runden.

    Hovland spelte jamt og sørgde for par på de fleste hola mot slutten av runden. Han måtte likevel tole bogey på både hol 10 og 13. Han spelte derimot glimrande på dei siste hola og noterte seg for birdie på hol 17 og 18.

    Turneringa i Fort Worth i Texas, har rundt 80 millionar kroner i premiepengar. Vinnaren stikk av garde med 14 millionar.

    Viktor Hovland
    Foto: Carmen Mandato / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 39 klipp
Sport
Spiller nå
Haalands karriere fra A til NÅ 03:44
Neste