Hopp til innhold

Tok rutefly med Ødegaard – overraska over det som skjedde

Martin Ødegaard er ei internasjonal superstjerne. Ei oppleving på eit rutefly fekk Oscar Bobb til å reflektere over korleis livet hans kan bli om draumane går i oppfylling.

BOBB ØDEGAARD

BLEI OVERRASKA: Oscar Bobb fekk sjå på nært hald da han tok fly med Martin Ødegaard korleis det er å vere ei internasjonal superstjerne.

Foto: Montasje Vegard Grøtt / Bildbyrån / NTB

– Eg flaug med Martin (Ødegaard), Erling (Braut Haaland) og Sander (Berge) til Kypros på den første landslagssamlinga min, men så enda vi opp føre to sjuke Arsenal-fans. Eg trur Martin blei så jævlig sliten, det var så mykje snakk.

Det fortel Manchester City-spelar Oscar Bobb (20) til NRK i samband med dokumentaren «Drømmen om EM», som no kan sjåast på NRK TV.

Football, Norway, press event

POPULÆR: Dei fleste media i Noreg ville ha ein bit av Oscar Bobb da City-spelaren blei gjord tilgjengeleg for pressa denne veka. Her i samtale med TV 2-journalist Eirik Nesset Hjelvik.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Bobb er i startgropa av det som kan bli ein stor karriere. Nyleg signerte han femårskontrakt med verdas kanskje aller beste lag og får stadig speletid av Pep Guardiola i Manchester City.

Foreløpig merkar han ikkje fotballstatusen altfor mykje på kroppen.

– Noko eg er veldig «happy» med no, og takksam for, er at eg kan vere heilt vanleg. Og viss eg kan halde det sånn, hadde det vore heilt perfekt. Men samtidig er draumen å bli så god at ein speler i dei store kampane, seier Bobb.

SØRLOTH SELNES

Gløymde å sjekke prislappen – kjøpte sengetøy til 45.000

Då eg skjønte kor stor Martin er

Flyturen med Ødegaard og Haaland blei difor ein vekkar for City-spelaren.

Når ein er superstjerne, får ein sjeldan gå i fred, og det skjedde heller ikkje då den norske fotballtrioen oppsiktsvekkande nok valde å ta eit vanleg fly til Kypros-samlinga med landslaget i fjor.

– Eg trur det var då eg skjønte kor stor Martin også er, seier Bobb.

– Kva slags status er det Martin har i England no?

– Du får ikkje mykje større, svarer Bobb.

dd

Opnar opp om einsemd: – Var aleine kvar dag i tre månader

Landslagskaptein Martin Ødegaard har ikkje vore tilgjengeleg for pressa i samband med dei to kommande landskampane, men i NRK-dokumentaren «Drømmen om EM» er Ødegaard open om at det kan vere slitsamt å leve eit proffliv som ein av dei beste spelarane i verda.

– Eg vil ikkje klage, eg kjenner meg kjempeheldig, elskar livet mitt og lever draumen, men det er dagar der ein blir kjent igjen og masa på, kor ein skulle ønske ein ikkje blei det, seier Ødegaard i dokumentaren.

ramm solbakken

Arsenal-kapteinen byrjar bli vand til at livet har blitt slik.

– Eg har levd med dette i ti år snart. Det er ein del av det, eg tenker ikkje så mykje over det, utover at det irriterer meg litt viss det er mange som vil ha bilete og eg for eksempel er ute og et med familien. Då er det litt irriterande, innrømmer han.

Oscar Bobb må truleg snart venne seg til tanken om at han ikkje lenger kan gå heilt i fred når han er ute blant folk.

– Fått fleire sjansar enn forventa

Månadens mål i Premier League og stadig meir speletid for City gjer at han er i ferd med å bli eit velkjent ansikt, sjølv om han framleis har litt opp til Ødegaard og Haaland på kjendisbarometeret.

Då Manchester City nyleg slengde ein lukrativ femårskontrakt på bordet, var Bobb aldri i tvil om kva han skulle gjere.

– Eg har fått fleire sjansar enn eg forventa, faktisk. Og kvar gong eg har spelt, om det har vore fem minutt, 30 minutt eller ein heil kamp, så har det vore heilt fantastisk, seier Bobb til NRK.

Oscar Bobb

LYSEBLÅ FRAMTID: Oscar Bobb forlengde nyleg kontrakten med Manchester City.

Foto: Manchester City FC

– Å spele på eit lag som speler den fotballen og dominerer ballen så mykje, kjenner eg er heilt rett for meg. Som liten gut har eg alltid sett på Guardiola-lag, og det har vore draumen å få jobbe under han. Og eg føler at eg lærer så mykje. Og då moglegheita kom, så tenkte eg at det hadde ikkje gitt meining å seie nei til det, legg Bobb til.

– Gir inga meining å bli frosen ut

Osloguten ser lyst på framtida. Han tek femårskontrakten som ein peikepinn på at han vil få dei minutta som trengst for å fortsette å utvikle seg.

– Eg trur at når City vil at unggutar skal bli, viss ein tenker reint logisk på det … Eg forventar ikkje å spele kvar kamp neste år eller om to år, eller i nær framtid. Men det logiske er jo at eg skal få prøve meg meir og meir. Det gir ikkje meining at eg skal signere ein kontrakt og berre bli frosen ut, på ein måte. Eg trur dei trur på meg, og viss eg fortset å vise bra ting, så trur eg at eg får spele meir, seier han.

Først skal han spele to landskampar for Noreg. Alt tyder på at Bobb startar når Noreg møter Tsjekkia på Ullevaal stadion fredag kveld.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal