NRK Meny
Normal

To eliteseriekampar blir flytta

På grunn av Tromsø sin Fair Play-plass i Europaligaen må to eliteseriekampar flyttast. Molde, Aalesund og Sogndal blir råka.

Tromsø mot Molde

Tromsø-spelar Aleksandar Prijivic skyt i fjorårets cupsemifinale mot Molde. Molde-spelarane Daniel Berg Hestad (t.v.) og Kristoffer P. Vatshaug (t.h.) ser skotet gå av.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

Trass i cupfinaletapet i november sikra Tromsø seg plass i Europaligaen. Grunnen var at Molde allereie er klar for Champions League-kvalik og at laget toppa Fair Play-rankinga i Noreg.

Noreg var igjen inn på lista over dei snillaste klubbane i Europa.

Byter plass

På grunn av Tromsø sin plass i Europa må to kampar i 15. serierunde av Eliteserien flyttast.

I første omgang måtte Tromsø mot Molde på Alfheim, som eigentleg skulle spelast 6. juli, flyttast éin dag fram.

Den skal no spelast 7. juli. På grunn av dette blir også Aalesund sin heimekamp mot Sogndal flytta, då frå 7. juli til 6. juli.

(NRK/NTB)

Siste nytt

  • Danske fotballjenter møtte ikkje

    Spelarane på Damarks kvinnelandslag i fotball møtte heller ikkje i dag på trening, melder Danmarks Radio. Dei nektar å spele før ein økonomisk avtale er på plass.

    Dermed ser det ut til at Damark må trekkje seg VM-kvalifiseringskampar mot Sverige og Kroatia fredag og tysdag.

  • City vann trass to Napoli-straffer

    Manchester City slo Napoli 2-1 i meisterligaen. Raheem Sterling og Gabriel Jesus gav City 2-0 tidleg.

    Så stoppa det opp for engelskmennene. Napoli bomma først på straffe, men Amadou Diawara scora då Napoli fekk ny straffe.

    City har dermed vunne alle sine tre kampar i gruppespelet.

Sendeplan

Kl. Program Kanal