Hopp til innhold

Tidlegare landslagsspelar ut mot Sverige: – Inga ryggrad

John Alvbåge (38) er svært skuffa over at Sverige ikkje er blant nasjonane som har hatt ei markering for menneskerettar.

Sverige

INGEN MARKERING: Førebels har ikkje Zlatan Ibrahimovic eller Sveriges landslagssjef Janne Andersson følgt Noregs døme om å markere mot Qatar på landslaget.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

– Eg synest det er beklageleg at ein ikkje viser ryggrad. Då meiner eg at ein må seie tydelegare frå kva ein meiner, seier Alvbåge til NRK.

Målvakta, som no speler i Lindome GIF, har ei lang karriere bak seg i mellom anna IFK Göteborg, Örebro og eit kort låneopphald i Stabæk.

Mellom 2006 og 2009 fekk han òg fire landskampar for Sverige.

No har han likevel observert den svenske starten i VM-kvaliken med eit kritisk blikk. Då også Tyskland markerte før helga, stilte han spørsmål om kvar det vart av landsmennene frå Sverige.

– Eg synest ein skal vere tydelegare og stå saman, seier Alvbåge.

John Alvbåge

REAGERER: Tidlegare Stabæk- og Sverige-målvakt John Alvbåge liker dårleg at svenskane ikkje har markert seg i større grad i Qatar-spørsmålet.

Foto: Carina Johan / NTB

– Eg synest ikkje Sverige viser ryggrad i dette spørsmålet. Og det synest eg er dårleg. Vi skal alltid vere så flinke med alt, men når det kjem til stykket, ryggjer ein ut og er meir nøytrale. Det synest eg ikkje er OK, seier Alvbåge.

– Det er feil

Landslagssjef Janne Andersson har gjentekne gonger understreka at Sverige står 100 prosent bak kampen for menneskerettar.

Landslaget har valt å følgje linja til forbundet der dialog blir trekt fram som det viktigaste verkemiddelet.

Då Ståle Solbakken varsla at Noreg skulle markere, peika Andersson på at det er mange på «eit mykje høgare nivå» som må sjå seg i spegelen.

Sweden Georgia WCup 2022 Soccer

SPØRSMÅL: Sveriges landslagssjef Janne Andersson får stadig spørsmål om Qatar på pressekonferansane.

Foto: Pontus Lundahl / AP

Generalsekretær Håkan Sjöstrand i det svenske fotballforbundet seier måndag til NRK at forbundet har jobba aktivt med ein kritisk dialog sidan 2016.

Han trekker fram møter med Svenska Byggnadsarbetareförebundet og Amnesty Sverige i førre veke. Samtidig var forbundet i Qatar og møtte arbeidarar i januar i fjor, ifølge Sjöstrand.

Generalsekretæren meiner Alvbåge ikkje kjenner det svenske arbeidet godt nok.

– Det er bra at også han vaknar, men eg konstaterer at det er mange utspel og oppfatningar som saknar innsikt. At dei ikkje har tilstrekkeleg informasjon. Men det fine i vår del av verda er nettopp at ein kan uttrykke slike meiningar. Og det synest eg er bra, seier Sjöstrand til NRK.

– Vi har alle i samanheng markert og sagt at det er kjempeviktig å jobbe for menneskerettar i Qatar, understrekar generalsekretæren.

Sveriges assistenttrenar Peter Wettergren påpeiker at det er mange måtar å ta avstand på, og han er helt ueinig i at Sverige ikkje har ryggrad i dette spørsmålet.

– Det er feil. Vi prøver å gjere så mykje vi kan, og eg står bak det svenske fotballforbundet. Vi fører ein dialog med dei partane som er råka, og det er frykteleg med brot på menneskerettane. Vi står jo bak det 110 prosent. Men korleis når ein fram, og kor mykje skal vi idrettsutøvarar gjere? Vi gjer litt, og Noreg gjer litt, seier Wettergren på spørsmål frå SVT.

– Den tida er forbi

Alvbåge har fått med seg argumentasjonsrekkja til Sverige, men han synest ikkje det er nok.

Målvakta er klokkeklar på at Sverige burde markert standpunktet.

– Ein liten ting er berre å vise kva ein meiner, som Noreg gjorde. Du kan sjå kritisk på det: «Er det nok?» Nei, det er det jo ikkje, men dei viser det i alle fall. Det er den ryggrada eg pratar om, seier Alvbåge.

Det danske fotballforbundet opplyste at det var spelarane som tok initiativet til markeringa søndag.

Alvbåge meiner det først og fremst er det svenske fotballforbundet som må vakne, men han meiner òg spelarane har eit ansvar.

Han trekker fram at fleire, deriblant Zlatan Ibrahimovic, har sagt at sport og politikk ikkje høyrer saman.

– Eg synest openbert at den tida er forbi. Sport er politikk. Det starta allereie med Tommy Smith under OL i 1968. Sidan då har politikk og idrett høyrt saman, og no meir enn nokon gong, seier Alvbåge.

Norge

EIT STEG VIDARE: Noreg starta med T-skjorter med ulike bodskapar på, og følgde opp med ei hand i vêret som er logoen for menneskerettar.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / BILDBYRÅN / POOL / NTB

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal