– Eg har prøvd å ringe han, men han har ikkje tatt telefonen. Så det er eit dårleg teikn, seier Egil Kristiansen til NRK.
Verdscupleiar Johannes Thingnes Bø tok tre gull, tre sølv og éin bronse i VM i tsjekkiske Nove Mesto tidlegare i februar, og blei med det den store VM-kongen.
Nå har han vore heime i Noreg i halvanna veke. Før vekas verdscuprunde i Holmenkollen fortel han at det ikkje har gått knirkefritt og at han ikkje har trena sidan fredag morgon.
– Eg trena bra dei første dagane og så blei eg sjuk. Eg har vore sjuk dei siste fem dagane, seier skiskyttaren.
30-åringen fortel at han nå har blitt frisk igjen, men at han hadde ei forkjøling.
Trenar Kristiansen seier han tenkte sitt da han ikkje fekk svar frå Thingnes Bø.
– Eg har tenkt at han vel gjer det som skal til, og er han sjuk, så er han sjuk. Det får vi ikkje gjort noko med.
– Vi la jo ein plan før vi drog frå Nove Mesto. Når han ikkje klarte å gjennomføre planen og er sjuk ... Eg får ikkje gjort så veldig mykje med det.
– Korleis veit du at han ikkje har gjennomført planen?
– Nei, det er dårleg teikn når han ikkje tar telefonen, seier han humrande.
Storebroren: – Ingen info om at han har vore sjuk
Før dei siste tre verdscuprundane leier Thingnes Bø verdscupen med 92 poeng ned til Johannes Dale-Skjevdal og 98 poeng ned til storebror Tarjei Bø.
Dei trur likevel ikkje sjukdommen til Thingnes Bø vil opne det opp for dei som kjem bak.
– Eg føler at jo mindre han trenar, jo betre er han. Eg trur kanskje det er motsett. Han har sikkert blitt betre, kjenner eg han rett, seier Tarjei Bø.
Storebroren fortel at han ikkje hadde høyrt om veslebrors sjukdom før pressetreffet i Holmenkollen onsdag ettermiddag.
– Vi har ei familiegruppe på Snapchat, men det er ikkje så mykje sportsleg fokus der. Det er mest alle andre ting. Det er ingen informasjon om at han har vore sjuk. Det pleier å fungere bra for Johannes. Få litt fri. Det er som regel hans beste medisin, seier han.
Thingnes Bø imponerte ikkje berre som skiskyttar under VM:
Skeptisk Christiansen: – Sikkert ei kvit løgn
Vetle Sjåstad Christiansen er i det heile tvilande til at lagkameraten har vore sjuk.
– Det er sikkert ei kvit løgn. Han var sikkert berre litt pjusk. Eg har sett story som han har lagt ut frå både tredemølle og stormølle, så han har nok gjort den jobben som krevst, seier han med eit smil.
– Du trur ikkje på han?
– Nei, eg har slutta å tru på Johannes. Han berre lyg, seier Christiansen, framleis smilande.
Blir «aldri» veldig dårleg
Thingnes Bø seier sjølv at sjukdommen har vore av det lette slaget, og at han ville konkurrert i Holmenkollen sjølv om han hadde vore litt dårlegare.
– Ofte når eg er sjuk, så er eg moderat sjuk. Eg er aldri skikkeleg dårleg, derfor trur eg at eg kunne fungert i dei fleste tilfelle uansett, seier han.
Ifølge trenar Kristiansen var planen at Thingnes Bø blant anna skulle ha ei intervalløkt mot slutten av førre veke og ei ny intervalløkt tidlegare denne veka.
– Korleis trur du det kan påverke han?
– Det treng ikkje å ha så veldig mykje å seie, viss det berre er litt lett sjukdom og lett forkjøling. Johannes kjem veldig fort tilbake, heldigvis, seier trenaren.
Torsdag skal kvinnene gå 15 kilometer, mens mennene går 20 kilometer fredag. Laurdag er det fellesstartar for begge kjønn, mens det er blanda stafett og parstafett søndag. Du kan sjå alt på NRK.