Hopp til innhold

Johaug i villreie før NM-comebacket: – Blir litt avgjerande for vegen vidare

Laurdag skal Therese Johaug måle krefter med noregseliten for første gong sidan fødselen. Den tidlegare langrenns­dronninga vil ikkje rekne seg sjølv som nokon favoritt.

Nasjonal sesongåpning på Beitostølen

NÆRMAR SEG: Therese Johaug er spent før NM-comebacket laurdag. Her under trening på Beitostølen i november i fjor.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Eg er veldig usikker, seier Therese Johaug til NRK om korleis ho trur forma er.

– Eg trur kapasiteten min er grei. Så er eg nok meir usikker på korleis det blir å gå skirenn i høg fart og korleis teknikken blir i høg fart, fortset ho.

Søndag kveld bekrefta Johaug at ho stiller til start i NM-tremila på Lillehammer førstkommande laurdag.

Det blir det første møtet med noregseliten for 35-åringen sidan ho la opp våren 2022.

– Først og fremst er det ein sjekk på korleis forma er per dags dato. Eg har lyst til å gå eit skirenn, seier Johaug.

  • NM-veka på Lillehammer startar på NRK1 med hopp klokka 10:55 tysdag. Laurdag kl. 09:30 startar tremila for kvinnene.

– Står litt i villreie

Johaug gjentar fleire gonger under intervjuet med NRK at ho vil kjenne på kor ho står og korleis forma er.

Ho fortel at ho har prøvd å trene ein god del sidan januar, men at ho ikkje har det grunnlaget ho har hatt tidlegare.

– Det er eit nytt liv som småbarnsmor, seier Johaug som fekk dottera Kristin 17. mai i fjor.

– Eg har trena mykje, men eg har trena mykje for meg sjølv. Da står ein litt i villreie. Så eg trur det blir litt avgjerande for vegen vidare.

– Kva er du eventuelt misfornøgd med etter løpet i helga?

– Først og fremst håpar eg at eg ikkje kjem til å gå rundt og hate ute i løypa. Da er eg misfornøgd. Viss eg kjenner at dette er eit ork og ikkje verd det. Eg håpar eg får idrettsgleda, konkurransegiven og lysta.

therese johaug

– NYTT LIV: Det seier småbarnsmora Therese Johaug. Her på trilletur med Kristin i Holmenkollen i september i fjor.

Foto: NRK

Vegen til VM

At Johaug vurderer eit mogleg comeback som aktiv langrennsløpar fram mot VM på heimebane i Trondheim om eitt år, har vore kjent ei god stund.

– Det er ikkje sånn at tremila på laurdag avgjer om eg skal gå VM i Trondheim eller ikkje. Det er det ikkje. Eg har i alle fall lyst til å få startnummer på brystet og sjå korleis forma mi er per dags dato, seier Johaug.

– Er det her starten på steget mot VM i Trondheim?

– Eit lite steg er det jo. Eg vil jo sjå korleis forma er nå, men om det blir VM i Trondheim er ikkje avgjort ennå.

TV 2s langrennsekspert Petter Skinstad trur gode svar mot heile noregseliten for Johaug kan vere avgjerande for vegen mot VM.

Petter Skinstad

GLER SEG: Petter Skinstad er spent på å sjå korleis Johaug ligg an.

Foto: Geir Olsen / NTB

Han påpeikar at Johaug gjekk eit veldig fint renn og fekk gode svar da ho 3. mars vann Engadin Frauenlauf i Sveits suverent framfor sin gamle rival Justyna Kowalczyk-Tekieli.

– Viss ho ser at det er moglegheiter til å hevde seg i VM på heimebane, så trur eg det er nok ein god grunn for Therese til at ho skal ønske å gjere comeback. Vi får nesten berre håpe at det går bra, for da trur eg vi får sjå Therese i VM neste år, seier Skinstad til NRK.

Johaug har dei siste sesongane vore langrennsekspert for NRK, men skal framover ikkje brukast som det før det blir klart om ho satsar vidare eller ikkje.

Les også Johaug satt ut av medieoppslag: – Har overhodet ikke bestemt meg

Therese Johaug

– Skyhøge forventningar

Skinstad fortel at nyheita om deltakinga til Johaug blei godt mottatt og at forventningane er skrudde opp.

– Eg har skyhøge forventningar til det. Eg gleder meg veldig over at Therese Johaug skal gå NM på Lillehammer. Skisporten treng det. Media treng det. Publikum treng det. Alle er veldig glad for det, seier han.

NM på ski i Harstad 2022

GULLGROSSIST: Therese Johaug med kongepokalen under Harstad-NM i 2022.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Johaug har 18 NM-gull, der det siste kom på tremila i Harstad for to år sidan.

På spørsmål om ho reknar seg sjølv som ein favoritt i comebacket, er svaret klart og tydeleg «nei».

– Det er mange andre som stiller til start som er i veldig god form og som kjem til å gå fort. Eg har stor respekt for alle som er der og har startnummer på brystet, seier Johaug og fortset:

– Eg veit at det ikkje berre er å komme dit og hente ein enkel førsteplass. Det er ikkje ambisjonen min heller.

NM på ski i Harstad

FØRRE GANG: Therese Johaug jublar for NM-gullet på tremila i mars 2022. Like etter gjekk ho Skarverennet som markerte slutten på karrieren på toppnivå. Laurdag er ho tilbake på start med noregseliten.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Bør sette på plass gamlemor

– Det er vanskeleg å seie tremil og Therese Johaug i same setning utan å trekke fram henne som favoritt, men eg trur ikkje vi skal legge noko stort favorittstempel på henne, seier Skinstad og grunngjev:

– Det er vanskeleg å seie kor god form ho faktisk er i og kor mykje trening ho har lagt ned dei siste månadene. Eg held Therese som ein medaljekandidat og ein outsider til gullet. Her bør vel eigentleg landslagsjentene sette gamlemor på plass, får ein seie.

Skinstad trekker fram landslagsløparane Heidi Weng og Anne Kjersti Kalvå som dei største favorittane til NM-gullet, etter at dei blei høvesvis nummer to og tre på søndagens 20 kilometeren i Falun som avslutta verdscupsesongen.

– Vi har også Astrid Øyre Slind som er god på lange distansar. Så finst det også ein del andre outsiderar, som for eksempel Sofie Hustad som gjorde det veldig godt i NM, seier Skinstad.

– Det er mange gode langrennsjenter i Noreg, men det vi har mangla er nokon som er gode nok til å vinne verdscuprenn. Der kjem jo Therese Johaug naturlegvis inn i bildet, men NM ser eg på som ganske ope, seier han.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal