Hopparen vart lagd i kunstig koma etter at han pådrog seg kragebeinsbrot og punktert lunge.
Laurdag skulle han vekkjast gradvis, men han er enno ikkje våken.
– No er han i ein prosess omkring oppvakning, som inneber at han trappar ned på medisinen han får, fortel lege Guri Ranum Ekås til NRK.
God utvikling
Ho fortel at Tande responderer godt på behandlinga han får.
– Han har vist blikkontakt, rører på seg og reagerer når han blir snakka til, fortel Ekås.
FØLGER TANDE TETT: Lege Guri Ranum Ekås.
Foto: Fredrik Hagen / NTBDei siste dagane har Clas Brede Bråthen vore med han på sjukehuset, men no har endeleg mora og sambuaren til Tande kome til Ljubljana. Dei vil vere saman med han dei neste dagane.
– Kva er planane vidare?
– Det er å fortsette med den gradvise prosessen, at han vaknar opp og kan puste heilt på eiga hand. Så vil han fortsette med den vanlege behandlinga for skadane han har, og følgast tett vidare.
Det medisinske helsepersonellet er flinke til å gi oppdateringar til Ekås og resten av hopplandslaget.
– Det er framleis tidleg i oppvakninga, men legeteamet i Slovenia er godt fornøgd med utviklinga og gir oss tryggleik i forhold til vegen vidare, fortsett legen.
Ein tidkrevjande prosess
Det var i prøvehoppet før det første finalerennet i verdscupen torsdag at det gjekk gale for Tande. Han sette utfor, men mista balansen i svevet og deisa i bakken.
Helsepersonellet strøymde til hopparen og han vart frakta ut frå stadion på båre. Vidare gjekk turen i helikopter til det medisinske senteret i Ljubljana.
Han har fått tett oppfølging av slovensk helsepersonell dei siste dagane, og det har vorte gjennomført traumeundersøkingar og CT-undersøkingar.
Hovudessensen i tilbakemeldingane dei siste dagane har vore at situasjonen er stabil. Laurdag byrja oppvakninga, men det er ein tidkrevjande prosess.
– Det må tilpassast individet og anna behandling. Det er derfor vanskeleg å tidsfeste sikkert når han vaknar. Slik er medisinen, fortalde Ekås tidlegare søndag.
Sjølv om han ikkje har vakna enno, er det inga dramatikk knytt til prosessen, understrekar legen.
ROTERTE: Slik såg det ut før Tande landa på ryggen.
Foto: Skjermdump / NRKPrega lagkameratar
Tre verdscuprenn i skiflyging er halde i Planica etter Tandes fall, og alle dei norske har delteke. Lagkameratane har sjølvsagt vorte prega av at kompisen ligg på sjukehus med store skadar.
Søndag var siste konkurranse i verdscupen denne sesongen, og Halvor Egner Granerud fekk endeleg kula som symboliserer sigeren i verdscupen samanlagt.
- Les også:
Han erkjenner at det har vore nokre spesielle dagar.
BEST: Halvor Egner Granerud vann verdscupen samanlagt.
Foto: JURE MAKOVEC / AFP– Det har vore litt rart. Då eg stod på toppen på torsdag og skulle hoppe prøveomgangen, letta helikopteret som flaug Daniel til sjukehuset ... Det var blytungt, seier han og fortset:
– Det var heilt grufullt, rett og slett. Det har blitt betre og betre etter kvart som vi har fått positive tilbakemeldingar, og då har eg klart å kose meg litt meir i bakken, sa Granerud etter konkurransen søndag.
Robert Johansson fortalde også at han tykkjer det har vore vanskeleg å konkurrere.
– Det har vore utfordrande å halde fokus på rett plass. Det må eg berre vere så ærleg og innrømme, sa Johansson torsdag.
Likevel har det ikkje mangla på støtte og omtanke i retning lagkameraten.
Fredag valde Granerud og co. å sende ei helsing til Tande på nasjonal TV.
Sjå helsinga her.
Søndag stilte dei internasjonale hopparane opp med banner i skibakken. Der stod det: «Daniel-André Tande! Beste ynskjer frå Planica. Ser deg snart!»
OMTANKE: Hopparar i bakken i Slovenia søndag.
Foto: AP