Hopp til innhold

Anna (19) er huslaus og drikk fleire kilo sukker

Anna Simonsson-Søndenå (19) er ikkje som alle andre tenåringar. Kvar veke spring ho cirka 20 timar, og har ein noko uvanleg buplass. Kvar? Ein bil.

Anna - ultraløper

SMILER: Simonsson-Søndenå er yngst i NM-veka-feltet i ultraløp, men blir ein lovande karriere spådd.

Foto: Privat

Bilen bygde den 19 år gamle ultraløparen sjølv. På to dagar.

Eg har litt for dårleg tolmod, så det tok nokre dagar. Det er ganske enkelt. Den er veldig liten og eg har dei tinga eg treng. Seng og kjøkken. Der stoppar det. Eg køyrer den til ein stad eg synest er fint og spring heile dagen.

Då NRK møter Simonsson-Søndenå i Stjørdal er det like før ho skal leggje i veg utpå eit 24-timars ultraløp under NM-veka – der målet er å springe lengst på eitt døgn.

Anna - ultraløper

I AKSJON: Simonsson-Søndenå byrja med ultraløping då ho var 16 år. Ho er mest fornøgd med ein konkurranse der ho sprang 73 kilometer på seks timar.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Ein må nok vere ein «åttar» (av ti) «sprøheitsskalaen», svarar ho på spørsmål om kor sprø ein må vere for å delta i slike løp.

– Er heimlaus

Men tilbake til bilen.

For 19-åringen, som er halvt svensk og halvt norsk, har ein bustad utanom det vanlege.

Ho bur nemleg i bilen ho bygde sjølv.

Eg synest det verka gøy. Eg liker at det er lett og at det ikkje er så mykje ting, og at ein ikkje har så mykje plass, grunngjev ho valet med.

Men som onde tunger kanskje vil hevde, byr bil-livet på utfordringar som andre ikkje støyter på. Etter motortrøbbel og anna havari, måtte vanen ho bur i nyleg på reparasjon.

Den er på verkstad, så akkurat no er eg heimlaus. Det fungerer veldig greitt uansett, seier ho og ler.

Ultraløparen smiler frå øyre til øyre når ho snakkar om bilen som ho kjøpte for 20.000 kroner og sjølv har reparert. Ho påpeikar at det er ein skrotbil, men vil helst behalde han.

– Har du vurdert å skaffe deg ein ny bil?

Anna - ultraløper

HEILT ENORMT: Simonsson-Søndenå verka å gle seg veldig til eit av høgdepunkta i år med NM-veka.

Foto: NRK

Det er jo heimen min. Viss ein har ein heim, så vil ein ikkje flytte når ein akkurat har flytta inn i han.

Nokre kilo reint sukker i døgnet

Simonsson-Søndenå, som gjekk ut av vidaregåande i vår, ser tilsynelatande positivt på det meste. No har ho ambisjonane klare for vegen vidare.

Eg har bestemt meg for å bli ultraløpar på heiltid. Det er det eg gjer på heiltid.

Det krev mykje førebuingar å drive med ultraløping, ifølgje Simonsson-Søndenå. Ho fortel at ho mellom anna drikk vatn med sukker for å få i seg næring under lange løp og økter.

Det er ikkje gøy heile vegen, men ein vil teste den grensa. Ein drikk jo sukker. Eg har sukker i vatnet, så det går jo nokre kilo reint sukker i døgnet. Det er ikkje bra for helsa, men det er noko som lokkar meg med det, seier ho om valet om å byrje med ultraløping.

Arrangør for ultraløping under NM-veka, Lars Erik Gylland, seier til NRK at det er viktig å få i seg rask næring når ein konkurrerer i noko med eit så høgt aktivitetsnivå.

Mange bruker sukker som hovedenergikjelde under eit så fysisk løp og generelt under løp. Det er rask tilgang til energi.

Simonsson-Søndenå legg til at det går mykje på ein konkurransedag, og at det er det ho sikter mest til når ho snakkar om sukkerinntaket.

Les også NM-håp mista to søsken på eitt år

Oda Lundekvam

Kva tenkte familie og venner då du sa at du skulle byrje med det?

I starten vart dei veldig sånn «oi, oi, oi, dette er kanskje ikkje så bra, kor bra er dette for helsa?». Dei var litt usikre ettersom eg var så ung, men det har vore litt ulikt. Men no seier alle: «køyr på, det blir sikkert kjempekjekt». Når dei ser at eg har overlevd nokre distansar, så går det bra liksom.

Kva er målet med ultraløpinga?

At eg skal leve på det komfortabelt – at eg har det eg treng. No er eg heimlaus. Det er berre byggje opp sponsorar, så klarer ein seg tenkjer eg.

Simonsson-Søndenå måtte bryte løpet på den fyrste dagen grunna smerte i den eine foten. Ho er likevel blid når NRK slår på tråden etter konkurransen.

Eg har god tid og gjer mykje av dette for erfaringa, seier ho.

Siste nytt

  • Italia med tomålsseier over Estland

    Italia vant 3–1 over Estland i VM-kvalifiseringskampen lørdag kveld.

    Dermed står Italia med tolv poeng i gruppe I, seks poeng bak Norge. Italienerne har riktignok én kamp mindre spilt.

    Med mindre Italia vinner sine tre gjenværende kamper med enorme sifre, trenger Norge bare beseire Estland 13. november for å i praksis være VM-klare.

    Etter Estland venter Italia borte for Ståle Solbakkens menn.

    Norge har 29–3 i målforskjell, mens Italia har 15–8.

    Italias Moise Kean satte inn 1–0 etter fem minutter, før Mateo Retagui økte ledelsen seks minutter før pause.

    I andre omgang la Francesco Pio Esposito på til 3–0. Estlands Rauno Sappinen reduserte til 1–3 etter 73 minutter.

    Israel står med ni poeng, Estland tre og Moldova ligger sist i gruppa med null poeng. Også de har én kamp mindre spilt.

    Tirsdag møtes Italia og Israel. Samtidig spiller Norge privatlandskamp mot New Zealand på Ullevaal stadion.

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Sergei Grits / AP / NTB
  • Straffedrama måtte avgjøre toppkampen – Storhamar slo Vålerenga

    Martin Røymark scoret to mål for serieleder Vålerenga, men Storhamar utlignet til 4-4 på tampen. I straffekonkurransen var gjestene fra Hamar sterkest.

    Røymark scoret 4-3-målet med elleve minutter igjen av tredje periode. To minutter før slutt var Andreas Dahl godt plassert foran mål og styrte inn 4-4.

    I straffekonkurransen ble Tommy Hjelm helten med den eneste scoringen. Vålerenga har tapt poeng i bare tre kamper så langt denne sesongen. Petter Thoresens mannskap tok dermed en viktig triumf.

    Vålerenga er fortsatt serieleder, men greide ikke å få en stor luke ned til Frisk Asker, som gikk på et overraskende tap for Sparta Sarpsborg lørdag. VIF har 22 poeng, Frisk 21 og Storhamar 17.

    Det ble spilt to øvrige kamper i Elitehockeyligaen lørdag kveld. Stavanger Oilers vant 4-2 over Stjernen, mens Frisk Asker tapte 1-3 hjemme mot Sparta Sarpsborg. (NTB)

    Storhamar-trener Petter Thoresen under intervju med NRK
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Her feirer landslaget med kebab

    Oppfordringen fra landslagssjef Ståle Solbakken var klar:

    – Jeg blir skuffa hvis ikke alle går ut i dag. Det er én mann som skal være på hotellet, og det er sjefen, gliste Solbakken på pressekonferansen etter kampen mot Israel.

    Og den ser ut til å bli fulgt.

    I et bilde delt med flere medier, deriblant NRK, kan man se landslagstroppen spise fra en kebab-buffé på spillerhotellet på Storo.

    – Både støtteapparatet og spillerne hygger seg – fordi de fortjener det, sa Solbakken videre.

    Seieren 5–0 over Israel gjør at Norge i praksis bare er én kamp unna (hjemme mot Estland) fra å være VM-klare.

    Landslaget har ny kamp på tirsdag, hjemme mot New Zealand. Men det er «bare» en vennskapskamp.

    Det norske landslaget spiser kebab-buffet
    Foto: Tåsen Cafébar

Sendeplan

Kl. Program Kanal