– Eg har vore open om at det har vore tungt. Så det har vore gonger der eg har gråte på trening, men det har vore rom for det, seier Lundekvam til NRK.
Oppkøyringa til årets NM-veka har vore tårefullt og alt anna ein enkel for functional fitness-utøvaren.
I løpet av eitt år mista ho to veslebrør. Den eine broren gjekk bort seinast i februar.
– Eg mista ein bror som døydde av hjartesvikt i februar i fjor, og i år i februar, så døde min andre bror av drukning. Så det har vore viktig med trening. Eg har vore takksam for functional fitness-miljøet i denne tida. Det er den staden som har kjenst meiningsfullt. Det har fylt dagane, seier Lundekvam.
– Betydd alt
I februar i 2022 døydde veslebroren Håvar. Eitt år seinare gjekk den andre veslebroren, Gaute, bort.
– To veker etter at Gaute døydde, hadde det vore eitt år sidan Håvar døydde. Han eine var 18 (Håvar) og han yngste var 15 (Gaute) og skulle fylle 16.
Lundekvam seier at brødrane synest det var veldig kult det ho held på med, og var veldig stolte av ho.
– Brørne mine har alltid vore store støttespelarar for meg på crossfiten. Då eg var i Berlin var begge der saman for å sjå på og heie, og på NM i fjor, var Gaute der saman med resten av familien. Då var Håvar borte.
Etter at Gaute gjekk bort tidlegare i år, har idretten og functional fitness betydd mykje, om ikkje alt, ifølgje Lundekvam – som er ein av Noregs fremste utøvarar i den beinharde idretten.
– Det er det einaste eg har orka å drive på med om dagane. Det får deg opp om morgonen. Det har betydd veldig, veldig mykje, seier ho sjølv.
Lundekvam fortel om ei enorm takksemd overfor miljøet i idretten og at det har hjelpt mot sorga. Ho har også søkt trøyst heime i Bergen der ho har besøkt familie.
– Eg har nesten berre trena og hatt gode folk rundt meg. Treninga har kjent veldig meiningsfullt. Det er mange dagar der eg ikkje har orka å trene, så har eg gjort det likevel.
– Imponert over meg sjølv
Vi må skru tida fem år tilbake for å finne første gong Lundekvam vart kjende med idretten ho no skal kjempe om NM-gull i.
Men det var ikkje eit overbegeistra førstemøte. Tvert imot. Ho vurderte nemleg å snu i døra.
– Eg byrja med crossfit fordi ei venninne ville prøve det og her i Bergen var det «bring a friend», ein slags nybyrjartime. Så kom eg inn døra der og det stod 100 push-ups på tavla. Vi vurderte å snu i døra, men vi gjennomførte og fann ut at dei var veldig gøy. Etter det var eg hekta.
– Vurderte å snu i døra?
– Vi såg på tavla og det var hundre armhemningar. Og vi tenkte «dette klarer vi ikkje». Eg skjønner at folk kan bli litt skremde, forklarer ho.
Modølingen byrja først å trene for gøy. Under NM-veka i Trondheim i år er det tredje gong ho deltek i ein noregsmeisterskap. Etter at ho flytta til Oslo er det Kristin Holte, som tidlegare i år var aktuell i «Meisteren til meistrane», som har trena henne.
– Eg synest det er veldig gøy. NM i 2020 var den første konkurransen og då fekk eg meirsmak. Eg byrja med Mathilde Garnes som coach.
No skal Lundekvam konkurrere mot den tidlegare læremeisteren sin Garnes under NM-veka. Det med veslebrørne i tankane.
– Hadde eg tatt medalje i år hadde det betydd litt ekstra, det hadde det.