– I Norge har eg fått mykje skryt for spelet i eliteserien, men her fekk eg merke at eg kanskje ikkje er så god likevel, seier Jonas Svensson smilande til NRK etter Belgia-kampen.
Gjennom 90 minutt mot Belgia fekk han kjenne på kva nivå nokon av dei beste spelarane i verda heldt, og på kanten veksla Eden Hazard og Napolis Dries Mertens på å spele mot Svensson på høgreback.
- Les også:
Spelte seg opp
I 3–2 sigeren mot Island var Svensson ein av Norges beste spelarar, men mot Belgia fekk han ein håplaus start då han flikka ballen vidare til Romelu Lukaku som scora 1–0 målet, før det var gått tre minutt.
– Vi treng vel ikkje snakke om starten på kampen, seier Svensson til NRKs reporter i pressesona etter kampen.
Men etter dei første ti minutta spelte Svensson og det norske laget seg opp, og snudde kampen mot Belgia, som er ranka som nummer to på FIFA-rankinga.
– Eg vart sett på mykje større prøvar defensivt i denne kampen enn det eg har gjort før. I Rosenborg angrip vi ofte, så eg trur at eg hadde godt av, seier Svensson.
- Les også:
Han får støtte av NRKs fotballekspert, Lise Klaveness.
– Sjølv om han ikkje er tipp-topp nøgd med seg sjølv etter denne kampen, så trur eg inst inne at han tenkjer at han vil ta dette nivået om han får litt tid på seg, seier ho.
Trening neste
Med tre landskampar i sekken, reiser Svensson no heim til Norge og Rosenborg. På agendaen står meir trening.
– Dei var raskare og sterkare i kroppen enn det eg er vand med. Ein trur ein har kontroll og så plutseleg er dei vekk. Det var nokre nivå opp frå det eg har spelt på før, så no får eg ta med meg dette og reise heim for å trena, seier Svensson.
– Eg føler at eg har blitt nokre prosent betre etter denne kampen, så det tar eg med meg, legg han til.