Hopp til innhold

Svensk målvakt i Saudi-Arabia: – Kvifor skal ikkje Ikea ta ansvar?

Den tidlegare landslagskeeperen Jacob Rinne er tydeleg på at pengane førte han til Saudi-Arabia, men seier det er feil å berre kritisere fotballspelarar for eit slikt val.

UEFA Euro 2020, day 1, Sweden, reserve squad, training

TRIVST: Jacob Rinne forlét dansk fotball til fordel for saudiarabiske Al Fateh i 2022. Det har han ikkje angra på.

Foto: BILDBYRÅN

Eg tener mykje meir her enn eg ville gjort noko annan stad. Eg skal ikkje legge skjul på det. Det var den avgjerande faktoren.

Det seier Al Fatehs svenske målvakt Jacob Rinne til SVT i ein dokumentarserie om fotball i Saudi-Arabia.

Kvifor skal eg, på eit individuelt nivå, takke nei til noko som kan forandre meg og min families økonomiske framtid? Det kan forandre heile livet vårt eigentleg, seier Rinne i SVT-dokumentaren, utan å røpe årslønna.

Rinne spelte fem sesongar i danske Aalborg før han drog til Saudi-Arabia og Al Fateh sommaren 2022.

STØDIG: Jacob Rinne spilte 162 kamper på fem sesonger i danske Aalborg BK.

STØDIG: Jacob Rinne spelte 162 kampar på fem sesongar i danske Aalborg BK.

Foto: FODBOLDBILLEDER

Han var med på det svenske U21-landslaget som vann EM-gull, men har berre vore med i éin svensk A-lagstropp i løpet av karrieren sin.

Eg er her og jobbar på lik linje med alle andre som gjer ein jobb. Eg speler fotball, men kvifor skal ein ikkje stille spørsmål ved dei som kjem hit og har «vanlege» jobbar? Dei er også her fordi dei tener mykje meir her enn dei hadde gjort i Europa, seier Rinne.

Han meiner også bedrifter fortener sin del av kritiske spørsmål, dersom fotballspelarane stadig vekk skal få det.

Vi dreg til Ikea her. Kvifor skal ikkje Ikea ta ansvar og ikkje ha lokale i Saudi-Arabia? Eg skal heilt plutseleg ta ansvar og folk skal synast mykje om det. Det er ein uting at ein meiner og synsar om ting ein ikkje sjølv skal ta omsyn til, seier Rinne.

NRK har lagt fram Rinne sine utsegn for Ikea, men dei ønsker ikkje å kommentere utsegnene hans direkte.

I staden skriv dei at dei berre gjer forretningar som er i tråd med Ikea sin kultur, verdiar og etiske retningslinjer. Dei er forplikta til å følge menneskerettane på alle område i verksemda si, noko dei forsikrar at alle i Ikea sin verdikjede gjer.

– Ser ingen menneskerettsbrot

Rinne drog til Saudi-Arabia eitt år før ei heil rekke stjerner valde å forlate dei europeiske klubbane sine til fordel for Saudi-Arabia og storsatsinga deira.

Det statlege oljefondet Saudi-Arabia (PIF) gjekk inn på eigarsida i fire av toppklubbane i Saudi Pro League og spytta inn enorme summar, slik at klubbane kunne hente store namn frå Europa.

Totalt skal ligaen ha brukt i underkant av 11 milliardar kroner på overgangssummar i 2023.

Saudi Pro League - Al Hilal v Al Nassr

TREKKPLASTER: Cristiano Ronaldo drog til Saudi-Arabia allereie i januar 2023, sidan har mange stjerner følgde etter.

Foto: AHMED YOSRI / Reuters

Da Rinne signert hadde han ikkje rekna med ei slik utvikling av fotballen i landet.

Sånn det er her no, så speler ein ikkje berre for pengane. No er det ein attraktiv liga og det er kult å vere her å spele fotball. Klimaet er bra og alt rundt er bra for oss, seier han.

Han seier det er stor forskjell på ligaen no samanlikna med den første sesongen han spelte, i 2022/23.

Den er betre nå. Betydeleg betre. Toppane er veldig høge her og ein får spele mot veldig bra motstand.

Dei største stjernene ryktast å ha lønningar som er mykje større enn den allereie gode lønna dei fekk i Europa.

Ifølge nyheitsbyrået AFP, tener blant anna Cristiano Ronaldo nærare 4,2 milliardar på toårsavtalen sin med Al-Nassr.

Satsinga har blitt sterkt kritisert av mange, som meiner det heile er ein del av eit sportsvasking-prosjekt, der ein bruker fotballen for å skjule menneskerettsbrotet til staten.

Dette med menneskerettsbrot er ikkje noko eg ser. Det er berre ting eg har høyrt eller lese om i media. Eg veit ikkje kva som er sant og ikkje, og eg skal ikkje sitte og nekte nokon ting, men det er sånn det er, seier Rinne.

Les også Saudi-topp glemte mikrofonen: – Hørte de fornærmelsene mine?

Kronprinsen: – Eg bryr meg ikkje

Ifølge kronprinsen i landet, Mohammed Bin Salman, er derimot det heile ein del av prosjektet «Visjon 2030».

Det handlar kort fortalt om at landet skal bli mindre avhengig av oljeinntektene sine i tida framover, og heller modernisere landet og satse meir på idrett og turisme. Dei ønsker å bli ein storaktør på fleire område, og fotballen er blant dei.

Då Bin Salman gjorde eit sjeldan TV-intervju i fjor haust, svarte han følgande om sportsvasking-skuldingane til Fox News:

– Eg bryr meg ikkje. Viss sportsvasking kjem til å auke BNP-ein vår med éin prosent, så vil vi fortsette sportsvaskinga. Eg har éin prosent vekst i BNP frå sport og eg siktar meg inn på 1,5 prosent til, sa Bin Salman og fortsette:

– Kall det kva du vil – vi skal få dei 1,5 prosentane.

Kronprinsen i Saudi-Arabia, Mohammed Bin Salman.

MEKTIG: Mohammed Bin Salman er både kronprins og statsminister i Saudi-Arabia.

Foto: Reuters

– 99,9 prosent meiner ein berre skal køyre på

Rinne seier dette var noko han tenkte på da han fekk tilbodet, men at det ikkje var avgjerande for valet han tok.

Eg tenkjer at eg sjølv ikkje speler så stor rolle i dette «sportsvasking-prosjektet», om det er det det er. Eg trur ein må litt høgare opp i næringskjeda for at ein skal få nokon effekt av det.

Og han er visstnok ikkje den einaste som ikkje bryr seg om sportsvasking-skuldingane.

99,9 prosent av dei fotballspelarane eg har snakka med om dette synest ikkje det er noko å tenke på. Dei meiner ein berre skal køyre på. Eg har ikkje møtt nokon som meiner noko anna.

Les også Sportsvaskingens død

Bin Salman Infantino Putin

Journalisten bak SVTs dokumentar, Daniel Grefve, hyllar Rinne for openheita og ærlegdommen i møte med kanalen.

Det er kult når fotballspelarar er så opne som han er, for det er nok av eksempel på fotballspelarar som ikkje er det. Mange seier berre at dei er der for å påverke der det skjer, eller at dei vil utvikle fotballen i Saudi-Arabia, seier Grefve.

Grefve seier han ikkje veit nøyaktig kva Rinne tener i Al Fateh, men antar at det ikkje er snakk om småpengar.

Han var ein av Danmarks beste målvakter då han spelte der, men eg tippar han tener ti gonger så mykje som han ville gjort i Europa.

Sjølv om Rinne og ein heil haug andre har vraka Europa til fordel for Saudi-Arabia, trur ikkje målvakta det vil prege europeisk fotball for mykje i framtida.

Eg trur dei som veks opp i dag med ein draum om å bli fotballproff, framleis drøymer om å spele i Europa, ikkje Saudi-Arabia, seier Rinne.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal