Hopp til innhold

Sven Kramer fnyser av van der Poels store hemmelegheit

Uslåelege Nils van der Poel har delt absolutt alt han har gjort dei siste åra i eit stort dokument. Nederlands store skøytestjerne Sven Kramer sender kraftig beskjed i retur.

Kramer fnyser av van der Poel

BRYR SEG IKKJE: Sven Kramer(t.v) har ikkje nokon plan om å lese det Nils van der Poel har skrevet om treningsopplegget sitt. Han meiner det ikkje er bærekraftig over tid.

Foto: Peter Dejong/Mathias Bergeld/Mark Tonkin / NTB/Bildbyrån/NRK

– Det er kult å sette eit avtrykk, seier Nils van der Poel til NRK etter at han akkurat har publisert ei 62-siders avhandling som greier ut om alt han har føreteke seg opp mot sine to OL-gull i Beijing.

Svensken har verkeleg sett sitt preg på skøytesirkuset dei siste to åra, med verdsrekordar, VM-gull, OL-gull og eit veldig uortodoks treningsregime.

Men for han som av mange er rekna som skøytekongen dei siste 15 åra, er van der Poels skriverier av null interesse.

– Nei, og eg er fullstendig uinteressert i det, seier Sven Kramer når NRK spør om han har vore inne på nettstaden howtoskate.se.

– Kvifor?

– Fordi vi i Nederland har vår filosofi og eg tykkjer at eg har gjort det ganske bra dei siste 15 åra. Nils van der Poel gjer det ganske bra no, men det vil overraske meg om han fortset å gjere det bra i 15 år framover, seier mannen med 29 VM-gull og fire OL-gull, og sender med det eit tydeleg stikk til svensken.

Netherlands Speed Skating World Cup

UINTERESSERT: Sven Kramer meiner at opplegget til Nils van der Poel ikkje er haldbart i lengda. Difor er han fullstendig uinteressert i treningsdokumentet hans.

Foto: Peter Dejong / AP

Skal lese på flyet heim

Sven Kramers lagkamerat Patrick Roest er ikkje like avvisande til van der Poels skriverier. Han fortel at han fekk ein papirkopi av dei 62-sidene etter medaljeseremonien laurdag, frå van der Poel.

– Eg skal lese det på flyet heim når OL er over. Men akkurat no fokuserer eg på meg sjølv, seier han til NRK.

Patrick Roest

IKKJE FOR ALLE: Patrick Roest kjem ikkje til å legge om treninga si sjølv om han tykkjer det Nils van der Poel skriv er veldig interessant. – Det vil ikkje fungere for meg, seier Roest.

Foto: Peter Dejong / AP

Roest vart nummer to på både 5000- og 10.000-meteren bak van der Poel. Men sjølv om han ikkje hadde ein sjanse til å slå svensken, så vil han ikkje ta etter han i treninga.

– Det funkar for han, men det ville aldri fungert for meg. Eg trur eg berre hadde vorte dårlegare av å byrje å trene som han, seier Patrick Roest.

  • Her kan du lese heile historia om den unike skøyteløparen Nils van der Poel:

Heilt unikt

Etter eitt døgn hadde nettstaden til van der Poel fått nærare 200.000 sidevisningar kunne Sveriges pressesjef Niclas Green opplyse sundag kveld.

Alle som har vore innom har fått sjå gjennom treningsdagboka til van der Poel heilt attende frå mai 2019 og fram til verdsrekorden og OL-gullet på 10.000 meter fredag.

I tillegg har han forklart kvar einaste detalj bak sin treningsfilosofi. Sjølv brukar han orda: «Keep it simple, stupid»

– Eg har aldri sett at nokon har delt så mykje om seg sjølv og treninga si. Og når det i tillegg kjem frå han som er verdas absolutt beste akkurat no, så er det heilt unikt, seier Sondre Skarli.

Sondre Skarli

OVERRASKA: Sondre Skarli var trenar til Nils van der Poel da han trente med det norske landslaget i 2016 til 2018.

Foto: NRK

Han er tidlegare landslagstrenar for Noreg, og no arbeider han som fagkonsulent for uthald ved Olympiatoppen.

Skarli fortel at «alle» i miljøet snakkar om dette dokumentet no.

– Det er nok ufatteleg mykje å lære av dette, men eg vil ikkje anbefale folk å sluke det rått og køyre ein blåkopi, seier han.

Enorme watt-verdiar

Sundag vann Peder Kongshaug, Hallgeir Engebråten og Sverre Lunde Pedersen kvalifiseringa på lagtempo i skøytehallen i Beijing.

Oppladinga til det løpet var å lese van der Poels dokument.

– Det er heilt sjukt. Det er ikkje til å tru, seier 20 år gamle Peder Kongshaug som slukte alle dei 62 sidene ein gong det vart publisert.

WCup Speedskating Calgary

HEILT SJUKT: Det er orda Peder Kongshaug (fremst) og Hallgeir Engebråten (midten) bruker om treningsdokumentet til Nils van der Poel.

Foto: Jeff McIntosh / AP

Hallgeir Engebråten fortel at han var sjokkert da han fekk sjå treningsdagboka til sin svenske konkurrent.

– Watt-verdiane han har sykla på er jo på nivå med mange proffsyklistar, seier Engebråten.

Watt er enkelt forklart kor mykje kraft ein legg ned i pedalane når ein syklar. Høgare watt betyr at ein legg meir kraft i tråkka sine.

Speed skating, Nils van der Poel, Press meeting

MENGDE: Det er på sykkelsete Nils van der Poel gjer unna mengdetreninga si. I timevis har han trakka i veg.

Foto: MAXIM THORE / BILDBYRÅN

Engebråten får støtte av Sondre Skarli.

– Han hadde hevda seg i NM på sykkel i ei tempoetappe med dei wattverdiane han presenterer. Utfordringa hadde nok vore aerodynamikken i sittestillinga seier han.

NRK har også fått ein professor i bevegelsvitenskap til å vurdere van der Poels treningsopplegg. Den kan du lese her:

2022 Winter Olympics, day 8, Medal Ceremonies

TO GULL: Nils van der Poel reiser heim att frå Beijing med to gull. Men når NRK spør han kvar han skal, så svarar han at han ikkje veit enda. – Eg må tenkje litt. Eg bur jo eigentleg ingen plass, seier han.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Siste nytt

  • Historisk Ohtani-show sendte Dodgers til World Series

    Shohei Ohtani sto for en uhørt prestasjon med ti strikeouts og tre homeruns da Los Angeles Dodgers slo Milwaukee Brewers 5-1 og tok seg til World Series

    Japanske Ohtani er uten sidestykke i baseball som en av veldig få i historien som både utmerker seg som kaster og slagmann, og Ohtani nektet Brewers poeng i de seks omgangene han fullførte, med ti strikeouts.

    Dodgers vant semifinalen i fire strake kamper og kan bli første lag som forsvarer Major League Baseball-tittelen siden New York Yankees vant sin tredje strake for 25 år siden..

    en baseballspiller i blå uniform
    Foto: Ashley Landis / AP / NTB
  • Brandsegg-Nygård vant norsk duell i NHL – ble utvist i seieren mot Lillebergs Lightning

    Michael Brandsegg-Nygård fikk sin første NHL-utvisning i seieren mot Emil Lilleberg og Tampa Bay Lightning. Detroit Red Wings har nå vunnet fire strake kamper.

    20-åringen måtte ta seg en tominutterspause etter å ha holdt igjen Lightnings Brayden Point tidlig i den andre perioden.

    Brandsegg-Nygård, som ble draftet til NHL før årets sesong, spilte 13 minutter og 36 sekunder. Lilleberg, som allerede har flere års erfaring i den amerikanske toppligaen, fikk 11 minutter og 49 sekunder på isen.

    Seieren er Red Wings' fjerde for sesongen. Lightning har derimot bare vunnet én kamp så langt denne sesongen.

    Hockeyspillere på isen
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal