Hopp til innhold

Stjerne vart gravid – blei overraska då ho såg lønna

Fotballprofilen Sara Björk Gunnarsdóttir si glede vart brått snudd til fortviling og ein kamp mot eige lag. No svarer klubben på dei harde skuldingane hennar.

FILE PHOTO: Women's Champions League - Olympique Lyonnais Training

GÅR HARDT UT: Den islandske fotballprofilen Sara Björk Gunnarsdóttir.

Foto: POOL / Reuters

– Eg hadde ingen grunn til å tru at noko var gale. Det var heilt til eg ikkje fekk min første lønnsslipp.

I eit nytt innlegg tek den islandske fotballstjerna Sara Björk Gunnarsdóttir eit hardt oppgjer med gamleklubben Lyon.

Tilbake i 2021 vart Gunnarsdóttir gravid med kjærasten Árni Vill, skriv 32-åringen. Men det ho først beskriv som ei kjensle av «berre lykke», skulle raskt bli avbroten av ein brå tanke.

– Så slo det meg. «Shit. Korleis kjem klubben til å reagere på dette?», skriv ho i innlegget publisert på nettstaden «The players tribune.»

– Ikkje rett

Det heile skulle bli starten på ein lang kamp på sidelinja.

Islendingen vart henta frå Wolfsburg til Lyon sommaren 2020, og avslutta sesongen med skåring og seier i meisterligafinalen.

 Gunnarsdottir

TØFF FORTID I LYON: Sara Björk Gunnarsdóttir opnar opp i sitt nyaste innlegg.

Foto: ALVARO BARRIENTOS / AFP

Gunnarsdóttir hevdar ho i 2021 vart einig med klubblegen i Lyon om å halde graviditeten hemmeleg inntil vidare. Men då ho kasta opp under økter og hadde vanskar med å trene, så ho seg nøydde til å dele nyheita med resten av laget, der ho mellom anna var lagkamerat med Ada Hegerberg.

Men letten av å ha delt graviditeten, skulle kort tid etterpå bli snudd til fortviling. Frykta for korleis klubben kom til å reagere, vart reell då lønna ikkje kom og Lyon snudde ryggen til.

– Alt som vart sett inn var berre ein liten prosentdel frå trygda, hevdar ho i innlegget.

Dagbladet omtala saka først i Noreg.

Les også Toppserie-profil kritisk til vrakingen av sluttspillet: – Det er trist

Toppserien fotball 2021: Vålerenga - Arna Bjørnar (2-0)

Då Gunnarsdóttir vende seg til klubben om den manglande lønna, fekk ho ikkje svar. Ho skal etter kvart etter seiande ha fått ei unnskyldning, og vorte fortalt at pengane ville komme, ifølgje ho sjølv. Likevel skal det ha vorte påpeika frå klubben at dei følgde fransk lov.

– Nei, det er ikkje rett, dei burde følgje Fifa-reglane, var svaret, skriv ho i innlegget.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Lyon om saka. Dagen etter forsøket, sende Lyon ut ei pressemelding og svar på kritikken, ifølgje nettstaden Olympique-et-lyonnais. Der står det mellom anna:

«Vi har alltid respektert fransk lov, som vi nokre gonger har funne for restriktiv på desse tema. Dermed har vi alltid aksjonert for auka vern av spelarar på desse punkta»,

– Gjort alt vi kan

Då pengane framleis glimra med sitt fråvær i tida etterpå, så 32-åringen seg nøydde til å ta saka til spelarforeininga FIFPRO.

Gunnarsdóttir var villig til å gå heile vegen til Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) for å vinne fram, men skal ha bli møtt med hard motstand frå eigen klubb.

«Viss Sara går til Fifa med dette, så har ho ikkje noka framtid i Lyon i det heile», var etter seiande svaret.

Les også Får ikke gjøre som herrelaget: – Urettferdig

Toppserien 2022

Det står ikkje noko konkret om hendinga i tilsvaret, men Lyon hevdar dei har følgt spelaren opp godt under tida hennar i klubben.

«Vi har gjort alt vi kan for å støtte Sara Björk Gunnarsdóttir i morskapet hennar, og dessutan tilbakevendinga hennar til det høgaste nivået», står det mellom anna i den ferske pressemeldinga.

Les meir av tilsvaret lenger ned i saka.

Vann sak

Gunnarsdóttir flytta tilbake til Island under graviditeten for å få betre oppfølging. Midt i konflikten med klubben, fødde ho sonen Ragnar. I januar 2022, drog ho tilbake til Frankrike for å ta opp kampen der. Ho kjende seg oversett.

Etter at saka hadde vorte behandla i FIFPRO, vart Lyon bede om betale tilbake lønna dei skal ha skyldt henne. Saka har ikkje vorte anka. I juli signerte midtbanespelaren, som er første kvinne til å vinne kåringa «årets sportsperson» på Island to gonger, for Juventus.

FIFA Women's World Cup Australia and New Zealand - UEFA Qualifiers - Group C - Netherlands v Iceland

LANDSLAGSSPELAR: Sara Björk.

Foto: PIROSCHKA VAN DE WOUW / Reuters

– Eg vil forsikre meg om at ingen må gå gjennom det eg gjekk gjennom igjen. Og eg vil at Lyon skal vite at dette ikkje er greitt, skriv 32-åringen i innlegget.

I tilsvaret frå Lyon står det også følgjande:

– Veldig synd

Den norske idrettsutøveres sentralorganisasjon (Niso) fortel til NRK at dei ikkje har erfaring med likande tilfelle i Noreg.

– Dette er ein viktig sak som Niso naturlegvis ville støtta sine medlemmer fullt ut i, dersom vi skulle få ein liknande sak. Om det skulle vere juridisk bistand eller anna relevant oppfølging, skriv forbundsleiar Erlend Hanstveit i ein e-post til NRK.

Rosenborg-spelar Kristine Minde kjenner Gunnarsdóttir godt frå tida deira saman i Wolfsburg. Minde var sjølv gravid i 2021, og dei to snakka mykje saman under svangerskapet. Ho reagerte sterkt då ho vart fortald om opplevingane til hennar tidlegare lagvenninne.

Fotball: Klepp - Rosenborg (1-2)

KRITISK: Tidlegare lagkamerat Kristine Minde.

Foto: Carina Johansen / NTB

Ein har nok bekymringar med å vere mamma i eit idrettsmiljø, at ho skal få den påkjenninga, unner eg ho ikkje, seier Minde.

Ho er sterkt kritisk til behandlinga til klubben.

Det er veldig synd. Eg håpar at dei lærer av det. Eg synest det er bra at ho deler erfaringa si. Det er ikkje lett å gjere det når det er ein så sterk klubb.

30-åringen fortel at ho hadde ein heilt anna oppleving under graviditeten sin, og hyllar klubben hennar Rosenborg for oppfølginga.

Eg er takksam for kvar eg er. Dei behandla det veldig bra. Eg fekk god oppfølging gjennom heile svangerskapet, seier Minde.

Siste nytt

  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål tre minutter ut i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB
  • Skaslien og Nedregotten tapte nervepirrende VM-semifinale

    Curlingparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten kom til kort i VM-semifinalen fredag, etter en semifinale hvor det bølget frem og tilbake og ikke ble avgjort før siste stein.

    I kampen mot Estland fikk Norge et tidlig overtak og ledet 4-2 etter fire omganger. Estland slo tilbake og tok tre poeng i den femte omgangen, men Norge fikk igjen overtaket etter å ha tatt to poeng i den sjette omgangen.

    Med ledelse 6-5 hadde Norge en viss kontroll før de siste to omgangene, men to poeng til Estland sørget for full spenning inn i den siste ordinære omgangen.

    Norge trengte der ett poeng for å skaffe en ekstraomgang og to poeng for å vinne, hvor Norge hadde den siste steinen.

    Estland fikk plassert sin siste stein midt i boet og da klarte ikke det norske paret å svare. Dermed ble det ett estisk poeng og 8-6 til Estland totalt.

    Skaslien og Nedregotten tok sølv i VM tilbake i 2021. Sølv ble det også i OL i 2022. Lørdag blir det VM-bronsefinale mot Sveits.

    Nedregotten Skaslien
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Norges ishockeykvinner vant etter straffer – styrer mot plass i elite-VM

    Norge kan for første gang siden 1997 år bli å se i elite-VM i ishockey for kvinner. Etter straffeseier over Nederland er opprykkshåpet tent før siste runde.

    Norge spiller for øyeblikket VM 1. divisjon i Østerrike og kjemper om opprykk sammen med flere andre lag.

    Seieren over Nederland kom i en tett affære i Klagenfurt. Etter tre målløse perioder måtte lagene ut i forlengning og etter hvert straffer. Der ble Emilie Kruse og Mathea Fischer avgjørende for Norge med sine scoringer.

    Med fredagens triumf ligger Norge to poeng bak Frankrike på tabelltopp etter fire kamper. Ungarn er to poeng bak Norge med én kamp mindre spilt, og dermed kan ungarerne klatre forbi med seier over Østerrike senere fredag.

    Ungarn og Frankrike skal imidlertid møte hverandre i siste runde, og dessuten har Norge slått begge lag tidligere i turneringen.

    Dermed trenger Norge å slå bunnlaget Sør-Korea etter ordinær tid for å sikre opprykket til elite-VM. Om lag ender likt på poeng, blir kampene innbyrdes tellende for å skille dem.

    De to beste etter fem runder rykker opp til elite-VM i Tsjekkia neste år. (NTB)

    André Lysenstøen, landslagstrener ishockey kvinner
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal