Hopp til innhold

Solskjærs etterfølgjar etter 1-1 mot Chelsea: – Eg er faktisk litt skuffa

Manchester United tok bortepoeng frå ligaleiaren i sin første kamp etter at Ole Gunnar Solskjær blei sparka som manager.

Straffe til Chelsea

STRAFFE: Her blir Thiago Silva felt, og Chelsea kan utlikne på straffe

Foto: DAVID KLEIN / Reuters

Michael Carrick har dermed gjort det godt i dei to kampane han har leia United. 2-0 over Villarreal i meisterligaen blei følgt av ligapoeng på Stamford Bridge

Chelsea er framleis på tabelltoppen, men berre eitt poeng framfor Manchester City og to framfor Liverpool. Det måtte ein straffe til for at dei i det heile tatt skulle få poeng mot United. Men poeng blei det, og Chelsea er utan tap på sine siste 11 kampar i alle turneringar.

– Eg er faktisk litt skuffa. Når du leier ein kamp, vil du vinne. Vi kom for å vinne. Vi har hatt det vanskeleg, og respopnsen frå spelarane var fantastisk, sa Carrick til Sky Sports.

Sjå scoringane her:

Chelseas manager Thomas Tuchel var godt nøgd med prestasjonen.

– Vi spela fantastisk fotball, og scora eigentleg begge måla. Bortsett ved eit par dødballar hadde vi full kontroll. I ope spel var vi skarpe, og det var lett å dirigere frå sidelinja, sa Chelsea-manager Thomas Tuchel.

– Uheldigvis hadde vi marginane mot oss og greidde ikkje å omsetje sjansane. Men vi må berre svelje resultatet. Det er andre gongen det skjer, sa han, og sikta til oppgjeret mot Burnley i førre heimekamp.

– Eg synest ikkje det var straffe

Tidlegare United-spelar Roy Keane var ikkje samd.

– Dei gav bort masse sjansar. Eg meiner dei ikkje har spela godt denne veka. Men dei har fått eit par gode resultat, og det er det som tel, sa han til Sky Sports.

Det var mållaust ved pause, men like etter kvilen tok United ei overraskande leiing.

Jorginho bomma stygt på ei klarering av eit langt framspel. I staden dempa han ballen perfekt til Jadon Sancho, som åleine kunne gå mot mål og score lett.

Men Jorginho skulle gjere opp for bommerten snaue 20 minutt seinare.

Antonio Rüdiger

BOM: Antonio Rüdiger fortvilar etter å ha brent ein gigasjanse sju minutt på overtid

Foto: DAVID KLEIN / Reuters

Chelsea heldt fram med å køyre kampen, men måtte ha straffe for å utlikne snaue 20 minutt seinare.Aaron Wan-Bissaka felte Thiago Silva, og dommaren meinte det kvalifisert til straffe. Den sette Jorginho greit i mål.

– Eg synest ikkje det var straffe i det heile tatt, sa Carrick.

Chelsea pressa sterkt for sigersmål på tampen, men fekk nokså lite ut av overtaket. I sluttminutta hadde begge lag gode sjansar til sigersmålet, midt i ein skog av gule kort på overtida.

Stor sjanse på overtid

Antonio Rüdiger hadde ein gigantisk sjanse til å sikre heimesiger med siste spark på ballen sju minutt på overtid, men hamra ballen høgt over.

– I dei siste kampane har vi sleppt inn tre og fire mål, så dette var framgang. I dag forsvarte vi oss godt og kjempa for kva ball. Det var eit sterkt poeng, sa United-keeper David de Gea.

United hadde plassert Cristiano Ronaldo på benken, han kom inn med ein halvtime igjen. Chelseas storscorer Romelu Lukaku var også på benken, han var tilbake etter skade fekk spele dei siste ti minutta. Men ingen av dei kom til skikkelege avslutningar.

United er på åttandeplass på tabellen, 12 poeng bak Chelsea.

Siste nytt

  • Ny teknikktrener for alpinkvinnene: – Glade for at vi er attraktive for de beste trenerne i verden

    Østerrikske Johannes Zöchling (44) har blitt ansatt som ny hovedtrener for de norske alpinkvinnenes teknikklag.

    Det skriver Norges Skiforbund i en pressemelding.

    – Vi er glade for at Johannes velger å bli med oss og ser fram til å få han på laget. «Hannes» har en sterk og variert bakgrunn, med gode resultater, forteller alpinsjef Claus Johan Ryste.

    Zöchling kommer fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han har jobbet i ulike roller de siste 15 årene. Blant annet har han hatt ansvaret for kvinnenes teknikklag i seks år, mens han de siste tre sesongene har hatt ansvar for rekrutteringslandslaget på herresiden.

    Østerrikeren tar over for Janne Haralla, som har fått en rolle i den amerikanske superstjernen, Mikaela Shiffrins, lag. (NTB)

    Thea Louise Stjernesund i Kranjska Gora
    Foto: BORUT ZIVULOVIC / Reuters
  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal