– Klubbkjernen rotnar nesten kvar dag, for kvart nederlag og for kvart managerskifte. Det er eit fall av så enorme dimensjonar.
Den profilerte United.no-journalisten Eivind Holth har følgt storlaget frå Manchester i ei årrekkje, men må no nesten gni seg i auga når han ser på kva forfatning ein av dei største klubbane i verda er i.
Sjekk «problemlista»
Måndag er dei raude djevlane vertskap for Liverpool heime på Old Trafford, men skal vi tru oddssetjarane, har erkerivalane frå Merseyside eit sjeldan stort favorittstempel. Dei fleste bookmakerar gir United-siger over 5 i odds, noko som betyr at dei trur det er svært lite sannsynleg at Old Trafford-publikummet får noko å juble for.
MYKJE Å GRUBLE PÅ: Manchester United-manager Erik ten Hag.
Foto: DAVID KLEIN / ReutersAkkurat no er lista over problema i klubben lang:
- Manchester United opna med to tap (mot Brighton og Brentford), og er heilt sist i Premier League. Det har ikkje skjedd på 30 år.
- Forholdet mellom fansen og eigarane er på kokepunktet, og det blir varsla om supporterboikott mot Liverpool.
- Den største stjerna av dei alle – Cristiano Ronaldo – stod over fleire av treningskampane i sommar. Han skal ifølge den britiske pressa ønskje seg bort, men portugisaren har sjølv kalla rapportane for løgner.
- Det blir rapportert om ein splitta garderobe, og lokalavisa Manchester Evening News melde om høglydt krangling før 4-0-tapet for Brentford.
- Klubben har slite med å tiltrekkje seg stjernespelarar. Den ferske signeringa av Casemiro er likevel eit lyspunkt.
Det er likevel ikkje noko nytt med lange lister over utfordringar i den raude delen av Manchester. Sist United gjekk til topps i Premier League var i 2013. Då var det managerlegenda Alex Ferguson som styrte skuta.
Sidan den gong har fleire store managerar komme, mislykkast og gått.
– Det er vanskeleg å tenkje seg at det kunne bli så ille for ti år sidan, seier Holth.
– Eg vil tru at viss du snakkar med nokon som følgde United på 70-talet var nok det også ganske ille, men sånn som eg har forstått det, så var det andre forventningar også då. Manchester United var ein storklubb, men dei gjekk og trakka i gjørma på ein litt annan måte.
Men kor gjekk det eigentleg gale?
Upopulære eigarar
– Det er eit enormt spørsmål. Viss du vil ha det inn i ein artikkel, så snakkar vi om ei halv bok, seier Thore Haugstad.
NRKs fotballskribent gjer likevel eit forsøk på å fortelje kvifor stoda er som han er i Manchester United. Han meiner det heile starta med Glazer-familien som eig klubben.
I HARDT VÊR: Avie Glazer representerte eigarane på Old Trafford under opningskampen mot Brighton 7. august. Det enda med 2-1-tap.
Foto: TOBY MELVILLE / Reuters– Glazers er meir opptekne av å få utbytte, få ut pengar av klubben, enn dei er av å få klubben tilbake i toppen. Dei ser ikkje ut til å ha noka form for sportsleg kompetanse på korleis dei skal gjere dette. Dei har sjefar, direktørar og mellomledd mellom seg og det sportslege, som er veldig flinke på det kommersielle, men som eigentleg ikkje har noko erfaring med korleis ein byggjer ein toppklubb, seier Haugstad.
Fotballskribenten påpeikar at klubben konsekvent har tilsett folk i sportslege nøkkelroller, som ikkje har erfaring på dette området. Manglande kompetanse gjennomsyrar klubben, meiner Haugstad.
– Sjølv om dei får ein god trenar, så er ikkje det nok. Trenaren er liksom heilt åleine. Det seier litt om dei moderne krava i ein toppklubb, at ein må ha dei rollene på plass, seier han.
Meiner Solskjær-biletet er snudd
Det har med andre ord vore få piler som har snudd etter at Ole Gunnar Solskjær fekk sparken 21. november i fjor. Eit audmjukande 5-0-tap heime for Liverpool vart følgt opp av 4-1-tap borte mot Watford. Neste dag var nordmannen ferdig.
Nokre månader tidlegare hadde Solskjær leidd klubben til ein 2.-plass i Premier League. Solskjærs arbeid framstår betre i dag enn tidlegare, meiner Haugstad.
– Det er akkurat dei same spelarane som kollapsa heilt under (Ralf) Rangnick, og som no slit under Erik ten Hag. Det er ingen tvil om at Solskjær si tid i klubben verkar betre og betre, og at han er den som har fått det til aller best med dei, seier Haugstad.
TAKKA FOR SEG: Ole Gunnar Solskjær sat i sjefsstolen på Old Trafford frå desember 2018 til november 2021.
Foto: FABRICE COFFRINI / AFPHolth påpeikar at dette biletet snudde ganske raskt. Då Solskjær fekk sparken, var «alle» samde om at det måtte skje noko. Så tok Rangnick over.
– Det vart eit halvt år der alle problema i Manchester United berre vart bretta ut for heile verda. A fordi Manchester United framleis spelte veldig dårleg fotball, og B fordi Rangnick var såpass ærleg som han var. Eg trur aldri omdømmet til Solskjær stod i fare på Old Trafford, nettopp fordi han var den legenda han var som speler, men som manager så trur eg utvilsamt at mange har tenkt seg om ein gong til, og sit igjen med eit inntrykk at han kanskje fekk meir ut av den gjengen – ikkje mindre. Som ein kanskje trudde, seier Holth.
No står ten Hag overfor ei formidabel oppgåve med å snu skuta. Den blir gjord endå vanskelegare av svært upopulære eigarar.
Allereie før 4-0-tapet for Brentford vart det varsla supporteraksjonar i samband med kampen mot Liverpool måndag. Men der dei fleste Manchester United-supporterane står samla i misnøya mot Glazers, er det mange ulike meiningar om korleis denne misnøya skal visast.
Dei ulike initiativa varierer frå å boikotte kampen, protestmarsj før kampen og forlate stadion undervegs i kampen.
– Eg kan berre seie at eigarane ønskjer å vinne, og vi ønskjer at supporterane skal stå bak laget. Eg har ikkje vore lenge nok i klubben til å forstå heile bakgrunnen, men vi er uansett nøydde til å kjempe saman, sa Erik ten Hag på pressekonferansen fredag.