Hopp til innhold

Freser etter Fifa sitt sko-svar: – Det heng ikkje saman

Fifa ser ikkje problemet med at VM-spelar Gaël Ondoua (27) har pynta skoa sine med eit russisk flagg. Det får ekspertar til å sjå raudt.

Kopier referanse Gael Ondouas sko under Kamerun-Sveits i VM i Qatar

RUSSISK FLAGG: Ekspertane er nådelause i vurderinga av denne skopynten.

Foto: Petr Josek / AP Photo/NTB Scanpix

– Viss dette ikkje medfører sportsleg reaksjon, så viser det igjen kor ute å køyre Fifa er, seier Berit Lindeman til NRK.

Ho er generalsekretær i Helsingforskomiteen, og ho kjenner godt til idretten frå rolla si som medlem i Noregs fotballforbunds etiske komité.

– Dette er ei politisk markering som blir oppfatta som støtte til eit utestengt lag, konkluderer ho.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp stemmer i:

Carl-Erik Torp

REAGERER: Carl-Erik Torp

Foto: NRK

– Eg tenkjer at det er fullstendig umusikalsk. Han viser fullstendig mangel på takt og tone og forståing for den anstrengde situasjonen som Europa er i, seier han.

– Dette står fram som ein provokasjon for ekstremt mange menneske, seier Torp.

– Fifa må rydde opp

Handlinga som får duoen til å frese, er skovalet til Kamerun-spelar Gaël Ondoua i VM-kampen mot Sveits torsdag. Biletet viser nemleg at 27-åringen hadde eit russisk flagg på skoa sine, sjølv om Russland er utestengt av internasjonal fotball på grunn av krigen i Ukraina.

Ondoua har russisk pass, har delvis vakse opp i Russland, og har spelt i fleire russiske klubbar.

– Det er ikkje sikkert at han meiner det som ein provokasjon. Han har hatt mange viktige år i Russland, han kjenner seg sikkert litt russisk, men akkurat no blir det ein provokasjon, seier Torp.

Lindeman er samd.

Berit Lindeman

REAGERER: Berit Lindeman

Foto: PRIVAT

– Dette er ei medviten handling for å gjere ei markering, og ein finger i auget til avgjerda om å stengje ute Russland.

Begge trekkjer fram den omdiskuterte avgjerda til Fifa om å forby regnbogekapteinsbind, og at den russiske skopynten til Ondoua ser ekstra ille ut i lys av det.

– Uttrykk for fotballen og Fifa sine eigne verdiar, slik som likeverd, likestilling og One Love, som openbert burde omfattast av ytringsfridommen til spelarane, blir forbode. Medan politiske uttrykk blir sett gjennom fingrane med. Fifa må rydde opp, samanfattar Lindeman.

– Reint moralsk sett, så kjenner eg at Fifa må komme på bana, legg Torp til.

Kopier referanse Gael Ondouas sko under Kamerun-Sveits i VM i Qatar

DETALJEN: Gaël Ondoua spelte med russisk og kamerunsk flagg på skoa under VM-kamp.

Foto: Petr Josek / AP Photo/NTB Scanpix

Fifa til NRK: – Ikkje noko problem

Men verken Torp eller Lindeman får sine bønner høyrt. Giovanni Marti, pressekontakt i Fifa, stadfestar overfor NRK av dei er klar over saka, og at dei ikkje ser problemet med dei russiske flagga.

– Eg kan fortelje deg at disiplinærutvalet veit om dette, men det er ikkje noko problem her fordi han er oppvaksen i Russland. Han er frå Kamerun og Russland, og dette er berre flagga til landa hans.

– Men Fifa har nekta det russiske forbundet frå å konkurrere, og de har også sagt at russiske flagg ikkje er tillate?

– Disiplinærutvalet er klar over skoa hans, men det er ikkje noko problem. Han er frå Kamerun og Russland. Han har dobbelt statsborgarskap.

Les også Flagget i VM-garderoben skaper raseri – nå åpner Fifa disiplinærsak

Serbisk flagg

– Er ikkje dette ein mykje større politisk markering enn å bruke One Love-kapteinsbindet?

– Det vil eg ikkje gå inn i detaljar på. Det er alt eg vil seie.

Det får Lindeman og Torp igjen til å reagere.

– Det er ein total ansvarsfråskriving frå Fifa. Det er denne markeringa Fifa skulle hatt ei reaksjon på, ikkje One Love. Fifa går rett og slett i ball med prinsippa sine, seier Lindeman.

– Det heng ikkje saman, det gjer ikkje det. Eg tenkjer at dei vel ein veldig feig løysing på det. Dei tørr jo ikkje å gå framfor her og ta noko standpunkt, seier Torp.

– Kjem aldri til å slutte med det

Ondoua er ein populær mann i Russland, og skostuntet har slått an i kamerunaren sitt andre heimland.

– Aldri gløym kvar du kjem frå, skriv russiske Match TV på Twitter, med eit bilete av skoa.

Fredag publiserte den russiske sportsavisa Sports.ru eit ope brev frå 27-åringen, der han fortel om kjærleiken sin til Russland, og laurdag har han late seg intervjue av Sport-ekspress om dei kontroversielle skoa.

Gael Ondoua møtte pressen i Doha fredag 25. november

MØTTE PRESSA: Gaël Ondoua møtte pressa i Doha fredag.

Foto: ISSOUF SANOGO / AFP

Eg speler alltid i fotballsko med flagg, og eg kjem aldri til å slutte med det. Russland er heimen min, det same er Kamerun. Kvifor skal eg gi opp huset mitt?

– Har ingen sagt at det kan vere problematisk?

– Kva er problemet? Viss nokon kjem bort til meg og stiller spørsmål, vil eg svare på dei. Vi er frie i handlingane våre. Sjølv om det er klagar på støvlane mine, vil eg framleis prøve å bruke dei, seier Hannover-spelaren.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal