Hopp til innhold

Sprang til beina svikta, no er Henriette (17) OL-aktuell: – Ganske sensasjonelt

AREMARK (NRK): Denne helga skal Henriette Jæger (17) konkurrere mot verdseliten i mangekamp for første gong. Eit godt resultat kan gi henne OL-billett.

Pressetreff med Norges Friidrettsforbund

STORT TALENT: Henriette Jæger (t.v.) fekk utviklingsprisen av Noregs Friidrettsforbund for førre sesong. Karsten Warholm vart kåra til årets namn, og Hedda Hynne fekk prestasjonsprisen.

Foto: Berit Roald / NTB

Skyene ligg tunge og det blæs kraftig på Aremarks såkalla friidrettsbane. Henriette Jæger gjer dei siste førebuingane til det som blir det største seniorstemnet hennar i mangekamp – Hypo-Meeting i Götzis i Austerrike.

– Eg er jo yngst og dårlegast rangert, men eg synest det er litt herleg eigentleg. For ofte er eg jo best rangert og då er det litt press og eg må prestere. Det treng eg ikkje å tenkje på her, der eg eigentleg berre kan imponere, meiner 17-åringen.

I NM i fjor sprang junioren Jæger så fort at beina svikta då ho tok gull på 400 meter. Berre dagar i forkant hadde ho sett juniorverdsrekord. I februar i år sat ho norsk rekord innandørs. Det kjem i tillegg til ei rekkje aldersrekordar, og NM-medaljar.

VONDT: Henriette Jæger fall saman fleire gonger etter fullført 400 meter under NM i Bergen i fjor.

OL-planar

Så stort er potensialet til jenta frå indre Østfold at ho er med i OL-planane til Friidrettsforbundet allereie no.

– Vi meiner ho er god nok, men det kjem an på ranking. Ho skal gå to seniorstemne no og får poeng, men vi trur ho har nivået inne til å kvalifisere seg. Vi vil ikkje leggje noko press på henne, men vi ser jo potensialet, fortel sportssjef i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik.

– Eg veit jo at det er OL i år, og eg har sjekka krava. Så det er litt i bakhovudet, men eg trur ikkje eg bør tenkje så mykje på det og ha alt fokus der, for eg er jo ikkje så gammal. Men skjer det så skjer det, og då er det absolutt ein bonus, seier Jæger smilande.

Henriette Jæger

UT I VERDA: Henriette Jæger har drøymt om mangekampstemnet i Götzis sidan ho var lita. – Kjempegøy, seier ho om å få invitasjon allereie no.

Foto: Hanne Skjellum Mueller / NRK

OL-kravet i mangekampen til kvinnene er på heile 6400 poeng, noko berre ni kvinner har klart per no, og 24 får plass. Jægers juniorverdsrekord er på 6301, men i seniorklassen er det både høgare hekkar og tyngre spyd og kule. Der har ho ei bestenotering på 5875.

– Det er jo ikkje 24 jenter som tek kravet. Det er eg ganske sikker på, meiner Jæger.

Er det 110 prosent klaff, så kan det gå heile vegen til OL. Det er ganske sensasjonelt, for ho er ikkje 18 år enno. Det vil vel vere utruleg bra. I EM som var (innandørs i Polen journ. anm.) så hadde ho vore tidenes yngste deltakar i ein mangekamp, så det seier vel sitt. Ho er eit utruleg talent, seier mor og trenar Unn Merete Jæger.

– Ingen innvendingar

Slokvik går ut frå at rundt 6200 poeng i Austerrike denne helga vil auke Jægers OL-sjansar betrakteleg. 17-åringen, som fyller 18 år i slutten av juni, skal òg delta i eit stemne i Sverige om vel to veker, og resultata i desse to stemna vil avgjere om Jæger kjem høgt nok på rankinglista for OL-plass.

– Har de nokon innvendingar med å eventuelt sende ein 18-åring til det største idrettsarrangementet i verda?

– Nei. Aldersgrensa er 16 år, og som type er Henriette såpass moden og tøff at vi trur ho kan takle det greitt om det blir tur. Mamma vil òg vere med som leiar, for det er riktig at ho er med i så fall, svarer friidrettssjefen.

Henriette Jæger

TO PÅ TRENING: Mora Unn Merete Jæger er tidlegare spydkastar og Henriettes trenar.

Foto: Hanne Skjellum Mueller / NRK

Jæger innrømmer sjølv at lysten på å reise, er stor. Sjølv om det først og fremst vil vere for å få erfaring.

Eg kjenner sjølv at eg kanskje hadde vore førebudd på det. Eg har jo vore med på store meisterskap før og konkurrert i senior-NM, og sånne ting, men det er sjølvsagt litt annleis når det er OL, seier Jæger.

Siktar mot ny rekord

Også mora gir samtykket sitt til ein eventuell tur til Tokyo.

– Ja. Det er klart. Men ho er ikkje 18, og OL er stort. Så verken ho eller eg veit vel kva vi går til om vi skulle komme dit, så eg veit ikkje om vi er modne nokon av oss, meiner Unn Merete og ler.

Henriette Jæger

RASK: Henriette Jæger har NM-gull både på 60 meter, 200 meter og 400 meter.

Foto: Hanne Skjellum Mueller / NRK

Den norske utandørsrekorden i mangekamp for kvinner er på 6226 poeng. Det er den neste rekorden Jæger har sikta seg inn på å ta. For trenaren handlar det mykje om å bidra til å unngå press både når det gjeld olympiske leikar og resultat. Dottera er trass alt juniorutøvar i eit par år til.

– Vi prøver å jobbe med det vi skal av oppgåver, og pratar ikkje så veldig mykje om det. Det kjem som ein bonus og vi snakkar ikkje så mykje om resultat og stemne, påpeikar Unn Merete Jæger.

Siste nytt

  • Dette er neste sesongs landslag i skiskyting

    Norges Skiskytterforbund har tatt ut landslagene for kommende sesong.

    – Uttak er utfordrende, og det skal det være. Det er kamp om plassene på alle landslag, men vi har landet på et oppsett vi er fornøyde med. Vi tror vi har gode sjanser til å hevde oss både i Norge og internasjonalt neste sesong, sier landslagssjef Per Arne Botnan i pressemeldingen.

    Elite kvinner:

    Juni Arnekleiv, Ragnhild Femsteinevik, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Karoline Knotten, Ida Lien, Ingrid Landmark Tandrevold.

    Elite menn:

    Filip Fjeld Andersen, Johannes Thingnes Bø,Tarjei Bø, Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Dale, Sturla Holm Lægreid, Sivert Guttorm Bakken.

    Verdenscup skiskyting i Holmenkollen
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Udnes Weng inn til suverent NM-gull

    Tiril Udnes Weng knuste konkurrentene og tok NM-gull på Tolga. Det var Margrethe Bergane som var nærmes, og hun endte med sølv.

    – Det var ikke så spennende, hun gikk veldig fort. Hun var stort sett best, og jeg er godt fornøyd med sølv, sier Bergane til NRK.

    Marte Skaanes imponerte nok en gang, og tok den siste medaljen som tredje best.

    – Motivasjonen er litt bedre enn tidligere. Det er veldig artig å vise at jeg kan gå fort på ski, sier Skaanes.

    Med det har Udnes Weng avsluttet en utrolig sesong, der hun også vant verdenscupen sammenlagt. Hun fikk også med seg to stafettmedaljer fra VM i Planica.

    Udnes Weng tok ledelsen fra start og økte etter hvert forspranget. Midtveis hadde hun en ledelse på over nesten ett minutt ned til Bergane. Det forspranget minsket noe da Bergane satte opp farten med seks kilometer igjen, men Nes-løperen holdt unna og vant.

    Ragnhild Haga kjørte på sin side sitt siste renn. Resultatet ble ikke det store, men hun ble hyllet av lagvenninner da hun krysset målstreken for siste gang som profesjonell langrensløper.

    NM-ski del 2: 30 km klassisk kvinner
  • Hauger tier i Melbourne-kvalifiseringen – starter først i sprintløpet

    Det var realt ruskevær i Melbourne fredag, og banen var svært våt under kvalifiseringen. Det skapte problemer for flere, men Hauger holdt seg unna trøbbel. Dermed starter som nummer én i sprintløpet lørdag, hvor rekkefølgen blant de ti beste blir snudd.

    – Dennis er kjent for å være en kløpper i regnvær. Det har han vært hele karrieren, konstaterte Viaplay-ekspert Atle Gulbrandsen.

    Han starter som nummer ti i hovedløpet. Tidligere fredag ble Hauger nummer tolv på treningen.

    Aurskog-gutten var en tur innom sykehus sist uke med mistanke om blindtarmbetennelse. Etter ultralyd og en CT-undersøkelse ble det besluttet at operasjon ikke var nødvendig, men han mistet verdifull tid til forberedelser foran Melbourne-helgen. (NTB)

    Porsche Festival 2022
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste