– Det blir dramatisk. Det har aldri vore eit sterkare spurtfelt dei siste ti åra, seier trenar Stein Ørn.
Allereie på dag ein vil Tour de France sine største spurttog dra i gang ein kamp som kanskje aldri har vore tettare og hardare.
KRISTOFFS TRENAR: Stein Ørn.
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpixPå første etappe skal kanonene Marcel Kittel, André Greipel, Alexander Kristoff og Mark Cavendish forsøke å kapre enten gul eller grøn trøye. Den gule går til førstemann, og grøn til andremann.
Intens erobringskamp
Vegen i innspurten er den same, men dei mange laga som no knivar om førsteplassen er fleire og gjerne sterkare enn på lenge.
– I spurten vil opptrekket bli mykje meir sentralt enn tidlegare. Det vil dreie seg om å erobre fronten. I den kampen vil du sjå lag på lag i rekkefølge som vil prøve å få posisjonar og som ikkje vil lukkast i det, seier Ørn.
Se Ørns analyse av hele den første Tour-etappen.
Marcel Kittel blir svært farleg. Tyskaren var ute med virus førre sesong, men er no tilbake i støtet.
Kittels comeback har tvinga ein anna spurtrival, André Greipel, til å tenke nytt etter at han vann fem flate Tour-etappar i fjor.
– I fjor tapte Alexander (Kristoff) mange spurtar fordi Greipel baserte sitt opptrekk på Alexander sitt spurttog. I år treng han sitt eige opptrekk for å kunne sloss med Kittels lag (Etixx-Quickstep), seier Ørn.
- Les også: Mannen som får Froome til å skjelve
Bouhanni skada
Éin konkurrent mindre ble det då Nacer Bouhanni måtte melde avbod med ei skade.
– Kampen mellom ryttarane som gjør jobben for spurtarane vil vere både intens og risikabel, som vi såg i duellen mellom Bouhanni og Kristoff i Criterium du Dauphiné, legg han til.
For dei som ikkje har sett den brennheite spurten: Avslutninga var rein fysisk krigføring, som avslutta med at Kristoff og Bouhanni stanga hjelmane i sida på kvarandre og forsøkte å dytte kvarandre ut av posisjon. Bouhanni sigra til slutt på etappen.
MARCEL DEN STORE: Tyske Marcel Kittels comeback er med på å intensivere konkurransen mellom spurttoga. Her slår han Kristoff (th) på Champs Élysées i 2014.
Foto: Christophe Ena / ApKristoffs plan
Alexander Kristoff er usikker på korleis han vil takle giga-galoppen, men påpeiker at også konkurrentane Kittel og Greipel ikkje har vist seg frå sine kvassaste sider før Frankrike.
– Dei har ikkje sett alt for bra ut i oppkøyringa, men det har heller ikkje eg gjort, så vi får sjå korleis det går, seier nordmannen.
28-åringen meiner han må vere ekstra smart i utvelginga av etappar i årets ekstreme spurtkamp.
– Eg må nok fokusere litt på dei halv-harde etappane. Normalt sett er Kittel, Greipel og Cavendish ofte raskare enn meg når det er flatt, men eg håper dei slit seg ut når det er litt fleire bakkar, seier Kristoff.