Hopp til innhold

Spania-sjefen fekk sparken dagen før VM: – Heilt forferdeleg timing

Tysdag vart Julen Lopetegui annonsert som ny Real Madrid-trenar. No har han fått sparken frå Spania.

FILES-FBL-WC2018-ESP-PRESSER

Julen Lopetegui flankert av dei sentrale spanske spelarane Sergio Ramos (til venstre) og Andrés Iniesta.

Foto: GABRIEL BOUYS / AFP

Det kom fram under ein pressekonferanse i Russland. Fernando Hierro skal no leie Spania gjennom VM. Hierro kjem frå jobben som sportsdirektør i det spanske fotballforbundet.

Tysdag vart det annonsert at Lopetegui tek over som trenar for Real Madrid etter Zinedine Zidane, som gav seg etter storklubbens tredje strake Champions League-triumf.

2018 FIFA World Cup Draw

TEK OVER: Fernando Hierro skal leie Spania gjennom VM

Foto: Maxim Shemetov / Reuters

Det skjer trass i at Lopetegui så seint som i mai skreiv under ein ny toårskontrakt med Spania. Etter heftige spekulasjonar sidan tysdag kveld bekrefta fotballpresident Luis Rubiales at Julen Lopetegui må gå av.

– Det har vore ein veldig komplisert situasjon. Lopetegui sitt arbeid har vore upåklageleg, men vi vart tvinga til å gjere dette, seier Rubiales om sparkinga.

Thore Haugstad, NRKs fotballskribent som har budd 11 år i Madrid, omtalar sparkinga som heilt forferdeleg.

– Lopetegui har planlagt denne meisterskapen i to år no. Han har bygd ein spelestil og eit system som no blir rive opp, bokstavleg tala dagen før VM. Det er håplaust og heilt forferdeleg timing at han får sparken, seier Haugstad.

Føler seg ikkje svikta

Fotballpresident Luis Rubiales hevda under pressekonferansen at han ikkje føler seg svikta av Julen Lopetegui, men mislikar korleis saka har blitt handtert og ikkje minst tidspunktet for når Lopetegui vart annonsert som ny Real Madrid-trenar.

– Ein kan ikkje gjere slikt to-tre dagar før VM startar, seier Rubiales.

Han vil ikkje kritisere Real Madrid i spesielt stor grad.

– Dei har fått den beste trenaren dei kunne ha fått. Eg respekterer Julen svært høgt, men med denne timinga vart vi tvinga til å gjere ei endring.

Den spanske storavisa Marca melder på si side at fotballpresident Luis Rubiales skal vere svært bitter på Lopetegui.

x

Luis Rubiales (i midten) offentleggjorde i dag at Julen Lopetegui (til venstre) får sparken som Spania-trenar. Til høgre lagkaptein Sergio Ramos.

Foto: Pierre-philippe Marcou / AFP

– Bør vere nøytral trenar

At det spanske landslaget oftast består av mange spelarar frå dei to storklubbane Barcelona og Real Madrid har fleire gonger skapt intern uro. Derfor er det ekstra spesielt at Lopetegui skreiv under for Real Madrid like før meisterskapen.

Thore Haugstad

NRK sin fotballskribent Thore Haugstad har budd 11 år i Madrid og kjenner spansk fotball svært godt.

– Landslagstrenaren har jo alltid vore ein nøytral figur som skal prøve å vere fair med alle spelarane. Både Real Madrid og Barcelona har mange spelarar i troppen, og det ekstreme tilfellet er jo stopparduoen med Real Madrid-kaptein Sergio Ramos og Barcelona-spelaren Gerard Pique, som representerer dei katalanske verdiane, seier Haugstad.

Og utdjupar:

– Om Spania skal oppnå suksess er det svært viktig at desse spelargruppene fungerer godt saman og kan legge bak seg motsetningane for sommaren. Så får dei brått ein trenar som har tatt steget mot ei av desse gruppene. Det trur eg gir mange ei rar kjensle.

Spain Soccer Real Madrid Lopetegui

Julen Lopetegui tok over som Spania-trenar då Vicente del Bosque gav seg etter 2016-EM.

Foto: AP

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal