Hopp til innhold

Sørum og Mol til topps i Hamburg, får storgevinst: – No kan vi klare oss sjølve

Christian Sørum og Anders Mol vann verdsseriefinalen i Hamburg. Dermed vinn dei heile 1,3 millionar kroner.

Christian Sørum og Anders Mol.

SUKSESS I SANDEN: Christian Sørum (til venstre) og Anders Mol.

Foto: Margret Helland

Den norske sandvolleyballduoen vann begge setta mot den polske duoen Michal Bryl og Grzegorz Fiajalek.

– Det er heilt uverkeleg. Målet var å kvalifisere oss til turneringa. No har vi vunne ho, seier Christian Sørum til NRK etter premieseremonien.

Nordmennene vann det første settet 21–19 og det andre 21–17.

Mol og Sørum

JUBEL: Anders Mol og Christian Sørum tok imot det synlege beviset på at dei hadde vunne den gjæve turneringa i Hamburg.

Foto: Margret Helland

Rekordstor premie

Ikkje berre er det ein stor sportsleg prestasjon. Christian Sørum og Anders Mol vinn meir pengar enn dei nokon gong har gjort.

150.000 dollar i pengepremie er nesten 1,3 millionar norske kroner.

– Vi har fått mykje støtte frå foreldra våre. Desse pengane betyr mykje. No kan vi klare oss sjølve, seier Christian Sørum.

Anders Mol legg til at det er store legender i sandvolleyball som aldri har vunne så store summar.

Rørt pappa

Og på tribunen sat pappa Kåre og var heilt frå seg.

– Eg klarer ikkje å tenke. Eg er berre utruleg stolt. At dei klarer å vinne fire på rad ... Eg er berre rørt, utmatta og veldig glad, seier Kåre Mol til NRK.

Og legg til at han er mektig imponert over roa dei to nordmennene viste i finalen i Hamburg.

– Det verkar som dei er i ein klasse for seg sjølv akkurat no, seier Mol.

Dette var den fjerde strake turneringssigeren til Sørum og Mol – inkludert triumfen i EM.

– Gullkandidat i OL

Også ex-spelar Tarjei Skarlund tok fram superlativa etter den overbevisande sigeren i Tyskland.

– Det er så høgt nivå og det er så fantastisk å sjå gutane gjere dette. Det er ei ære å vere her og oppleve dette. Røysta mi er heilt oppbrukt. Dette er ein stor dag, seier Skarlund til NRK.

– Kva er det som gjer Mol og Sørum så gode?

– Alt. Dei er gode på alt. Alle fasane i spelet, seier Skarlund.

Som meiner den norske suksessduoen er ein gullkandidat i Tokyo-OL om to år.

Germany Beach Volleyball

Anders Mol og Christian Sørum i aksjon under semifinalen i Hamburg fredag.

Foto: Georg Wendt / AP

– Heilt latterleg

Christian Sørum fortel at duoen har ofra mykje på vegen mot årets enorme sesong – det inkluderer både pengar og kjærastar.

– Og no losnar det endeleg for oss, smiler Sørum.

– Det er eigentleg heilt latterleg at vi som er berre 21–22 år skal klare å slå heile verdseliten. Men vi har trena mykje for dette. Og no har vi funne flyten, supplerer Anders Mol.

Og kjem med ei åtvaring til konkurrentane:

– Vi har meir potensial og kan bli betre for kvart år som kjem.

For historiebøkene

Etter den imponerande sigeren i Hamburg venta det også godord frå presidenten i volleyballforbundet, Eirik Sørdahl.

– Dette er ein dag for historiebøkene. Og ikkje minst er det imponerande at dei har vunne fire strake sigrar. Hugs at dei berre er tidleg i 20-åra. Anders og Christian kan dominere sporten i 10–12 år framover, seier Sørdahl til NRK.

Mol og Sørum

PALLEN: Anders Mol og Christian Sørum omkransa av sølv- og bronsevinnarane. Michal Bryl og Grzegorz Fiajalek frå Polen tok sølvet, medan Piotr Kantor og Bartosz Losiak – også dei frå Polen – sikra bronsemedaljane.

Foto: Margret Helland

Sportsnyheter

Narve Gilje Nordås og Per Svela hentes av Gjert Ingebrigtsen etter løpet i Huelva

Nordås hentet av Gjert Ingebrigtsen etter seieren: – En trist sak for alle parter

Narve Gilje Nordås sier han kan fortsette trenersamarbeidet med Gjert Ingebrigtsen selv om det har blitt ut tiltale mot treneren. Tirsdag kveld forlot de stadion sammen.

Siste nytt

  • Elverum klar for sluttspillfinale i håndball

    Elverum tok seg videre til finalen i sluttspillet i håndball etter at de vant 41-30 borte mot Arendal tirsdag kveld.

    Elverum møter Kolstad, som slo ut Drammen i sine semifinalekamper med 2-0. Første finalekamp i best av tre spilles mellom de to lagene 22. mai i Trondheim.

  • VG: Bård Finne får to kampers karantene

    Branns Bård Finne må utebli fra klubbens to neste kamper etter at han ble utvist i 0-0-kampen borte mot KFUM Oslo i helgen.

    Det bekrefter Eirik Lindstrøm, leder av NFFs disiplinærutvalg til VG.

    – Dette opplevde vi som en grei sak. Verken mer eller mindre enn to kamper, sier Lindstrøm til avisen.

    Brann-spissen ble sendt i dusjen etter en høy fot mot KFUM-keeper Emil Ødegaard. En VAR-sjekk gjorde at det gule kortet til Finne ble omgjort til rødt. Dermed måtte han ta den tunge veien over fotgjengerfeltet i Ekebergveien og i garderoben etter en snau halvtime.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Ryerson hylles før storkamp: – Som en pitbull

    Komplimentene til Julian Ryerson satt løst da Borussia Dortmund-sjef Edin Terzic og Emre Can møtte pressen foran årets viktigste kamp mot Paris Saint-Germain.

    Onsdag spilles den første mesterligasemifinalen mot det franske storlaget. Den 27 år gamle lyngdølen er eneste gjenværende nordmann på herresiden i Champions League.

    – Han gjør jobben for laget og løser også trange situasjoner godt, sa Terzic.

    – Alle lag trenger en spiller som ham. Han sier ikke så mye og jobber bare hardt. Han er som en pitbull på banen, sa lagkamerat Emre Can. (NTB)

    Germany Soccer Bundesliga
    Foto: Sven Hoppe / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal