Hopp til innhold

Solskjærs skrekkstatistikk: Verste i United på nesten 40 år

Både José Mourinho, Louis van Gaal og David Moyes vann meir enn halvparten av kampane som manager i United. Det har ikkje Solskjær gjort hittil.

Solskjær

DYSTRE TAL: Ole Gunnar Solskjær er første manager sidan 80-talet med sigersprosent på under 50

Foto: OLI SCARFF / OLI SCARFF

Laster innhold, vennligst vent..

Ingen United-manager har lågare sigersprosent enn Solskjær sidan Dave Sexton. Som fekk sparken sommaren 1981. Det er nesten 40 år sidan.

Men det får ikkje United-fansen til å vende seg mot nordmannen, ifølgje dagleg leiar i Manchester Uniteds skandinaviske supporterklubb, Bernt Hjørnevik.

– Det er absolutt ingen indikasjonar på at fansen vender ryggen til Solskjær, seier Hjørnevik.

Sigersprosenten til United sidan Ole Gunnar Solskjær blei manager i klubben like før jula 2018, er lågast av alle managerane sidan før Alex Ferguson.

Det trur ikkje Hjørnevik betyr all verda for supporterane.

– Fansen har meir og meir forstått at problema dei siste åra er så mykje meir samansette. Dei har iallfall fått ein manager som har ei tydeleg retning og plan, og som gir unggutane sjansar.

Med Solskjær som manager har United ein sigersprosent på like over 47. Det har blitt 24 sigrar på 51 kampar.

Det er like mange kampar som David Moyes – Alex Fergusons etterfølgjar – fekk før han blei sparka. Han hadde ein sigersprosent på nesten 53.

Sidan Solskjær fekk United-jobben fast 28. mars i fjor, har han ein sigersprosent på 31,2 – 10 sigrar på 32 kampar.

Fjerdeplassen viktigast

Men Hjørnevik er ikkje veldig oppteken av det. Han meiner at ein framleis må vente varierande resultat, og at det viktigaste uansett er fjerdeplassen ved sesongslutt i mai.

– Om det betyr færre poeng enn i fjor, er irrelevant, seier Hjørnevik.

Manchester United er nummer fem i Premier League, fem poeng bak Chelsea.

Dette er sigersprosenten til dei siste United-managerane (alle turneringar):

  • Alex Ferguson (1986–2013) – 59,67 (897 sigrar på 1503 kampar)
  • José Mourinho (2016-2018 – 58,33 (84 sigrar på 144 kampar)
  • David Moyes (2013–2014) – 52,94 (27 sigrar på 51 kampar)
  • Louis van Gaal (2014–2016) – 52,43 (54 sigrar på 103 kampar)
  • Ron Atkinson (1981–1986) – 49,32 (146 sigrar på 296 kampar)
  • Ole Gunnar Solskjær (2018 –?) 47,05 (24 sigrar på 51 kampar)

Og for samanliknings skuld: Sir Matt Busby (1945-1969 og (1970–1971) – 50,52 (576 sigrar på 1140 kampar).

– Desse tala er sjølvsagt ikkje som dei burde vere. Men vi må sjå litt bak tala også. Det viktigaste for oss er å sjå ein framgang i det spelemessige.

– Har de sett den framgangen?

– Ser vi heile året under eitt, har vi slått ut PSG på bortebane, vi har slått Tottenham, vi har slått City, og vi er einaste laget som har teke poeng mot Liverpool. Det viser at det ligg noko der. Så har vi store utfordringar mot lag som ligg lågare på bana, seier Hjørnevik.

– Saknar plan B

Det er ein del eksempel på det: United hadde aldri tapt heime mot Cardiff og Crystal Palace før under Solskjær. Bournemouth hadde gått ni kampar utan tap, Watford var utan heimesiger sidan februar, og Arsenal hadde tapt sine fire siste heimekampar, ifølgje statistikk frå nettstaden news-af.feednews.com.

Før dei alle snudde desse statistikkane mot United.

– Eg har sagt lenge at vi saknar ein tydeleg plan B når vi møter lag som legg seg bakpå og vil kontre, seier Hjørnevik.

United slit med skader, derfor håpar Hjørnevik at Solskjær i overgangsvindauget i januar går litt bort frå sine prinsipp om å tenke berre langsiktig.

– Med både Pogba og McTominay ute må vi få inn ein midtbanespelar på kort sikt. Vi er veldig sårbare på midtbanen, og det kan bli avgjerande.

NRKs ekspert Morten Morrisbak Skjønsberg medgir at han ikkje er imponert av Uniteds spel mot etablert forsvar.

– Det er det vanskelegaste i fotball. Det er lett å forsvare seg, og tilsvarande vanskeleg å skape noko mot lag som forsvarar seg godt. Det er ikkje United særleg gode til no. Det kan godt hende dei treng nye folk på midten, ikkje minst med dei to skadane, seier Skjønsberg.

Eit anna poeng som mange peikar på som eit problem, er at United ser ut til å vere svært avhengig av straffer. Berre to av kampane har gitt United siger utan straffespark, ifølgje VG.

Endå ein rekord Solskjær ikkje vil ha: Det tok United 20 kampar å sanke 30 poeng denne sesongen. Det er 30 år sidan United brukte fleire kampar – då brukte dei 27.

Dei siste sesongane:

  • 2018/19: 19 kampar
  • 2017/18: 14 kampar
  • 2016/17: 17 kampar
  • 2015/16: 19 kampar
  • 2014/15: 16 kampar
  • 2013/14: 18 kampar
  • 2012/13: 13 kampar
  • 2011/12: 13 kampar
  • 2010/11: 15 kampar
  • 2009/10: 14 kampar
  • 2008/09: 15 kampar
  • 2007/08: 13 kampar
  • 2006/07: 12 kampar:
  • 2005/06: 14 kampar
  • 2004/05: 16 kampar
  • 2003/04: 13 kampar
  • 2002/03: 17 kampar
  • 2001/02: 18 kampar
  • 2000/01: 13 kampar
  • 1999/00: 14 kampar

PS: I sin karriere som manager i Cardiff i 2014, hadde Solskjær ein sigersprosent på 30 – ni sigrar på 30 kampar.

  • United møter byrival Manchester City i ligacupens semifinale tysdag kveld kl. 21.00. Følg kampen her.
Laster innhold, vennligst vent..

Sportsnyheter

Siste nytt

  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • McDavid, MacKinnon eller Kutsjerov blir årets spiller i NHL

    Connor McDavid, Nathan MacKinnon og Nikita Kutsjerov er årets finalister i kampen om å vinne Hart-trofeet som årets spiller i NHL.

    Hart-trofeet gis årlig til spilleren som i en avstemning blant medlemmene i ishockeyjournalistenes forening utpekes som den mest verdifulle for sitt lag.

    McDavid vant Hart-trofeet for tredje gang i fjor og kan slutte seg til Wayne Gretzky (9), Gordie Howe (6) og Eddie Shore (4) som en av spillerne med minst fire. Edmonton Oilers-kapteinen kan også bli den første som vinner to år på rad siden Alex Ovetsjkin i 2008 og 2009.

    6bI-ZE7PPAY
    Foto: AP
  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal