– Han har gjort ein fantastisk jobb, sa Solskjær då han annonserte dette på pressekonferansen fredag.
– Han har stor kunnskap, og spelarane respekterer han. Eg er ein ung manager, og han har masse rutine
Pressekonferansen var Solskjærs siste før sesongavslutninga mot Cardiff. Deretter må han ta tak i jobben med å forsterke laget etter ein sesong som ikkje berre har vore skuffande for klubben, men der United også har måtta sjå konkurrentane gå til topps i Europa.
Som kjent skal Liverpool og Tottenham spele meisterligafinale, medan Arsenal og Chelsea møtest i finalen i europaligaen.
I tillegg kan byrival City bli ligameister søndag.
Manchester United endar som nummer seks i Premier League.
– Kjempar mot beste laga i verda
– Det fortel om kor tøff konkurransen i Premier League har blitt. Det er dei beste laga i verda som kjempar om trofeet, sa Solskjær. – Og det er ei stor og god utfordring, la han til.
– Kva kan United-fansen sjå fram til?
PÅ VEG INN? Rykta vil ha det til at Swanseas 21 år gamle kantspelar Daniel James kan bli Solskjærs første signering for United
Foto: Matthew Childs / Reuters– Vi jobbar for å kome tilbake der vi har brukt å vere, i kampen om topplassane. Derfor er det viktig å vere gode frå dag 1 neste sesong. Og derfor kjem sesongførebuingane i sommar til å bli ekstra viktige. Men vi skal gjere alt for at fansen vår skal få noko å juble for neste år, sa Solskjær.
Han fortalde også at å få inn nye spelarar er noko klubben har jobba med heilt sidan han kom inn i managerstolen ved juletider. Vegen vidare skal stakast ut, og Solskjær har allereie namn på blokka. Men han vil ikkje kommentere nokon av dei.
– Det er ikkje berre som å gå inn i butikken og handle.
– Stemmer det at Daniel James er på veg inn?
– Eg kommenterer ikkje namn på spelarar.
Kantspelar James er 21 år og spelar i Swansea. Han har også debutert på Wales' landslag. Sky Sports meiner at han skal vere på veg til United for 15 millionar pund.
Fotballdirektør når tida er inne
Solskjær vil ikkje kommentere spørsmålet om fotballdirektør, men svaret tyder på at klubben kjem til å tilsetje ein person i den rolla snart.
– Klubben vil offentleggjere det når dei har funne rett mann. Fram til då, jobbar vi med den organisasjonen vi har, sa han.
Ole Gunnar Solskjær ser for seg eit langt betre United neste sesong, men vedgår likevel at det skal mykje til for å vere tilbake heilt i toppen allereie då.
– Det vil vere eit mirakel, fordi vi er så langt etter no. Men vi skal gjere gapet mykje mindre, seier United-manageren framfor sesongavslutninga mot Cardiff.
Ettersom siste kamp ikkje betyr noko for United, vil manageren truleg bruke eit par nye unggutar i sesongavslutninga. Ifølgje Manchester Evening News er det også mykje som tyder på at det blir siste United-kamp for Antonio Valencia, medan Ander Herreras framtid er uviss.