– Det er klart at ein tek ein stor risiko ved å liggje i vasskorpa her – det er avgrensa kor lenge ein kan gjere det før ein må finne på noko anna å gjere, seier Endre Strømsheim.
Han er ein av utøvarane på rekruttlaget som denne sesongen har vist at Noregs nest beste skiskyttarar, også er heilt oppe i verdstoppen.
Sjølv står han med ein fjerdeplass i verdscupen denne sesongen som bestenotering. I tillegg til Strømsheim har Vebjørn Sørum, Aleksander Fjeld Andersen og ikkje minst Johannes Dale levert sterke resultat.
EIN AV FÅ: Johannes Dale er ein av berre tre som har slått Johannes Thingnes Bø denne sesongen.
Foto: JEFF PACHOUD / AFPSistnemnde har éin verdscupsiger, éin pallplass og ein fjerdeplass frå VM-sprinten med seg i bagasjen etter sesongen.
– Det har vore eit veldig fint år. Det går openbert an å gjere det bra på det laget òg. Men eg legg jo ikkje skjul på at eg vil opp igjen på elitelaget. Det er målet, seier Dale.
Men på det norske elitelaget er det berre seks plassar, og ifølgje sportssjef Per Arne Botnan er det ikkje aktuelt å utvide laget i næraste framtid.
– At det kan gjerast noko med struktur er sjølvsagt noko vi rett bak elitelaget ønskjer. Det er ikkje noko tvil om at det er fleire enn seks gode (mannlege) skiskyttarar i Noreg, og at ein då skal setje eit skilje der, synest jo vi rett bak det skiljet er litt surt, seier Strømsheim.
– Det saknar vi
Men for no må den neste generasjonen lovande skiskyttarar mest sannsynleg halde fram på rekruttlaget dei neste åra. No ønskjer dei seg ei jamnare fordeling og meir midlar for å satse mot OL i 2026.
SAKN: Strømsheim saknar meir midlar til dei nest beste skiskyttarane.
Foto: Javad Parsa / NTB– Vi har jo lyst til å generelt ha meir midlar og tryggleik rundt økonomi og satsing. Det saknar vi, seier Strømsheim og får støtte frå Aleksander Fjeld Andersen:
– Vi har ikkje frykteleg mykje å klage på, men nivået vårt krev kanskje at vi burde fått litt meir midlar. Det er der skeivfordelinga blir. Det er nesten ti løparar i Noreg som kunne gått verdscup, og bak der finnast det ein haug andre som kunne gått IBU-cup.
Rekruttgutane meiner det skil så lite i prestasjonar no og at ein derfor må satse meir på dei yngre framstormande skiskyttarane.
– Vi er på eit såpass høgt nivå at hadde vi gått for eit anna landslag, hadde vi gått rett inn på eit elitelag. Eg håpar forbundet ser framover og skjønner at vi er den neste generasjonen som skal kjempe om verdscupsigrar og VM-gull og OL-gull. Det tykkjer eg vi har fortent, meiner Vebjørn Sørum.
– Veldig store forskjellar
Alle presiserer at dei trivst godt på rekruttlandslaget og har ein veldig god treningskvardag med trenar Anders Øverby. Samtidig saknar dei meir midlar, til dømes til høgdetrening i tida fram mot OL som vil gå føre seg på 1600 meters høgd i Anterselva.
BETALTE SJØLV: Vebjørn Sørum la sjølv ut for eit høgdeopphald denne sesongen.
Foto: ANDERS WIKLUND / AFP– Det legg ikkje landslaget så mykje til rette for no. No er det sånn at nokon har råd, andre ikkje. Det er veldig store forskjellar. For breidda på rekrutt og toppnivå framover trur eg det er lurt å bruke midlar der, seier Sørum.
– For min del vart det å bruke alle sparepengar på treningsleir i Lavazè og det var mest med tanke på OL, følgjer han opp.
Men sportssjef i skiskyttarforbundet, Per Arne Botnan, vil ikkje love noka endring.
– Eg trur det systemet vi har er ganske bra. Ut frå det eg ser på resultata trur eg vi skal halde fram i same trenden, seier Botnan.
Konfrontert med kravet frå rekruttgutane seier Botnan at det er gratis å trene i marka.
– Trening er stort sett gratis. Om du får litt meir midlar trur eg ikkje det utgjer store forskjellen. Vi har nok midlar til å kunne gi både elite- og rekruttløparar eit godt nok opplegg til å komme seg til eit OL i Anterselva, svarer sportssjefen.
GRATIS: Botnan seier trening stort sett er gratis.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKRekruttløparane foreslår at ein lagar eit større elitelag for å ta vare på utøvarane som leverer i verdstoppen, samtidig som det blir mindre forskjell mellom ferske og meir erfarne rekruttløparar.
Det er uaktuelt ifølgje sportssjefen.
– Då må vi jo ha eit lag på 10–12 utøvarar. Det kan vi ikkje gjere. Det er litt derfor vi er så gode òg, spesielt på herresida. At det er ein kamp om plassane, avsluttar Botnan.