– Det internasjonale roforbundet seier ein må tole ein del fysiologisk variasjon. Men det er som å seie at «no skal vi gjere dameklassen meir inkluderande, så no opnar vi for mannfolk», seier Skarstein oppgitt.
Ho må nesten le av heile situasjonen der ho førebur seg til eit EM der ho ikkje er heilt sikker på kva som møter henne. Årsaka er at Det internasjonale roforbundet (WR) har endra klassen hennar til den opne formuleringa PR1 (Pararoing 1).
Forskjellen frå den gamle klassen som berre vart kalla «armar og skuldrer», er at no opnar ein opp for utøvarar med funksjon i beina og dermed kan bruke såkalla beinspark.
– Det gjer mykje med eit rotak å kunne sparke med beina. I eit vanleg rotak er beinsparket 70 prosent. Det er ganske store protestar der ute no og folk held på å boikotte og er innmari forbanna og sint, seier Skarstein.
– Markant forskjell
Ho forstår godt alle protestane som no pregar miljøet hennar.
– Det er ein så markant stor forskjell å kunne sparke med beina at du risikerer å få utøvarar som vinn fordi dei har meir beinfunksjon rett og slett. Det er ikkje noko artig å vinne mot folk som er openbert meir skadd enn deg, og det er ikkje noko artig å bli slått heller av nokon som har ein funksjon du aldri kan trene opp, forklarer ho.
BRÅK: Skarstein fortel om konkurrentar som truar med boikott på grunn av endringa til roforbundet.
Foto: Javad Parsa / NTBDen fulle effekten av kva regelendringa har å seie for klassen hennar, såg ein allereie under verdscupen i Poznań på forsommaren.
Italienske Giacomo Perini deltok for første gong i klassen PR1 og var totalt overlegen. Ingen klarte å følgje han og til slutt hadde Perini sett ny verdsrekord med nesten 20 sekund.
– Det blir veldig vanskeleg å gå vidare med ein klasse der ein har store fordelar med beina, medan andre ikkje har det. Dette vil ikkje vere veldig mykje teikn på fair play, seier sportsleg leiar i roforbundet, Daniel Berge.
– No er det mange i klassen min som seier at dette gidd vi ikkje. Det her er dårleg gjort. Det er masse bråk om det rett og slett. Eg er faktisk litt spent på EM om det blir ei markering, at det er mange som ikkje kjem til å komme, fortel Skarstein.
NRK har vore i kontakt med det internasjonale roforbundet som fortel at relevante personar som har ansvaret for temaet er anten på ferie eller oppteke med EM i München. Det vil derfor ta tid før eit eventuelt svar.
Jobbar i kulissane
Skarstein bruker no stemma si inn i dei organisatoriske kanalane i Det internasjonale roforbundet.
– Vi jobbar sjølvsagt i kulissane for at det skal vere så rettferdig som mogleg der ute. Vi har ulike fysiske variasjonar alle saman, men eg meiner at ein skal ønskje å gjere det så rettferdig som mogleg for då er det artigast å sjå på og artigast å drive med det, seier Skarstein.
I samarbeid med Storbritannia og Australia jobbar Noreg no med å sende eit offisielt brev til det internasjonale roforbundet.
– Eg vil jo veldig gjerne at det skal vere så fair play som mogleg, og då meiner eg at du må samanlikne eple med eple og pærer med pærer, fortel ho.
Sportsleg leiar Berge fortel også at det blir jobba saman med dei store ronasjonane om å få ut ein felles uttale om misnøya.
– Vi støttar veldig opp om Birgits kamp her og vil få fram så mykje vi klarer i denne saka. Vi håpar at vi kan få eit opprør som vi kan få gehør for internasjonalt, seier Berge.
Som alltid klarer Skarstein å sjå positivt på situasjonen.
– Det er ekstra herleg å vinne viss eg veit at dei eigentleg har meir funksjon enn meg og eg likevel klarer å ta dei. Då betyr det at eg har gjort ein skikkeleg bra jobb på det tekniske, det fysiske på overkroppen, på utstyr, på teknikk.
– Det er derfor vi heile tida må vere i front. Roing er den store kjærleiken min, så eg kan ikkje gi meg berre på grunn av det, avsluttar Skarstein smilande.