Hopp til innhold

Då Skarstein svima av, forstod ho at endring måtte til: – Det var ikkje berekraftig

TOKYO (NRK): Turen med Lars Monsen på veg opp Snøhetta i 2011 gav den ferske gullvinnaren ei identitetskrise. Utan den, hadde ho nok ikkje nådd sitt største mål.

Sjå hendinga her.

For ti år sidan fekk nemleg Birgit Skarstein beskjeden om at ho var ein av dei utvalde til å bli med Lars Monsen på tur frå Femundsmarka til Snøhetta, eit halvanna år etter ho blei lam som følge av ei badeulykke i Thailand.

Ekspedisjonen skulle gjennomførast på 30 dagar, men allereie på dag seks gjekk det gale for Skarstein.

– Eg gav meg ikkje på harde møkka, før eg på sjette dagen gjekk i bakken og svima av på grunn av utmattinga. Då eg vakna opp og deretter hang over skuldra til Lars Monsen, slo hovudet i ryggen hans og kjende at eg måtte spy – då skjønte eg at dette ikkje var berekraftig, seier Skarstein til NRK.

Den episoden har brend seg fast hjå roaren, og den har på mange måtar hjelpe ho til sitt fyrste gull, og medalje, i para-OL.

Forma det «nye livet»

Ein kan nesten seie at karrieren til Birgit Skarstein starta saman med Lars Monsen.

Han var mannen som bad ho byrje å jobbe hjå Noregs idrettsforbund med parautøvarar. Ho blei kundekonsulent, og i Paralympics i London i 2012, fann ho ut at dette skulle ho sjølv drive med.

Birgit Røkkum Skarstein og Lars Monsen

DEBUT: Birgit Skarstein saman med Lars Monsen i 2011.

Foto: Mastiff

Gjennom «Ingen Grenser» fekk vi alt då ein smakebit på den sterke og fryktlause Birgit Skarstein, som aldri gir opp. Men måten ho tenkte på den tida for ti år sidan, var ikkje riktig.

Hadde ho tenkt slik i dag, ville ho nok ikkje stått med gullmedaljen rundt halsen.

– Eg er 1.80 centimeter høg, og alltid vore vand til å vere ein fysisk ressurs. Det at andre skulle bere sekken for meg den gongen, det tykte eg var særs krevjande for mi identitet. Eg skulle ikkje vere til bry, men sterk, erkjenner Skarstein og fortset:

– Mykje av mitt sjølvbilete bygde seg på å vere sterk og sjølvstendig, men av og til er du på ditt sterkaste når du tør å be om hjelp, seier Skarstein.

Sommer-Paralympics i Tokyo 2021 - Finale - Roing

RØRT: Birgit Skarstein med gullmedaljen.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Ein anna type ressurs

Birgit Skarstein forstod nemleg ein viktig ting, som no er blitt hennar x-faktor.

– I naturen fann eg meg sjølv i ein heilt ny kropp og med eit heilt nytt sett med ressursar. Eg prøvde å jobbe med dei ressursane eg hadde før, men etter at eg svima av, skjønte eg at eg ikkje var den fysiske kapasiteten lenger. Eg måtte skifte gir. Den mentale kapasiteten var i fokus, og som i etterkant viste seg at var difor eg blei rekruttert inn i serien, seier ho.

Og det er nok ikkje tvil om at Lars Monsen var med på å snu om tankesettet hennar. I fleire dagar vassa ho i elvene, fordi ho nekta å bli bore.

– Eg fekk så masse kjeft av Lars Monsen, fordi eg kunne dratt på meg blærekatarr. Korleis kan ein vere så dum, seier Skarstein.

Ho gjekk inn i ei identitetskrise dei tretti dagane, men kom derifrå med det tankesettet som no har gitt ho elleve VM-medaljar, ein flust av prisar og no paralympisk gull.

– Eg måtte finne meg sjølv på nytt, og «Ingen grenser» har vore eit takknemleg bidrag på den vegen, seier ho.

Lagsamarbeid

Allereie året etter leikane i 2012, tok ho sin første VM-medalje.

No står ho med elleve av dei, og har i tillegg hatt ein fartsfylt karriere med blant anna deltaking i«Ingen Grenser», «Skal vi danse», «Eventyrlig oppussing», studert statsvitskap, hatt verv i politikken og sit utøvarkomiteen i den internasjonale paralympiske komité.

Og no har ho nådd sitt aller største mål, å bli paralympisk meister.

– Det har vore ei lang reise. I desember er det tolv år sidan eg blei lam. For to år sidan, var eg nettopp her på roarenaen og blei kjend med anlegget. Det var emosjonelt å tenkje tilbake på då eg låg der i sjukehussenga og ikkje ante korleis livet mitt skulle bli. Korleis framtida skulle sjå ut. Det er ein slitesiger, seier ho.

Den kunne ho aldri klart utan trenar Johan Flodin og lagkameratane.

uU7St3YSGDg

KJÆRLEIK: Trenar Johan Flodin gir Birgit Skarstein ein klem etter bragda.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Nei, det hadde eg ikkje. Det er akkurat som på turen til Snøhetta, eg hadde ikkje komme meg dit viss eg ikkje hadde hatt eit lag. Likevel er det ikkje gitt at dei kom seg dit utan meg heller. Sjølv om dei hjelpte meg med fysiske ting, hjelpte eg dei mentalt, seier ho og fortset:

– Det er veldig fort å berre sjå sine eigne svakheiter. Det er viktig å sjå begge deler. Det er enklare å bidra til omgivnadane når eg veit kva eg er god på, og tør å seie det høgt, avsluttar ho.

Det var ein lagsiger, dette gullet som no heng rundt halsen hennar.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal