– Eg har ikkje tort å sjekke kor langt det er, seier presseansvarleg Oskar Sødal til NRK.
Det er kanskje like greitt. Frå Årungen rostadion utanfor Oslo til Luzern i Sveits er det 1.725 kilometer. Ifølgje Googles kartverktøy tek det i overkant av 20 timar å leggje bak seg distansen.
– Det er berre å ha låge skuldrer og ta det som ei oppleving. Ein kjem til å vere ganske roten i kroppen etter turen, men det losnar litt etter kvart, seier roar Kristoffer Brun.
Hadde du kjørt 3400 kilometer på ei uke?
LANG REISE: Frå Årungen rostadion til Luzern er det over 1700 kilometer på vegen.
Plan A, B, C og D
– Vi må nesten gjere det. Det er ikkje bra, men vi må nesten køyre bil, seier Noregs nye landslagstrenar Mark Emke til NRK.
Rolandslaget har følgt nøye med på om det blir pilotstreik i SAS. Sødal fortel at dei lenge har sjekka moglege nødløysingar viss flyet blir kansellert. Dei har følgt med på media for å sjå om flyet deira var blant dei streikeramma.
Og ja, flyet deira blir ståande på bakken.
– Først sjekka vi om det var mogleg å bestille andre fly. Deretter undersøkte vi andre flyplassar, til dømes Göteborg og Kristiansand. Så var det ein del andre lause planar, men det vart bil til slutt, fortel Sødal.
DISKUTERER: Det vart ein del reiseplanlegging i Noregs Roforbund på Årungen utanfor Oslo.
Foto: Oskar Sødal / Norges RoforbundDet er 16 roarar som skal til verdscupen i Luzern. Dei blir fordelte på tre bilar som startar «helga» med ferjetur frå Larvik til Hirtshals i Danmark. Ein telefon til ferjeselskapet sikra landslaget dei siste plassane på avgangen tysdag morgon.
– Dei fleste er innstilte på at dette vart løysinga. Så vi må få det beste ut av det, seier Sødal.
Fryktar roarane blir slitne ut
1700 kilometer i bil er naturlegvis ikkje den optimale oppladinga for Noregs fremste roarar.
– Kanskje går det ut over dei, men det er bra vi har god tid. Vi reiser tysdag og onsdag, og så har vi ein kviledag torsdag før regattaen startar fredag, seier landslagstrenar Emke.
Så har nokre av roarane solid erfaring på fire hjul. Under koronautbrotet i 2020 var store delar av Europas fly på bakken, og Kristoffer Brun var med på det norske laget som køyrde bubil til og frå EM i polske Poznań.
Oslo-Poznań er rett nok «berre» 1230 kilometer kvar veg.
– Det er jo eit stykke, men no skal vi med ferje òg. Eg trur det hjelper litt på. Vi har jo hatt bilturar før, så eg veit at det kan gå og er framleis optimist, seier Kristoffer Brun til NRK.