Hopp til innhold

Skarstein bombardert av fisk som gir elektrisk støyt: – Heilt absurd

TOKYO (NRK): Japan er kjend for sushi og vanskelege vêrforhold, men lite skulle Noregs største medaljehåp i Paralympics tru – at fisk stod på menyen på fleire ulike plan.

Birgit Skarstein møter NRK i Olympic Village i Tokyo.

SKEPTISK: Birgit Skarstein møter NRK i Olympic Village i Tokyo. Der kan ho blant anna dele den pussige opplevinga.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Det kom flygande. Eg har blitt torpedert, seier Birgit Skarstein innleiingsvis.

Ettersom utøvarane ikkje kan innlosjere seg på arenaen i Tokyo før fem dagar før start i dei paralympiske leikane, tok trenar Johan Flodin og Skarstein valet om å reise på treningsleir i japanske Itako i dagane før.

Det gav utfordringar – og mykje latterkrampe.

Dobbel betyding

Japan har blitt berykta i romiljøet for sine røffe vind- og vêrforhold, og det har fått tilnamnet «Tokyo-fisk», eller «The Tokyo crab», som det heiter på engelsk.

Det stammar frå utsegna «catch a crab», som betyr årer som treff ein bølgetopp eller at ein får skeivtak på båten. Blant anna var det nettopp dette som blei skjebnesvangert for Are Strandli og Kristoffer Brun i OL.

4zfWyMZwMpE

VELTA: Kristoffer Brun og Are Strandli etter at «Tokyo-fisken» slo dei ut av spel.

Foto: Lise Åserud

– Det er ein anna type fisk som er ganske kjend her i Tokyo. Det skjer berre av og til i internasjonale løp, men her har det skjedd heile tida. Det var heilt absurd å sjå kor mange fisk de fanga i OL – og kor mange årer som gjekk i aust og vest. Det er veldig spesielle forhold, og å få «Tokyo-fisk» er noko eg må vere førebudd på, seier Skarstein.

Det ho derimot ikkje var førebudd på, var at ho fysisk skulle få selskap av fisk i båten.

– Det har vore så mykje vind, og så mykje straum. Stort sett har vinden komme ein veg og straumen ein anna veg. I tillegg har det vore bølgjer som gjekk sidevegs og torpedo-fisk. Det har vore heilt absurd, seier ho.

Kan gi støyt

Torpedo-fisk er ein elektrisk fisk som kan gi støyt opp til fleire hundre volt, alt ettersom kva art det er. Det finst over 50 ulike artar.

Skarstein fortel at fisken likte å ligge i lag med båten då ho gjorde treninga si i byen som ligg ein halvannan time frå Tokyo.

– Eg sat der og prøvde å vere konsentrert, så kom det plutseleg ein fisk som trefte meg i brystet. Ein anna landa i fanget mitt, og låg der og sprella. Johan (journ.anm. Flodin, landslagstrenar) haldt på å knekke saman, seier Skarstein og fortset:

– Dei leika seg med båten og hoppa over den, men så bomma dei av og til. Dei er store også, veit du. Låg og sprella på føtene mine. Då var det litt vanskeleg å konsentrere seg, seier ho.

– Du veit at den kan gi deg støyt om den blir trakassert?

– Er det sant? Det er kanskje bra at eg ikkje visste det. Eg kan forstå at fisken viser seg rimeleg trakassert når den ligg oppi båten. Heldigvis var det ingen piraja. Den begynte ikkje å ete på meg, seier ho og ler.

Birgit Skarstein møter NRK i Olympic Village

PÅ PLASS: Verdseinar Birgit Skarstein i Tokyo måndag.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Dårleg start

Sjølv om Skarstein fortel at treningsleiren i Itako var eit «eventyr», med både fisk og sterk vind, vart det ein litt rusken start på opphaldet.

Den nøye utvikla båten fekk nemleg skadar i transporten frå Noreg, og det skapte bekymring.

– Den fekk seg ein kakk. Det var ei skrue og eit mellomstykke som rauk, men heldigvis var vi på ein roklubb og var så heldige at vi fekk lov til å kjøpe ein del av dei.

Ho er takknemleg for at dei tok valet om å reise til Japan ei stund før konkurransane byrjar.

– Hadde vi stått her fem dagar før, kunne vi fort ha mista veldig mykje viktig trening. Det handlar om at vi må vere førebudd på alle moglege scenario og prøve å leggje ein plan for det. Det opplev eg at vi er i denne situasjonen, avsluttar ho.

Birgit Skarstein skal konkurrere i 2000 meter singlesculler. Forsøksheatet startar fredag, men alt tysdag tennast elden i Paralympics. Det kan du sjå her.

Siste nytt

  • Hauger klatret 12 plasser: – Litt flaks

    Dennis Hauger hadde en vanskelig start i Monaco, men bykset opp fra 17.- til 5.-plass i søndagens Formel 2-løp. Det gjorde at Hauger var blant de åtte førerne som plukket VM-poeng.

    – Det er ikke en skuffelse fra hvor jeg startet, så jeg er fornøyd. Jeg hadde selvfølgelig litt flaks, men det var deilig å ha det på min side i dag. En liten opptur, sier Dennis Hauger til Viaplay.

    20-åringen var påskrudd fra start og startet klatringen umiddelbart. Han var på nummer seks i feltet da det ble full stans i hovedløpet etter 24 runder. Rødflagget kom som følge av at Jack Doohans krasjet og påfølgende bilbrann et par runder tidligere.

    Et forsinket tidsskjema fikk arrangøren til å kutte ned på antall runder. Det var heller ingen ulempe for Hauger

    – Her må du ha maks uttelling for at det skal funke, og det har han hatt for en gangs skyld. Det er vel første gang i år at slike ting har vært på vår side, sa Tom Erik Hauger om sønnens kjøring i en pauseprat med Viaplay, ifølge NTB.

    Dennis Hauger
    Foto: NTB
  • Skotheim mot rekord

    Sander Skotheim imponerer i mangekampstevnet Hypomeeting Götzis. 20-åringen, som tok EM-sølv innendørs i Istanbul, startet dag to med å sette personlig rekord på 110 meter hekk. Det gjør at han øker forspranget til sin egen personlige rekord på 8298 poeng. I diskos ble det 43.01 meter og Skotheim er nummer tre sammenlagt, med tre øvelser igjen.

    European Athletics Indoor Championships
    Foto: MURAD SEZER / Reuters
  • Crouser satte verdensrekord

    Kulestøter Ryan Crouser viser tidlig form, og i natt slo han sin egen verdensrekord under et stevne i Los Angeles. 30-åringen, som tok gullet i forrige OL og VM, slo til med 23.56, 19 centimeter lenger enn den forrige verdensrekorden. Etterpå fortalte han til media at han ikke følte det var et perfekt støt.

    – Jeg tror 23.70 er veldig mulig, og jeg tror 24 meter er mulig for et menneske, sier Crouser til Citius Mag.

    Ryan Crouser
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste