Slik var Paralympics

Så er Paralympics i Tokyo over. 11 dagar med prestasjonar så imponerande at dei minst er på høgde med det som blei vist i OL i den same byen for ein månad sidan.

Daomin Liu

IMPONERANDE: Vi lar Daomin Liu illustrere dei mange utrulege prestasjonane under Paralympics i Japan

Foto: Emilio Morenatti / AP

Her er eit knippe bilete som viser litt av idretten og gleda som blei vist i den japanske hovudstaden av folk som har hatt lengre og tyngre veg til suksess enn dei fleste andre:

Sabelfekting

FEKTING: Strekkjer seg i treff i rullestoland

Foto: Kiichiro Sato / AP
Figting face i kulestør

KULESTØYT: Erick Ortiz Monroy med fighting face

Foto: Eugene Hoshiko / AP
Rullestolrugby-finale

RULLESTOLRUGBY: Blokkering i finalen mellom USA og Storbritannia

Foto: Shuji Kajiyama / AP
Basketball

BASKETBALL: Ikkje lett å gjere seg høg når ein sit i rullestol. Men desse spelarane greier det

Foto: Shuji Kajiyama / AP
Phoebe Paterson Pine blir gratulert med gull

GRATULERER: Ei jublande glad Phoebe Paterson Pine blir gratulert med gull i bogeskyting

Foto: Simon Bruty / AP
Daomin Liu
Foto: Emilio Morenatti / AP
Beatriz Hatz, lengdehopp

SVEV: Beatriz Hatz i luftig svev i lengdegropa

Foto: Kiichiro Sato / AP
Bogeskyting

BOGESKYTING: Kerrie-Louise Leonard frå Irland fyrer av

Foto: Simon Bruty / AP
Gratulasjonar

KONKURRENTAR OG KOMPISAR: Hagan Landry, USA, og Niko Kappel, Storbritannia gratulerer kvarandre med medaljane

Foto: Joel Marklund For Ois / AP
Verdsrekord i blinde

VERDSREKORD I BLINDE: Blinde Monica Olivia Rodriguez Saavedra frå Mexico og hennar guide Kevin Teodoro Aguilar Perez frå Mexico jublar for verdsrekord på 1500 meter på utrulege 4.37,40

Foto: Joel Marklund / AFP
Vinicius Goncalves Rodrigues, 100 meter

SPENST: Vincinius Goncalves Rodrigues i luftig fart på hundremeteren

Foto: Bob Martin / AP
Yousra Ben Jemaa, Tunisia

SPYDKAST: Ho må vere godt festa til rullestolen for å kaste spydet, Yousra Ben Jemaa

Foto: Thomas Lovelock / AP
Charles Aoki, uheldig

RULLESTOLRUGBY: Charles Aoki har vore uheldig

Foto: Shuji Kajiyama / AP
400 meter med følgje

FRIIDRETT: Ananias Shikongo er blind, men spring likevel så raskt at det tar på å vere følgje på 400 meter

Foto: Bob Martin / AFP
Salum Kashafalis reaksjon etter gull og verdsrekord

GULLJUBEL: Salum Kashafali var den norske favoritten som innfridde

Foto: Torstein Bøe / NTB
Cristopher Tronco, Mexico

SYMJING: Frisymjing får eit anna innhald når ein berre kan bruke beina

Foto: Charly Triballeau / AFP
Goalball

GOALBALL: Utan å sjå verken ballen eller målet

Foto: Joe Toth / AP
Boccia

BOCCIA: Kan ein ikkje spele med handa, brukar ein beinet

Foto: Behrouz Mehri / AFP
Jiang Yuyan, svømming

SYMJING: Jiang Yuyan stuper inn i finalen på 50 meter butterfly

Foto: Charly Triballeau / AFP
Basketball-fall

TØFFE TAK: Det går hardt for seg også i basketball

Foto: Kiichiro Sato / AP
Arnulfo Castorena, Mexico

SYMJING: Arnulfo Castorena frå Mexico har ein arm og eitt bein. Og kastar seg i bassenget på 50 m bryst

Foto: Behrouz Mehri / AFP
Marcel Hug på 1500 m

INTENST: Marcel Hug leier innspurten på 1500 meter på friidrettsbana

Foto: Philip Fong / AFP
Starten går

STARTEN GÅR: Polske Alicja Jeromin gjer seg klar til 100 meter

Foto: Philip Fong / AFP
5-a-side-fotball Japan-Kina

FOTBALL: Kampen er hard også mellom dei som spela fotball utan å sjå

Foto: Thomas Lovelock For Ois / AP
Mats Stutzman, USA, bueskyting

BOGESKYTING: Mats Sutzman spenner bogen med beina

Foto: Yasuyoshi Chiba / AFP
Bordtennis

BORDTENNIS: Ibrahim Elhusseiny Hamadtou må bruke munnen for å spele bordtennis

Foto: Kazuhiro Nogi / AFP
Marlene van Gansewinkel, 200 m

FRIIDRETT: Marlene van Gansewinkel kan juble etter sigeren på 200 meter

Foto: Thomas Lovelock / AFP
Paralympics, svømming

SYMJING: Yuliya Gordiychuk på veg tilbake for å hente sitt kunstige bein etter konkurransen i bassenget

Foto: Behrouz Mehri / AFP
David Smith, boccia, paralympics

BOCCIA: David Smith i djup konsentrasjon

Foto: Joe Toth / AP
Jubel i regnet

GULL: Nederlandske Jetze Plat kryssar mållinja og tek gull i landevegssykling

Foto: Thomas Lovelock / AFP
Alfie Hewett

SERVE: Alfie Hewitt legg kraft bak serven

Foto: Joel Marklund / AP
Vitalii Gritsenko, Paralympics

WINNING IN THE RAIN: Vitali Gritsenko går først over mål i eit vått forsøksheat på 800 meter

Foto: Joel Marklund / AP
Diede de Groot

TENNIS: Nederlandske Diede de Groot handterer tennisracketen frå rullestolen

Foto: Shuji Kajiyama / AP

Siste nytt

  • KFUM vann kvalik-drama

    KFUM er klar for vidare eliteseriekvalifisering etter 3-3 og 5-4 på straffespark mot Fredrikstad i kampen som hadde alt.

    Snuoperasjon, ekstraomgangar, scoring langt på overtid, to raude kort, og straffespark - det blei drama i snøveret i Fredrikstad.

    FFK hadde sigeren i lomma, men på overtid av overtida av den siste ekstraomgangen sikra Bilal Njie KFUM 3-3 og straffesparkkonkurranse mot Fredrikstad.

    Olav Øby sette den aller første straffen i tverrliggaren. Deretter scora alle på sine straffer, med Johannes Humelvoll Nunez som matchvinnar.

    Før det hadde heimepublikummet fått sjå sitt lag hente inn 0-2 til 2-2 i ordinær tid.

    KFUM leia nemleg 2-0 ved pause etter ein omgang med klart overtak. Alagie Sanyang og Bilal Njie scora for gjestene.

    Så bytte FFK ut tre midtbanespelarar frå starten av andre omgang, og tok kommandoen.

    Henrik Kjelsrud Johansen reduserte etter 64 minutt og utlikna to minutt før ordinær tid var ute. På overtid smelte FFKs Nicolay Solberg ballen i tverrliggaren.

    Dermed gjekk kampen til ekstraomgangar, og det var den spanske innbytaren Maikel som på den etter kvart snødekte bana smelte inn det som såg ut som sigersmålet åtte minutt før slutt.

    Men tre minutt på overtid vippa Njie inn utlikninga.

    KFUMs Tore Andre Sørås fekk sitt andre gule kort like før slutt og måtte gå av bana. Langt på overtid av ekstraomgangane fekk også FFKs Ayoub Aleesami

    KFUM skal møte Jerv i Grimstad søndag. Vinnaren der skal møte det tredje siste laget i eliteserien i avgjerande kamp.

    Bilal Njie, KFUM
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Manchester United får PL-motstand

    Den tredje runden av FA-cupen er trukket, og her er noen utvalgte oppgjør:

    Swansea City – Southampton

    Chelsea – Chesterfield

    Liverpool – Shrewbury Town

    Leicester City – Watford

    Hull City – Everton

    Tottenham Hotspur – Morecambe

    Millwall – Crystal Palace

    Swindon Town – Manchester City

    Manchester United –Aston Villa

    Wolverhampton – Sheffield United

    Newcastle – Cambridge United

    West Ham – Leeds United

    Chartlon Athletic – Norwich

    Nottingham Forest – Arsenal

    Maguire
    Foto: Rui Vieira / AP
  • Tre positive tester i håndball-VM

    Kroatia må stille uten Ćamila Mičijević, Ivana Dežić og Dora Krsnik i kveldens kamp mot Japan i håndball-VM, da trioen har testet positivt for korona. Resten av troppen har mottatt negative prøvesvar, og kampen går som normalt. Du kan høre den på radiokanalen NRK Sport.

    Dora Krsnik
    Foto: Bo Amstrup / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal